Frå tomater og høns til betong

Det som var tenkt å vera ei attåtnæring til eit gardsbruk på Finnøy, er i dag blitt til ein konkurransedyktig aktør innan ferdigbetong og betongelement i Rogaland.

Frå
Mitt Ryfylke 2015 2
Mitt Ryfylke 2015 2

Finnøy Betong held landleg til midt utpå jordet omringa av drivhus, både i drift og nedlagde bruk. Garden som ein gong romma høns- og tomatproduksjon, rommar i dag kontorbygg, blandeverk og produksjonshall for betongelement.

På ein god dag rullar ti betongbilar med ferdigbetong og tre semilass med betongelement, frå det tidlegare gardstunet med leveransar i regionen.

Me møter dagleg leiar Lars Jøran Flesjå (38) i det ombygde hønsehuset.

— Me er der me vil vera, understrekar dagleg leiar Lars Jøran Flesjå. Det einaste me ønskjer i dag er ei ytterlegare utviding av produksjon av betongelement.

Produksjonshallen som dei bygde i 2004 vart raskt for liten, og for to år sidan investerte bedrifta i ei tre millionars oppgradering og vurderer ytterlegare utviding. Dette dersom dei får aksept for planane i reguleringsplanane i kommunen og hjå grunneigarane.

— Me er i dialog med både kommunar og grunneigarar om eit utviding av eksisterande produksjonshall, fortel Flesjå.

Betongarbeid er solid handtverk understrekar Lars Jøran Flesland. Godt med singel gjev sterk betong.

Lars Jøran Flesjå er i midten i syskenflokken på tre og gjekk inn som medeigar i 2000. Ti år seinare tok han over leiarstolen, då faren pensjonerte seg i tillegg til å ha ansvaret for produksjon- og betongelement. Familiebedrifta driv han i dag saman med sysken som òg er medeigarar. Thomas Flesjå, som er ansvarleg for produksjon av ferdigbetong og syster og kontoransvarleg Kathrine Flesjå.

I år feirar Finnøy Betong 20 år og kan sjå tilbake på eit topp-år i 2014, med ei omsetning som er på det høgaste, dersom ein ser vekk frå toppomsetnings-åra under utbygginga av Finnfast-sambandet. Då leverte bedrifta ferdigbetong døgnet rundt i fire år, som viste godt att på botnlinja.

— Me gjekk frå ei omsetnad på 25 til 60 millionar over natta, som òg gav grunnlag for fem ekstra personar i staben.

Finnfast-sambandet gav ikkje berre Finnøy-bedrifta godt økonomisk grunnlag, men har òg opna opp for ein ny marknad i heile regionen.

— For oss har tunnelen betydd veldig mykje, understrekar Flesjå. Det kravde enorm planlegging, då me var avhengig av ferja for utfart. I dag konkurrerer me på lik linje og står fritt til å levera i heile regionen utan å vera avhengig av ferje. I dag vert rundt 60-80 prosent av omsetninga er for sal ut av kommunen. Det meste blir frakta med bil, som årleg utgjer godt og vel ein halv million i bompenger årleg.

Lars Jøran Flesjå leverer fasadar i ferdigbetong til kontor- og næringsbygg, men og til bolighus. Ein av dei meir eksklusive variantane er fasadane er med svart larvikitt singel importert frå Larvik.

Det heile som starta som ein litt sprø idé, som følgje av eit ynskje og behov om ekstrajobb for gardbrukar og gründer Jan Kristian Flesjå (65), er i dag blitt ei veletablert bedrift. Ein kan i dag skilta med 25 tilsette, der dei fleste er av utanlandsk opphav. Finnøy Betong tek seg av heile prosessane og planlegg, prosjekterer og leverer ferdigbetong og betongelement i heile Rogaland.

— Far min hadde eit behov for ei tilleggsinntekt på garden, der han dreiv med tomatproduksjon og høns. Han såg eit potensiale i produksjon og leveranse av ferdigbetong til landbruket lokalt.

Dei kjenner seg ikkje malplasserte i landbrukskommunen Finnøy og Flesjå understrekar at samarbeidet med lokale bønder har spelt og framleis spelar ei viktig rolle for utviklinga av firmaet. Det var nemleg betongproduksjon for lokale bønder som var grunnlaget for oppstarten for tjue år sidan. Etterkvart som det drog seg på med meir arbeid kom òg behovet for fulltidstilsette. I starten var dei tilsette bønder, som hadde skiftordning og ei i tilleggsinntekt mellom fjøsstella, fortel han. Dei var med å la grunnlaget for etableringa av betongbedrifta.

Flesjå understrekar at landbruket på Finnøy og omegn framleis er ei viktig målgruppe for betongfirmaet, samstundes som Finnfast-sambandet opna for å konkurrera både i Sør i Rogaland og på Haugalandet både med ferdigbetong og betongelement. Og dei ligg gunstig til geografisk, strategisk plassert midt mellom Stavanger og Haugesund.

I dag har bedrifta opparbeida seg god kapasitet og kan med enkle grep auka produksjonen av ferdigbetong dersom det trengs. Ei auke i produksjon av betongelement avheng av kapasiteten i dagens produksjonshall.

Finnøy Betong merka og finanskrisa tilbake i 2007, og den gong starta dei med produksjon av betongflytebygger for å få eit ekstra bein å stå på.

Men marknaden kravde så store brygger som vidare kravde så investeringar i nye produksjonslokale og løftesystem, at me valde å selja produksjonsretten i ti år til Etne Betong, fortel han. Finnøy Betong samarbeider framleis med Etne Betong når det gjeld betongelement.

I dag er det kutt i investeringar i oljenæringa, som aukar konkurransen i regionen.

— Me merkar at konkurransen har auka. Og den konkurransen vil nok halda fram så lenge oljenæringa ikkje er like investeringsviljug som tidlegare. Flesjå meiner kvalitet og pris framleis er viktige faktorar i konkurransen om vinna fram i anbuda, og at dei her stiller sterkt.

Dagleg blir det produsert rundt 100 kvadratmeter med ferdigelement i hallen hjå Finnøy Betong.

Det er mange ting som har spela inn slik at dei er komne der dei er i dag.

— Eg trudde lenge at eg skulle heimatt og driva gard. Eg jobba som ungdom ei tid i Block Berge, der eg fekk kjennskap til betongelement. Far min har nok alltid hatt ein gründer i seg, og har bygd båtar og drive med litt av kvart. Han oppmuntra meg til å skaffa meg ytterlegare kunnskap om betongelement-bransjen, som gav oss det grunnlaget me trong for utviklinga. Frå berre å vera ein leverandør av ferdigbetong til å bli ein seriøs aktør i marknaden for betongelement.

— Det spørs om me hadde tort å hive oss på dette om me hadde visst kor me står i dag, smiler han lurt. Bedrifta er bygd opp stein på stein. ■

Tilbake til toppen