Portrettet: På rett veg

Siri Fisketjøn Indrebø (44) er aller mest oppteken av å dra lasset saman med gode kollegaer.

Frå
Mitt Ryfylke 2019 2
Mitt Ryfylke 2019 2

Siri Fisketjøn Indrebø er midt i sommarferien. Dei siste dagane har ho og familien vore på hytta i Suldal, utan mobildekning.

– Det er ganske herleg, seier politileiaren. Sjølv om jobben hennar er krevjande klarer ho og logge av når det er ferie.

– Eg er nok rastlaus på mange måtar, men og tolmodig når det er tid for det. Eg brenn for jobben min og for det me kan skape saman som eit team. Det viktigaste for meg er at me klarer å få til ei god politiordning ute i distrikta, meiner Siri som no er politileiar for den geografiske driftseininga i Sauda, Suldal, Etne og Vindafjord, såkalla GDE-leiar. Ho møter oss i lokala politiet leiger på Sand, her er det ingenting som minner om at romma blir brukt til utarbeiding av politisk strategi, etterforsking eller avhøyr. Siri har kledd seg i uniformskjorte og serverer rause koppar med kaffi. Utan hatten på hovudet må fotograferinga gjennomførast inne, slik er reglane. Og reglar er til å fylgjast, meiner Siri.

– Det ligg djupt i meg, dette som politiet står for, om å fylgje loven, og gjere det som er rett.

Siri Fisketjøn Indrebø skulle eigentleg bli lærar. Som 15-åring reiste ho til Bryne for å gå på idrettslinja på vidaregåande, og for å spele fotball for elitelaget til Klepp. Etter lærarutdanninga jobba ho eit år som lærar i Hå kommune.

– Eg likte godt læraryrket, spesielt å kunne vere der for dei ungdommane som skal ut i livet, og som skal rustast. Men det var noko med rammene som var lagde, det vart kanskje for forutsigbart. Eg vart freista av spenninga i politiarbeidet, arbeidsdagen der ikkje alt var planlagt. Politiyrket hadde alltid interessert henne, rettferd og lik fordeling av gode var viktig for henne. Dermed pakka ho med seg pedagogikken og starta på politiutdanning i Oslo, før det bar vidare til jobb i Telemark. Seinare har det også blitt leiarutdanning, noko som blant anna gjorde henne aktuell for jobben ho har i dag.

Siri Fisketjøn Indrebø (44)

Sivil status: Gift, tre barn
Aktuell: GDE-leiar for Suldal, Sauda, Vindafjord og Etne
Drøymer om: Neste tur, og neste fjellområde eg ikkje har oppdaga endå.
Førebilete: Mor og far som gav meg alle moglegheiter, og let meg ta del i både arbeid og aktivitetar.
Les: Krim! Eg blir ikkje lei av krim sjølv om eg jobbar i politiet, men eg kan desto lese med eit kritisk blikk korleis dei har løyst oppgåvene, og også bli imponert når eg ser forfattaren har gjort eit skikkeleg forarbeid. Les også mykje aviser.
Høyrer på: Podkast, spesielt Utakt, den må eg ofte ha med meg. Elles er eg altetande i forhold til musikk, og blir gjerne påverka av det borna høyer på. Eg kan høyre på alt frå Maria Mena, Sigrid, Vamp, Ingebjørg Bratland og Bjørn Eidsvåg.

Siri smiler, let fingrane gli gjennom håret og sklir litt ned i stolen. Ho vedgår at ho likar å ha full kontroll, og gjerne bidreg til kakebaking, som fotballtrenar eller i det lokale idrettslaget.

– Eg har tru på bygda, og på beredskapen som ligg der, eg likar å bidra i lokalsamfunnet, slår Siri fast. Ho snakkar seg varm om kor viktig det er med bestemte og tydelege foreldre, foreldre som ikkje gir seg, men som står trygt  planta i eigne avgjersler.

– Det at «alle andre får» er jo som regel berre tull, borna har godt av å ikkje få lov til alt dei ynskjer. Det er ei tid for alt, og dei har godt av å vente på noko, ynskje seg noko, og vite at somme ting kjem når ein blir eldre. Eg heiar på aldersgrensene, det er ein grunn til at dei finst, meiner trebarnsmora.

–  Me pressar oss sjølv, og barna får ikkje sjans til å vere barn før dei plutseleg er blitt ungdommar. Kvifor hastar alt slik?  

Sjølv er ho engasjert mor til Bjørnar (16), Mari (14) og Lina (12). Ho veit at ho som mor må våge å vere den som set grensene. Nett no er ho foreldrepresentant på ungdomsskulen.

– Det er jo ein viktig del av samfunnsansvaret, å kunne delta og vere der for ungdommane. Det gir meg også mykje kompetanse, meiner Siri.

Somme dagar kan Siri sakne jobben som etterforskar, men ho likar godt å arbeide strategisk for å utvikle politiet, både som arbeidsplass og samfunnsapparat.

Politiet har vore gjennom mange endringar dei siste åra, mange meiner at nærpolitireforma har gjort avstanden mellom publikum og politi lengre enn før. Siri er ikkje samd.

– Tida var komen for endring, og reforma var naudsynt. Reforma gir oss likare polititeneste i forhold til geografi, noko som gjer at om vanskelege og større saker hender i bygda eller i byen så er det automatikk i at ein hentar inn dei ressursane ein treng. Me har fått innpass i ein større fagleg fellesskap og er betre rusta til å gjere ein god jobb, seier Siri som og peikar på at den digitale utviklinga ofte gir meir komplekse saker enn ein gjerne hadde før. Ho meiner mykje om sakene der mange etterlyser meir engasjement frå politiet, ho skulle gjerne sagt meir om korleis politiet prioriterer saker, om at ein må skilje mellom akutte og viktige saker, og saker ein kan ta tak i dersom ein har ressursar til det. Men ho veit også at det ikkje alltid ligg i hennar rolle å skrike høgast og rope mest. Ho skal i første rad sikre tryggleiken til dei som bur her og vere ein leiar for dei som jobbar i politidistriktet.

Somme gonger saknar Siri å vere etterforskar, tida der ein kan få lov til å grave seg ned i ei sak, utelukka noko medan ein avdekker noko anna. Ho brenn for at alle skal bli møtt på ein skikkeleg måte hjå politiet, alle er like mykje verdt, uansett kva dei har gjort.

– Eg tenkjer ofte: «korleis ville eg ha likt å blitt møtt her». Det er klart nokre saker går meir inn på ein enn andre, ein møter ulike skjebnar, og alle skal bli møtt på ein skikkeleg måte, det fortener dei. Det seier seg vel sjølv kva saker som rører mest med ein, spesielt når born er involvert.

I dag er arbeidet hennar strategisk og langsiktig, ho stoppar opp når ho ser ting som ikkje fungerer, og prøver å finne gode løysingar. Ho er glad i å brekke detaljar og fakta ned til analyser, og ho håpar sjølv ho er ein god leiar. Det handlar heile tida om å sjå eit større bilete, og om å dra alle i same retning.

– Eg trur me treng eit breitt samarbeid mellom etatar og instansar for å bidra best mogleg i samfunnet. Ein finn gode løysingar dersom ein kan dele på kompetansen ein sit med.

Mannen Torbjørn er fengselsbetjent i Sandeid fengsel. Dei snakkar ikkje mykje jobb rundt middagsbordet, men engasjementet deler dei.

– Det viktigaste heime er å fylgje opp barna og kvardagen. Det er nokre få år i livet barna bur heime, og det er det viktigaste. Eg håpar jo dei blir trygge og sjølvstendige individ.

Engasjementet er utømeleg. Den timeslange køyreturen til og frå hovudkontoret i Sauda gir henne rom og tid for å kople av mellom slaga.

– Jobben gir meg enormt med energi, slår ho fast.

—  Eg er nok rastlaus på mange måtar, men og tolmodig når det er tid for det. Eg brenn for jobben min og for det me kan skape saman som eit team.
[Siri Fisketjøn Indrebø ]

Siri har røynd livet på fleire måtar. Då ho var gravid med eldstemann fekk ho lymfekreft, ho fekk behandling, nokre år etterpå frykta legane sjukdommen var komen tilbake, noko som skulle vise seg å vere falsk alarm. Ho er takknemleg og takkar helsevesenet som ho kallar fantastisk. Midt oppe i alt kvilte ho i barnetrua ho fekk med seg heimanfrå som liten.

Siri er alltid på veg vidare, ofte er målet neste fjelltur. Kartet som ligg oppslått på bordet, kompasskursen og pakkinga av sekken er minst halve turen.

– I morgon har eg lyst til å ta gjengen med meg på Hardangervidda, det hadde vore kjekt. Men veit du: det er ledige billettar til Peer Gynt-førestillinga på Gålå og, me får sjå kva det blir. I kveld blir det uansett konsert med Sigrid i Haugesund, seier ho like lettvint som om det var gullrekka på NRK ho lista opp.

– Er du impulsiv?

– Tja, eg er nok det, så lenge eg slepp å risikere noko, det likar eg ikkje. ■

Tilbake til toppen