Å våga leva eit liv utan rus

—Målet vårt på sikt er å få etablert familievern i stade for barnevern, understrekar Trond Skarpsno. Det skal vera trygt for folk, som dett utanfor, seier grûnder og eigar av Fjordhagen i Strand.

Frå
Mitt Ryfylke 2015 1
Mitt Ryfylke 2015 1

Det er middagstid og heimelaga lapskaus står på menyen. Drøsen går lett rundt bordet og maten smakar fortreffeleg. I Fjordhagen på i Strand er kjøkentenesta og andre huslege oppgåver del av det medisinfrie rusbehandlingsopplegget basert på 12-trinnsmodellen, der samtalen er i fokus.

Jim Knudsen (37) pussar ikkje berre på fasaden. Han er midt inne i eit behandlingsopplegg ved Fjordhagen som krev mykje sjølvdisiplin. Dette er fjerde avrusingsforsøket, og hans fyrste hjå Fjordhagen i Strand.

— Me vil ikkje ha folk her som sovnar i middagen, understrekar gründer og eigar av Fjordhagen Trond Skarpsno. Me har tru på at alle kan forbli edru. Skarpsno veit kva han snakkar om. Han har sjølv vore rusavhengig. I mange år har han tilbydd dei som treng det alternative behandlingsformer via forsterka barnevern og inn-på-tunet prosjekt, før dei for fem år sidan etablerte tilbodet om rusbehandling.

Skarpsno sin erfaring er at rus og kriminalitet har vore hovudproblemet til dei som har vore innom dei ulike tilboda han har hatt opp gjennom åra.

Med på laget har han i dag sonen Joakim (34) og barndomsvenen hans Kenth André Jensen (34), begge med erfaring frå livets harde skule og ein rusavhengig kvardag. Alle har jobba seg ut av dette og veit kva som må til for å ikkje falla tilbake.

Fjordhagen

Fjordhagen er ein privat rusbehandlings-heim i Strand som har tilbydd medisinfri rusbehandling dei siste fem åra etter ein 12-trinnsmodellen.  

Fjordhagen har i fleire år jobba tett med andre etatar som private, firma, kriminalomsorg/fengsel, sosialkontor og NAV. Dei har og hatt nokre oppdrag for spesialhelsetenesta. Utfordringa for Fjordhagen er å få dekka kostnadane for alle som treng tilbod, og som dei har kapasitet til å ta i mot. Fjordhagen tilbyr behandling for alle elevar som er rusavhengige, har utfordringar innan kriminalitet, vald og psykiatri.

2011: Av 17 elevar blei 14 rusfri
2012: av 13 elevar blei 10 rusfri
2013: av 26 elevar blei 20 rusfri.

9 stk har hatt tilbakefall. 78% har blitt rusfri etter opphald hjå Fjordhagen i perioden 2011-2013.

Av dei rusfrie er i dag:
11 stk i vidare behandling-ettervernssystem
7 under utdanning
14 stk i arbeid
66% er tilbake som ressursar i samfunnet.

Fjordhagen har tilbydd 12 elevar gratis behandling som har falt mellom alle stolar i hjelpeapparatet.

Medavhengig og frivillig June Veland Koll-Frafjord er òg ein del av apparatet på huset. Ho har vakse opp på Vervik saman med familien Skarspsno. Etter at ho mista broren har det blitt viktig å jobba innan dette feltet og ho studerer sosiologi og ser for seg ei framtid der ho kjem til å jobba innan rusomsorg.  I Fjordhagen jobbar ho frivillig.

For trebarnsfar Jim Knudsen (37) er dette siste sjanse. Han har prøvd det meste for å koma seg ut av rushelvetet. Etter tre rundar i statlege rehabiliteringssystem er han nå inne i sin fjerde runde, denne gong hjå Fjordhagen.

Etter tre månadar i den private rehabilitering- og habiliteringsinstitusjonen har han aldri kjent seg betre. Med tre barn som motivasjon er han optimistisk på framtida.

— Det er fyrste gong kona mi og mor mi har tru på meg. Jim har hatt både barn, kona og mor på besøk på Fjordhagen, og dei har alle blitt tatt godt i mot.

— Det er samtalane som utgjer forskjellen, fortel Jim. Nokon som lyttar til det han har på hjarta og å dela erfaringar, nedturar, kjensler og dei vonde tankane, som ofte ligg under behovet for å rusa seg. Me deler opplevingar, kjensler og kjenner på kjensler, fortel Jim. Målet er å våga å leva eit liv utan rus.

— Dei fleste som held fram med å rusa seg gjer dette for å døyva kjenslene og dei vonde tankane sine, held han fram. Her får me sett ord på desse og me må prata ærleg om kva tankar som rir oss.

Frisør Lisa Pollard var på visitt med to kollegaer for å gje elevane ved Fjordhagen gratis klipp. Maren Serigstad set pris på litt forandring med farge og klypp.

Medan Jim via offentleg rehabiliteringstiltak har vore van med ein samtale i veka, får han hjå Fjordhagen samtalegrupper tre gonger dagleg.

— All behandling i Fjordhagen er basert på samtalar, fortel Joakim Skarpsno. Den ærlege samtalen. Ekte, nær og avdekkande, der ein plukkar av alle roller, masker, forventningar og hemningar som ligg i vegen i kvardagen, for å kunne setje ord på det som verkeleg ligg ein på hjarta. Det skal alltid vera rom for ein samtale og ingen tema er upassande, understrekar Joakim.

Daniel Putnam får ein god klypp rundt øyrene av Mona Østerhus. Paal Sandberg Landfeld og Tommy Andre Kjernsvik og dei andre elevane ved Fjordhagen set pris på at Lisa og kollegaene hennar tek turen for å fiffa dei opp.

— Når nokon seier dei har eit rus-sug, spør me kvifor dei har det, forklarar Kenth. I staden for å kopla inn politi og krisepsykiatri ved fyrste teikn til tilbakefall prøver me i staden å finna årsaka til suget. Deretter må me finna ut kva ein kan gjera for å ikkje ty til rus.

— Det er mange rusavhengige som ikkje blir fanga opp, som kjem inn i eit system der dei går i sirkel frå instans til instans, understrekar Trond Skarsno. Me gjer det me trur fungerer. Av og til er det offentlege med og av og til ikkje. Det er idealismen som driv eigarane av Fjordhagen, ikkje økonomi.

Ole (36) frå Karmøy er fersk i gruppa som tel tretten stykk og har ein snittalder på 30. Elevane kjem i tillegg frå Stavanger, Egersund og Sandnes. Før jul kom Ole for fyrste gong til Fjordhagen nokre dagar før Mitt Ryfylke var innom. Då rett frå nok eit fengselsopphald.

— Her er eg trygg, fortel han. Augene flakkar litt, men han verkar trygg på gruppa i rommet. Overgangen frå fengsel til samfunnet blir mjukare nå.

Eg har vore inn og ut av fengsel fleire gonger, held han fram. Vinnings- kriminalitet er det mest vanlege i dette miljøet. Pengane går med til å kunne rusa seg, og for å betala gjeld. Vald i ruspåverka tilstand er heller ikkje sjeldan kvardagskost.

Barndomsvenene Joakim Skarpsno (34) Kenth André Jensen (34), har begge erfaring frå livets harde skule og ein rusavhengig kvardag. Alle har jobba seg ut av dette og veit kva som må til for å ikkje falla tilbake. Med på laget har dei frivillig ved Fjordhagen June Veland Koll-Frafjord.

Joakim og Kenth fortel at dei har eit særs bra samarbeid med det lokale lensmannskontoret, som dei fortel har merka positive ringverknadar av rehabiliteringstilbodet i Strand. I 2011 fekk Fjordhagen òg signal frå politiet i Sandnes om at dersom dei klarte å få ein namngitt person rusfri, kunne etaten seia opp ei stilling.

For Jim er målet å få eigen jobb og bli den gode faren han eingong alltid har ynskt å vera.

— Eg vil bli ein ressurs for samfunnet att. Med bakgrunn som malar er draumen å få koma tilbake i arbeidslivet og få hjelpa andre som slit. Då vil eg føla at eg får gjort noko godt i livet, avsluttar han. ■

Tilbake til toppen