Sølvskei i munnen

Folke Helle laga si første sølje som 14-åring. Handverket har gått i arv i fleire generasjonar.

Det sit i hendene til Folke Helle. Han veit kva som må til for å lage dei vakraste søljer eller bunadsknappar. Inne på verkstaden hjå Sølvsmeden på Finnøy er det djup konsentrasjon. Det blir laga roser av sølvtråd, og mange bitte små detaljar tar form som nye bunadsøljer. Ingen bunader er like, og like ulikt er sølvet. Her blir det laga sølv til over 300 bunadar i året. Sølvsmeden på Finnøy er ein komplett sølv – og gullsmedverkstad, som tar på seg det meste av reparasjonar.

— Skal ein bli ein god sølvsmed må ein ha kunnskap om dei ulike tradisjonane, og ikkje minst bør ein vere tolmodig, slår Anita Mjølsnes Helle fast. Ho er dotter til Folke og kona Bjørg Helen Helle.

Anita veit at ein må vere stø på handa, og blikket må vere festa på arbeidet skal ein få detaljane på plass. Sjølv om låtten sit laust og det er lov å slå med dørene også her, så må ein passe seg litt for at verdifullt arbeid ikkje skal hamne i boksen for skrot.

— Ein kan i alle fall ikkje ta seg sjølv høgtideleg skal ein jobbe her, slår Folke fast. Han har tatt på seg skinnforkledet og hovudlupe og er klar for gravering. Nett var han og tre av damene i Danmark for å lære meir om handgravering. Ein kan ikkje stoppe opp, stadig er det noko nytt å lære. Studieturar gir og små pustehol i ein hektisk kvardag.

Blir dei leie, eller kjenner nakkemusklane krympar seg litt ekstra tar dei seg eit anna arbeid. Byter på utfordringane, nokon må stå i butikken, andre må lodde eller ta seg av kundar på epost og telefon. Familiebedrifta har som mål å vekse som ein trygg arbeidsplass der ein kan få utvikle sine eigne kunstnarlege evner.

— Bjørg Helen er limet i bedrifta, ho held system i alt, meiner Folke medan han kikkar ut over arbeidsplassen og butikken. Som mange andre bedrifter i distrikta må også sølvsmeden yte litt ekstra service med å sende bunadssølv eller dåpsgåver til den som bestiller. Alle får ikkje høve til å kome innom butikken på Sølvflaten på garden Nedre Mjølsnes på Finnøy.

Her arbeider Folke, kona Bjørg Helen, dotter Anita og søster Anne Britt. Den einaste i flokken som ikkje er ein del av familien er lærling Nora Surnevik Kristiansen (20) frå Rennesøy. Ho oppdaga den ledige jobben på Finnøy tilfeldig då ho kom over ein reportasje om sølvsmeden i Stavanger Aftenblad. Dette måtte vere midt i blinken for henne, og snart var ho på besøk for å finne ut om jobben var noko for henne.

— Dette er noko få arbeider med. Eg er oppteken av tradisjon og handverk, eg likar dette, seier ungjenta.

‍‍Bjørg Helen er limet i bedrifta, ho held system i alt, meiner Folke. Bak sit lærling Nora Surnevik Kristiansen (20) frå Rennesøy.

For Folke og resten av gjengen var det kjærkome med fleire hender. Og ikkje minst særs kjekt å kunne få lære opp fleire i handverket.

— Det blir viktigare desto eldre eg blir, å få bringe faget vidare, seier Folke

I dag finst det berre eit par hundre sølvsmedar i landet og berre fem – seks lærlingar i faget. Filigranssølvsmed er eit av dei verneverdige handtverka. Folke og søstera Anne Britt lærte sjølv faget av far Hallvard Helle og veit kor viktig det er å ha ein god læremeister når ein skal få handverket i fingrane. Å laga handlaga bunadssølv og smykke krev både kunnskap og erfaring.

— Dette faget har me vakse opp med, det er ein enorm kulturskatt det er viktig å ta vare på, meiner både Folke og søstera Anne Britt.

Han tok over sølvsmedbedrifta etter faren i 1981. Folke tok svennebrev som privatist, etter kvart vart det også meisterbrev. Kona møtte han på folkehøgskole på Kvås og dermed vart flyttevegen frå Kristiansand til Finnøy enkel. At søstera skulle ta same flyttereisa, også ho på grunn av kjærleiken, var litt av eit samantreff.  Folke og kona dreiv også med melkeproduksjon på garden fram til 1999, i dag leiger dei ut garden til søstera og mannen Sverre Emil Mjølsnes. Tradisjonen og handverket har familien med seg frå Helle i Setesdalen, der faren kom ifrå. Allereie som 14-åring laga Folke si første sølje som han hadde lodda sjølv, «dette ser eg du har gjort før», sa gullsmeden frå Kristiansand som var innom og fekk lov til å sjå. Det gav ungguten motivasjon.

‍I dag finst det berre eit par hundre sølvsmedar i landet og berre fem – seks lærlingar i faget.

— Gleda av å skape noko fint, og noko som folk har lyst på, ligg alltid der i botnen, meiner Folke.

— Her kjem dei ikkje berre for å kjøpe eit sett med bunadssølv, her får dei og omvising i verkstaden og får sett korleis alt blir laga.

Mykje har endra seg sidan Sølvsmeden på Finnøy hadde verkstad i kjellaren med ei lita utstilling i eit hjørne. I 1996 bygde dei verkstad, og i 2004 kunne dei opne ein flunkande ny butikk. I dag er meir enn 30 prosent av salet i butikken basert på bussturar med turistar som kjem innom.

Folke er forsiktig med å spå framtida. Likevel ynskjer han at dei i dei neste åra skal klare å trygge arbeidsplassane som er i dag, og kanskje auke på med ein eller to personar til. Noko av målet med å utvida er at ein blir mindre sårbar enn ein er som ei rein familiebedrift.

Sølvsmedane sit skulder mot skulder på Finnøy, fire dagar tar det før ei sølje med seks – sju hundre ulike småbitar er klar for å bli henta av kunden. Det handlar om å skape. Det handlar om kunsthandverk.

Å arbeide som sølvsmed krev mykje tolmod. Det handlar om detaljar, mange detaljar.