Med kunst i veggene

På Tinghaug er det blese nytt liv i kunstnarheimen til Samuel Tveit. I år skal kunstinteresserte og bygdefolk feire 150-årsjubileum for kunstnaren.

Frå
Mitt Ryfylke 2016 2
Mitt Ryfylke 2016 2

Samuel Tveit var fødd på garden Amdalstveit, også kalla Tveit, i Saudasjøen i 1866. Han visste tidleg at det var kunstnar han skulle bli, og dermed starta eit eventyrleg liv fylt av lange reiser, både i kunsten og i geografien. Helga 1 og 2 oktober skal saudabuen feire 150-årsjubileum på Tinghaug for kunstnaren som blir rekna som ein stor ryfylkekunstnar. Samuel tok kunstutdanning ved Den Kongelige Tegneskole i Kristiania, og hadde studieopphald både i København, Stockholm, Tyskland og Paris. Han hadde reiselysta i blodet, og han visste at han måtte ut for å utvikle seg som kunstnar. I dag er det interessegruppa for Samuel Tveit som held liv i historia rundt mannen, kunstnaren og heimen han og familien til slutt fekk på Tinghaug.

– Kunsten til Samuel er så brei, han målte alt frå flotte landskapsbilete til altertavler og kyrkjekunst, seier Johannes Bakka. Han har sett seg i den ærverdige grøne sofaen. I stova på Tinghaug er det sjølvsagt flotte måleri på veggene, både som Samuel har måla, men og frå kunstnarsonen Eigil Tveit. Her er også gamle flotte møblar, gamalt service og blondeduk på bordet. Målet er at ein skal spegle tilbake til den tida då Samuel i 1929 flytta heim til Saudasjøen, saman med den danske kona Anna F. Dahl og sonen Eigil som då var fire år gamal.– Anna var frå Danmark, ho hadde og kunstnarevner, ho måla blant anna porselensmåling seier Johannes medan resten av gjengen nikkar rundt bordet.

– Anna hadde respekt rundt seg, det er ikkje tilfeldig at kafeen her er oppkalla etter henne, seier Johannes og viser til Anna ́s kafé som har ope kvar søndag i sommarhalvåret og som er driven på dugnad frå ein heil damegjeng.  Sorga var nok mest ikkje til å bere for dei Samuel og Eigil som sat att, då Anna vart sjuk og døydde, berre 40 år gamal.  I dag er mange av dei som dei siste åra har stått på med dugnadsarbeid og innsamling av midlar samla i stova på Tinghaug.

Frå kjøkkenet siv det inn lukt av nysteikte vaflar og kaffi medan ein høyrer det klirrar i godt, gamalt steintøy. Og om den elektriske flammen i peisen ikkje lagar gnistrande lyd av bål, så lyser den opp i stova. 

– Me veit ikkje kor mange timar me har lagt ned, men at me snart er oppe i ein million i kroner for å ruste opp igjen huset og området her oppe, det trur eg me kan slå fast, seier Jon Lambrigt Grindheim, femtiåringen er den yngste i interessegruppa. Den eldste i gjengen er 83 år gamal.

– Det er jo bra at dei fleste her er pensjonistar, dei har jo god tid til dette arbeidet, seier han spøkefullt.  Desse er med i interessegruppa; Arne Skogarbø, Johannes Bakka, Leif Moe, Jon Lambrikt Grindheim, Ola Daniel Tveit, Kristoffer Nødland, Heidi Huse, Liv Valskår og Inge Mikal Nødland, i tillegg nevner dei Helge Valskår som har lagt ned mange timar på dugnad. Sonen til Samuel og Anna, Eigil Tveit fekk også kunstutdanning frå Statens håndverk – og kunstindustriskole og ved Statens kunstakademi i Oslo. Dermed gjekk han i faren sine fotspor. I boka Samuel Tveit, kunstmålaren frå Sauda som Lars Olav Fatland har skrive på oppdrag frå interessegruppa kan ein lese om ein ung gut som produserte mykje som ung, etter kvart vart han meir og meir oppteken av å fremje faren og faren sin kunst. Likevel er det tydeleg at Eigil også hadde kunsttalent, og aller mest kjent er han truleg for portretta sine. Portrettet Far  som han målte av faren Samuel er kjent for å vere naturtru at ein nesten skulle tru det var eit fotografi.

– Dei som kan strikke seier dei kan strikke mønsteret i kufta Samuel har på seg, berre ved å sjå på biletet, seier karane i stova på Tinghaug medan dei kikkar opp på måleriet som tronar på stoveveggen. Etter at faren døydde i 1957 vart Eigil buande på Tinghaug til han sjølv døydde i 2006. Eigil testamenterte alt han hadde til Sauda kommune, også huset på Tinghaug. I 2012 fekk interessegruppa kjøpe huset og eigedomen på sju mål attende frå kommunen til ein pris på ei krone. Dermed starta jobben med å bygge opp igjen huset og rydde opp i uteområdet. Dei har ført fram veg, vatn og kloakk til huset, og modernisert og pussa opp huset på ein varsam måte. Dei har også bygd opp igjen verandaen etter korleis den såg ut no, framover har dei først og fremst planar om eit nytt lysthus i hagen. For å realisere alle desse planane har dei brukt inntektene frå salet av boka dei fekk skrive om Samuel, i tillegg til gåver og støtte frå privatpersonar, bedrifter og dei som arbeider dugnad.

– Og heile overskotet frå Anna ́s kafé går direkte inn i drifta av huset, det er om lag 100 000 kroner i året, så det betyr mykje, seier Jon Lambrigt Grindheim. Oppe på loftet får du også eit innblikk i det levde livet frå Samuel, Anna og Eigil si tid. Og i kjellaren har interessegruppa sett opp ei kunstutstilling som viser nokre av teikningane til Eigil.  Interessegruppa har laga stiar på uteområdet og har som mål å utvikle Tinghaug til eit fritidsområde som blir brukt av mange grupper.  I dag blir huset på Tinghaug opna for gjester i kafeen, det blir også leigd ut til arrangement og selskap,  og det blir opna for skular og barnehagar som ynskjer opp til Rødstjødna for å høyre om livet i kunstnarheimen.

– Det er spesielt kjekt når ungane kjem her for å høyre historier om huset og dei som budde her, då sit dei her med store auge, seier Torgeir Olav Tveitane.

– Og me er vel ikkje i tvil om at det arbeidet som er lagt ned her oppe har gitt saudabuen meir kunnskap om kor stor denne kunstnarfamilien som budde her var.  Ute på kjøkkenet er Magni Coll og Kjellfrid Mehus ferdige med vaffelsteiking. Dei er to av ein heilt gjeng damer som kvar søndag i sommarhalvåret opnar opp Anna ́s kafé. Her tar dei med seg kaker, bakverk og vaffelrøre og lagar til ein heimekoseleg kafé som er særs godt besøkt. Somme søndagar kan det kome over 100 besøkjande, då er det fullt både inne i stovene og ute på gardsplassen.

– Me har veldig lyst til at flest mogleg skal få ta turen opp her, både for å sjå huset, men ikkje minst for å oppleve kunstnarane og deira livsverk, slår Johannes Bakk. ■

Tilbake til toppen