Vikingblod

No vågar Turid Kathrin Trevland (29) og Toralf Pedersen (36) å drøyme om sin eigen viking-gard.

Frå
Mitt Ryfylke 2016 2
Mitt Ryfylke 2016 2

Midt i leiren er det fyrt opp bål i bålpanna. I eit av vikingtelta som omkransar bålet sit Turid og Toralf  i djup konsentrasjon. Ho sit med brikkeveven i handa og tryllar fram det eine avanserte mønsteret etter det andre på band av lin, ull og silke. Han sit også med eit kunstverk i hendene. Med nøyaktig presisjon lagar han mektige utskjeringar som etter kvart skal trone på benker, bord og telt i leiren. Alt er skapt i vikingtradisjon. Vikingane i Økstrafjorden ynskjer å ta oss med til ei anna tid.

Dei drøymer om eit enklare liv. Ein kvardag der tida rekk litt lenger. Dei vil bruke det naturen kan gi dei av råvarer og ressursar, om det er til mat, klede eller material.  Dei søkjer gamal kunnskap frå vikingtida og meiner me i 2016 har mykje å lære av dei som levde meir i pakt med naturen, og ikkje minst dei som var mindre opptekne av status og karriere enn me gjerne her i dag. Det handlar om å fjerne seg litt frå A4-livet.  

 – Det er ingen på vikingmarknadar som er opptekne av kva du jobbar med, eller kva hus du bur i. Der er me alle like, eg likar det, seier Turid.

Ho har sett brøddeigen. Og panna er varm over bålet. Surmjølk og mjøl er alt som skal til for å lage vikingbrød. På seg har ho ein grøn underkjole av ull og overkjole som også er laga av ull. Fargerike smykker vitnar om ein viking-tradisjon frå høgare klasse.

 – Alle gjekk ikkje kledde som dette i vikingtida. Det me har på oss er inspirert av funn som er gjort i vikinggraver. Hadde vikingane sett oss i dag hadde dei trudd me var høvdingar og kongar alle saman.

Dei veit så godt at mange assosierer vikinglivet med råskap, plyndring og tilbeding av gudar. For vikingane i Økstrafjorden handlar det om handtverk, om kunnskap og om eit eige levesett. Under teltduken står bøttene som samlar saman regnvatnet, på bordet ligg det skinn og handlaga reiskaper, bak i teltet står ei stor korg med kol som er eit biprodukt etter at Toralf har brent tjære.

 – Det er lenge sidan dette var ein hobby. I dag er det meir ein livsstil, meiner Toralf.

 – Og eg likar vikingane sitt menneskesyn, der respekt og ettermæle var viktig, og der kvinnene hadde mykje makt.

Også han sit i vikingklede, laga av ull og lin. På føtene har han spesialsydde skinnsko som er inspirerte av vikingtida.

Dei har me kjøpt, slår Turid fast.

Me prøver å lage det meste sjølve, men noko må me kjøpe. Men det må vere ekte vare, me kan ikkje ha plastikk her i leiren, slår Toralf fast.

Surmjølk og mjøl er alt som skal til for å lage vikingbrød.

Det heile starta i 2012 då dei var på ein Heavy Metal-festivalen Wacken i Tyskland, der det også var  ei vikingmarknad. Sjølv om dei alltid har vore fasinerte av vikingtradisjonar var det her dei fekk augo opp for handverket og kulturen. Musikk generelt er viktig for vikingmiljøet, og sambuarparet slår fast at Heavy Metal-miljøet har henta mykje av sin symbolikk frå norrøn kultur.

 – For min del har eg alltid vore interessert i vikingtida, spesielt etter at eg fann ut eg sjølv hadde eit vikingnamn. Tor kjem frå guden tor og alv er eit overnaturleg vesen frå norrøn mytologi, seier Toralf.

 – Du har også eit norrønt namn, Turid?, seier Toralf og kikkar bort på sambuaren som er i full gang med å steike vikingbrød. Ho snur og vender på dei flate brøda medan ho tenkjer.

 – Tja, eg har nok det. Det må vere etter Tor og Frid det då?

Seinare kjem det fram at det stemmer. Turid kjem frå tor som i torevèr og frid, som i norrønt betyr vakker.

I vikingleiren har det reist seg fleire telt, grillplass, bålplass, eit lite lafta bygg og eigen bane for å skyte med pil og bue. Plassen fenger interessa til mange, borna rundt dei tykkjer det er spanande å prøve å skyte med pil og bue, eller berre sjå korleis vikingane levde før i tida.

 – Me hadde for lite undervisning om dette temaet på skulen, meiner Toralf.

 – Det gjekk altfor fort. Eg skulle ynskje at me tok med oss denne kulturelle arven på ein betre måte. Dei som blir fødde i dag treng å sjå og lære frå fortida, meiner han.

 – Og altfor mykje av kulturen vart øydelagt under andre verdskrig. Nazistane tok i bruk mange symbol frå norrøn kultur, som Svastika/ hakekorset, seier Toralf og rister på hovudet med tanke på kva assosiasjonar dei fleste no har til hakekorset.

Begge to kjem frå familiar som har hausta frå naturen, som har laga maten frå botnen av og der handverk har vore viktig. Det er noko dei har med seg vidare, og no lærer dei stadig meir om matlaging, om korleis ein kan lage verktøy, koke sine eigne såper, sy eigne klede eller veve fargerike band av silke og lin. Det siste er noko Turid brukar mykje tid på, og som gir produkt som ho ynskjer å selje.

 – Det å jobba med dette er ikkje bare tidsfordriv, men terapi. Det gir både ei mestringskjensle og sjølvtillit. Ein blir ikkje rik av handverk. Eg tar betalt for materialet eg brukar og litt til, skulle eg tatt timebetalt ville ingen kjøpt noko, meiner ho.

Livet som viking har ikkje berre sett sine spor i helger og ettermiddagar dei kan bruke i leiren. Det har også påverka kvardagen. Til dagleg er Toralf tømrar i KV-Bygg Suldal medan Turid er heimeverande på grunn av kronisk sjukdom.

 – Dette livet, og den felleskapen me har funne på marknadar og i resten av vikingmiljøet har iallfall gjort meg tryggare på meg sjølv. Det har vist oss at det er lov å vere litt annleis enn alle andre, seier Turid.

 – Og det har gjort oss meir bevisste på mange ting. Me ynskjer å lage meir av det me bruker, og kjøpe mindre. Eg har og kasta all sminke, det er mange i vikingmiljøet som ikkje gjer det, men for meg personleg blir det feil,  seier Turid.

Toralf stemmer i, og viser til at miljøet er større enn mange skulle tru. På Nordisk Vikingmarked på Borre var det 750 vikingar. I tillegg kjem alle besøkjande. Sjølv er dei ein del av Hafrsfjordvikingane. Berre i år har dei reist på fem ulike marknadar for alle dei som brukar fritida si på vikinglivet.

 – Me har fått mange nye venner som deler dei same interessene som oss. Det er spesielt å sitje på desse marknadane, der publikum kan sjå på korleis me arbeider og korleis me bur i leiren. Det blir som eit levande museum, fortel Toralf.

Og det krev litt arbeid når vikingane er på reise. Det er heilt naudsynt med hengar skal ein få med seg alt ein treng for å bu på marknaden. Og då er det berre eit av telta som får lov til å vere med.

 – Heldigvis er alle møbler laga slik at me kan flatpakke det, seier Toralf og ler godt.

 – Me gler oss til å ta med oss minien i magen på dette, seier Turid og smiler. I oktober blir dei etter planen foreldre til ein liten viking.

 – Me har ingen problem med å ta med oss born på marknadar, der passar alle på kvarandre, det er nesten som ein familie, meiner Toralf og kikkar bort på sambuaren som smiler over bålet.

I framtida drøymer dei om å bygge opp ein viking-gard. Ein stad der dei kan ta imot skuleklassar og barnehageborn. Ein stad der dei kan vise fram kunnskapen dei har lært og føre vidare dei verdiane dei meiner er viktig å ta med seg frå den norrøne kulturen.

 – Det er slett ikkje sikkert me får dette til, men det er lov å drøyme, meiner Turid og kikkar bort på Toralf som spenner bogen for å vise fotografen kor treffsikker han kan vere med pila.

Utan å nøle set han pila midt i blinken. ■

Tilbake til toppen