Vil selja unike produkt

Det går mot jul og på Jørpeland inviterer Øyvind Stuvik inn til ein god og stemningsfull førjulshandel i den nyopna butikken Ryfylke Landhandel.

Frå
Mitt Ryfylke 2018 3
Mitt Ryfylke 2018 3

I landhandelbutikken kan du finna unike kvalitetsprodukt frå inn- og utland. Her kan du finna alt frå handlaga knivar, såper, mjuke skinntøfler, saueskinn til treproduk for liten og stor. Ønskjer du å la deg freista av nokre matspesialitetar byr butikken på spekepølser, saft frå Grønvik gard og Forsand, heimelaga lefser, smakfull honning og søte karameller. Er du klar for å testa ut variantar av pinnekjøt før julemiddagen, kan Stuvik lokka med fleire sortar frå lokale aktørar. Her vil du finna noko for ein kvar smak og gane.

Øyvind Stuvik likar å tenka i nye banar. I tillegg til å driva Fjordexpedition kajakkutleige opna han dørene i butikken Ryfylke Landhandel på Jørpeland i oktober der han sel mat-, interiør- og husflidsprodukt og klede. Sidan det roa seg i kajakk-bedrifta i september-oktober, har han jobba døgeret rundt for å få Ryfylke Landhandel opp å gå til opninga i oktober. Per i dag har han ikkje nokon tilsette, men får god hjelp av kona og dei to døtrene på seks og ti år, som gladeleg er med og prisar på varer.

­ Målet er å få opp ei næring som dannar grunnlag for levebrød under dei rolege periodane Fjordexpedition har frå oktober til april og å kunne selja noko lokalfolk vil ha nytte av til jul, vinter og påske, fortel Stuvik.

Hjå Ryfylke Landhandel på Jørpeland får du tak i unike produkt frå inn- og utland.

Stuvik fortel at tanken om å kunne etablera ein butikk med lokalproduserte og unike produkt har modna over tid. Ein av grunnane til at tanken har meldt seg er at han dei to siste åra har samla inn svar via spørjeskjema til besøkande av Fjordexpedition.

— Eit av spørsmåla har vore kva turistane saknar i Noreg, fortel han. Eit gjentakande svar frå utanlandske turistar er eit ønske om lokale matvarer og produkt når dei er på besøk på Jørpeland. I følge Stuvik er det mange som stiller seg undrande til at butikkane og utvalet er nett likt om dei er i Oslo, Nord-Noreg eller i Ryfylke.

Dette ønskjer Stuvik å gjera noko med. Hjå Ryfylke Landhandel skal du som kunde finna produkt som du ikkje finn så lett andre stader. I tillegg er han i dialog med fleire produsentar om tilpassingar som kan gjera det meir attraktivt og lett for turistar å plukke med seg lokale produkt, særleg når det gjeld matprodukt, som dei kan nyta godt av medan dei er i Ryfylke. Eit verkemiddel er å tilpassa produkta til mindre format, fortel Stuvik.

— Me er til dømes i gong med honningproduksjon og ramsløk på Jørpeland, som blir pakka i mindre glas enn vanleg, slik at dei er lette å pakka med seg på tur.

Responsen hjå publikum og leverandørar har vore overveldande sidan oppstarten i oktober, fortel han, med besøk av både lokale, hyttefolk og folk som tek seg dagstur for å gjera ein god handel.

—  Det utvalet me kan ta inn i vår butikk, finn ein ikkje i daglegvarehandelen, og for mange besøkande er det meir stas å kjøpa lokale produkt i nisjebutikken
[Øyvind Stuvik]

RYFYLKE LANDHANDEL

Øyvind Stuvik opna Ryfylke Landhandel i oktober i år, og tilbyr sal av lokalmat, nisjeprodukt, interiørartiklar og spesial-produkt. Butikken har som mål å ta vare på historia og identiteten til Ryfylke.

— Det er ikkje alltid dei produkta ein tenker skal selja godt, som gjer det, fortel Stuvik. Til dømes har salet av Rabarbrasaft frå Forsand tatt heilt av, medan salet av produkt frå til dømes Hadeland Glassverk ikkje har vist seg å vera like populære. I tillegg har salet av spekepølser frå Svindland i Flekkefjord og Åkrafjorden blitt ein slager.

— Det er dei lokale tinga som sel mest, fortel han. Det utvalet me kan ta inn i vår butikk, finn ein ikkje i daglegvarehandelen, og for mange besøkande er det meir stas å kjøpa lokale produkt i nisjebutikken i staden for i daglevarebutikken.

Stuvik ønskjer å formidla gode produkt frå Ryfylke, men hentar og produkt inn frå produsentar elles i landet og frå utlandet, når produkta er av høg kvalitet. For å finna gode varer har han reist rundt for å besøka ulike produsentar, men blir og direkte kontakta. Kravet han stiller er at det skal vera kvalitet, og av seriøse aktørar med gode arbeidsforhold.

— Hjå oss skal du ikkje finna masseproduserte varer frå Kina, understrekar Stuvik.

I staden for troll, sel han sau laga av ekte ull og Pilt-Ola turkoppar laga av gamaldags emalje. Han har og fått i produksjon ein lokal variant av Dialekttemp-målaren, med lokale uttrykk frå Strand kommune, som til dømes "Råkaldt" og "Ingen sengavarme". Stuvik fortel at han har henta inn ord og uttrykk hjå bebuarar på Forsand aldersheim og folk langs fjorden.

Han har og tatt inn økologiske handlaga såper frå Danmark og han fortel at han stadig er på jakt etter å koma i kontakt med både lokale og regionale aktørar, som kan vera aktuelle å ta inn produkt av. ■

Tilbake til toppen