Tett på kvardagen

Natur. Familie. Trygg oppvekst. Småbarnsforeldra med oppvekst i Sauda veit godt kva bygda betyr for dei. Sjølv har dei tatt ulike vegval i livet

Frå
Mitt Ryfylke 2017 1
Mitt Ryfylke 2017 1

– Eg var aldri i tvil. Me visste me ville heim igjen. Spørsmålet var berre når det passa, fortel Helene Fjellheim Midtun (33). Ho og mannen Åge Fjellheim Midtun hadde eit aktivt liv i Bergen, men etter kvart kom saknet etter naturopplevingane rett utføre døra og besteforeldre rett rundt hjørna. Dei tok med seg barna Ingrid, som då var 2 1/5 år gamal og Vegard på eit halvt år og reiste heim til Saudasjøen der tomta allereie sto klar.

– Det var viktig for oss at me tok det valet før eldstemann byrja på skulen.

Tida går fort, til hausten er det minstemann Vegard som byrjar i 1. klasse. Helene har arbeidd som fysioterapeut i Suldal kommune i fem år, ein jobb ho trivst godt med trass i ein pendlarveg på ein liten time kvar veg.

– Den tida i bilen gjer meg ingenting, då kan eg tenkje på alt mogleg, og når eg får det til så tar eg hurtigbåten. I tillegg får eg sjansen til å sjå Sauda frå utsida, når eg kjem inn fjorden. Det er godt å gjere det av og til. Me har aldri angra på dette, seier Helene og blir med opp i klatrestativet på leikeplassen ved det nye bustadfeltet Andreasmoen i Sauda. Her møter ho veninnene Kristine Eeg (33) og Ingvild Lien Molland (34) og barna som har hive seg inn i den gode leiken.

‍Kristine Eeg og Helene Fjellheim Midtun har aldri angra på at dei flytta heimigjen saman med familiane sine.

Kristine og mannen Tore Eeg har bygd hus her i feltet, ho inviterer inn via eit godt organisert vaskerom. Her er det rom for å leve eit aktivt liv, i stova ligg togbanen klar til dyst og leikekjøkkenet er praktisk plassert vegg i vegg med der dei vaksne lagar sin mat. Med familie og kvardag kan ein ikkje leve i utstillingsvindauga. Veslesøster Hennie (10 mnd) er heime, medan storebror Sverre (3 år) er ute på vift denne dagen.

– Me likar oss godt ute i naturen, det er herleg å kunne gå rett ut døra og berre vere i eit flott tur–terreng. Dessutan har me plassert oss strategisk midt mellom besteforeldra, det er godt å ha dei tett på i kvardagen, meiner Kristine. Sjølv arbeider ho som tannlege, medan Tore er offshore.

– Eg budde på Jørpeland eit år då me var kjærastar, Tore budde allereie i Sauda. Etter ein periode der me vurderte både Sauda og Stavanger så landa me på det første, eg er glad for det. Akkurat som Helene og Åge så er me jo begge to frå Sauda. Det gjer alt litt enklare.

Sverre har fast trillejente i nabolaget. Det er og noko av det gode med å bu i Sauda, her kjenner alle kvarandre og forholda er små. Alt er litt tryggare og enklare her enn i byen. Plutseleg bankar ei svigerinne på døra med ei påskehelsing.

– Her er det trygt og godt, me kjenner alle barna i barnehagen og lærarane på skulen, på mange måtar liknar det på det samfunnet me levde i sjølv, meiner Kristine.

– Me ynskjer jo at barna våre skal få oppleve mykje av det same som me gjorde, seier Helene.

– I Sauda kan barna få springe fritt og leike rundt omkring, det gjer ingenting. No når me skulle samle oss i bilen og køyre opp her måtte eg først ut for å samle inn barna.

Helene Fjellheim Midtun (33)

Gift, to barn
Bur i Saudasøen

Det beste med Sauda: nærleiken til natur, venner og familie, og moglegheita til å påverke og endre lokalsamfunnet via personleg engasjement.

Kristine Egg (33)

Gift, to barn
Bur i Sauda

Det beste med Sauda: nærleiken til alt, og venner og familie som bur her.

Ingvild Lien Molland (34)

Gift, tre barn
Bur i Sogndal

Det beste med Sauda: Folka som bur her, venner og familie.

Ingvild er den einaste i venneflokken som ikkje bur i Sauda. Med mannen Jermund Molland frå Hafslo i Luster kommune i Sogn og Fjordane trekte Sauda det kortaste strået då dei skulle velje heimkommune for seg sjølv og dei tre barna Jøran (5 ½), Malene (3) og Even (10 mnd). Dei bur no i Sogndal.

– Det var ikkje eit enkelt val. Men Sauda og Sogndal liknar ein del, det er mykje av dei same verdiane og samfunnet er nokså likt, fortel Ingvild.

– Også der er det viktig for oss at barna får oppleve ein trygg oppvekst med natur og fjellturar rett i nærleiken. Sogndal var litt større og ein tilflyttarkommune. Me var heller ikkje hundre prosent sikre på at det var rette valet etter at me trass alt hadde trivst ganske bra i både Trondheim og Oslo dei siste 12 åra, så me ville ha eit «testår»  før me bestemte oss heilt. Me trengte ikkje eit heilt år på å bestemma oss, så me bestemte oss i vinter og eg sa opp jobben i Oslo i starten av mars.

– Men det er jo godt eg har venner og familie som bur i Sauda, slik at eg kan besøkje dei så ofte eg kan.

Ingvild er utdanna biolog og har tatt vidareutdanning i yrkeshygiene. No er ho på leit etter jobb, noko som passar bra sidan det framleis er permisjonstid heime med vesle Even. Både arbeidsmarknaden og bustadmarknaden er tøff i Sogndal, men dei har vore heldige og fått seg hus.

– Når du har små barn er det uansett enklare å kome inn i det sosiale på ein ny plass, meiner ho.

‍I Kristine sitt nye hus er det god plass, både til samtalar og leik. Veninnene Kristine, Ingvild og Helene er flinke til å samlast når alle er i bygda.

– Det blir ofte slik at ein engasjerer seg i det barna er opptekne av, meiner alle tre. Medan Helene har engasjert seg i Barnas Turlag i Sauda har Kristine ei fast gruppe på babysymjing, for å nemne noko.  

Jentene er ein del av ein større vennegjeng frå vidaregåande i Sauda på om lag 10 stykk som reiser på tur saman og held saman, av desse har mange no kome heim til industribygda, men slett ikkje alle.

– Me snakkar jo ein del om det, og eg trur nok det er enklare å flytte heim igjen når andre i same vennegjengen har gjort det frå før, meiner Helene.

– Og det er kjekt å sjå at barna våre knyter band og blir kjende dei og, sjølv om me ikkje bur på same plass.

‍For dei tre Saudadamene er naturen og aktivitet ute gode verdiar, som dei også gjerne gir vidare til barna.

Dei meiner saudasamfunnet også opplever endring. Dei er sikre på at flyktningmottaket som var i bygda fram til i vinter var eit godt tilskot til bybiletet. Dei ser også at byen har fått utvida serveringstilbodet sitt, og at det er viktig det finst gode møteplassar i sentrum.

– Veldig positivt at det er liv i alle sentrumsbutikkane igjen. Både kafear, klesbutikk og interiørbutikk har fyllt tomme lokaler på ny, slår Kristine fast. ■

Tilbake til toppen