Taktskifte

I industribygda Sauda byggjer dei for framtida. Dugnadsånda er framleis i live.

Frå
Mitt Ryfylke 2015 4
Mitt Ryfylke 2015 4

Mellom høge fjell i industribygda Sauda bur det om lag 4760 menneske. Her har ein levd av industri og smelteverk i lange tider.No er det dobbelt så mange elevar på den vidaregåande skulen som det er arbeidsfolk med sitt daglege virke ved smelteverket til Eramet. Bygda er i endring, og for å oppnå utvikling, må ein satse, slår både kommunen, bedriftene og reiselivet fast. Og  den som trudde saudabuen hadde svinga seg til siste dans på Folkets Hus må tru om igjen.

Folkets Hus

Bygningen er det best bevarte store Folkets Hus frå dei nye industristadane i tida 1905 – 1940 og har fungert som kulturhus i Sauda i heile etterkrigstida. Rogaland Fylkeskommune og Riksantikvaren har vurdert bygningen som eit så viktig kulturminne at den skal fredast etter at restaurering og tilbygg er fullført. No blir både næringsliv og privatpersonar inviterte til å delta i eit større spleiselag for å få rusta opp bygget.

Midt i Sauda sentrum ligg Folkets Hus. Eit hus som har vore kulturhus og storstove i industribygda sidan det vart bygd av arbeidarrørsla i 1931. Bak dørene osar det framleis av  industrikultur og historie. Inne i den store salen heng dei store måleria av kunstnarane  Ragnvald Eikeland og Håkon Landa. Veggmåleria viser både bondekulturen og den nye industrikulturen som saudabuen møtte då smelteverket i bygda vart etablert i 1915. Kultursjef Åshild Marie Øverland og styreleiar i Sauda Folkets Hus, Sivert Sørnes, opnar dei tunge dørene.  Dei lange trappene knirkar lett når ein klatrar opp, her har mange gått før oss. Fleire stadar er det blitt evige spor etter tunge skritt.

Det er mykje historie i gangane i Folkets Hus. Styreleier Sivert Sørnes meiner det vil bli mykje kultur per krone i det nye huset.

– Tenk at dette huset nettopp var i full bruk. Det har stått til forfall i mange år, no skal det bli kjekt å få på plass eit godt hus der nåtid møter fortid. Me skal ta med oss industrikulturen vidare, samstundes som det og vil bli nye takter i Folkets Hus, seier Åshild.

Heilt fram til februar i fjor var det korøvingar, festframsyningar og teateroppsetjingar på Folkets Hus. Då vart huset stengt for brannsikring og rehabilitering.  Meiningane om framtida til Folkets Hus har vore mange og ulike, i 2009 skrinla kommunen rivingsplanar av huset og bygging av eit nytt kulturbygg som vart kalla Kulturverket, i 2013 kjøpte kommunen bygget for ei krone frå Sauda fabrikkarbeiderforening og det vart bestemt at ein skulle satse på å utvikle Folkets Hus som eit framtidig kulturhus i Sauda. No skal huset restaurerast og det skal byggast eit tilbygg. Rogaland Fylkeskommune og Riksantikvaren har vurdert bygningen som eit så viktig kulturminne at det skal fredast etter at restaureringa og tilbygget er ferdig.

Kultursjef Åshild Marie Øverland og styreleiar i Sauda Folkets Hus, Sivert Sørnes, brenn for å få gamle Folkets Hus tilbake i god stand, i tillegg blir det utvida med eit nybygg som til saman vil gi saudabuen eit nytt kulturhus.

Samla investering er rekna til å bli 40 millionar kroner, dette skal finansierast ved støtte i fond, lån, eit godt tilslag frå næringslivet og privatpersonar blir inviterte til å teikne aksjar.

– Her blir det mykje kultur per krone, det er jo unikt å kunne oppleve store kulturhendingar i eit verna lokale, meiner styreleiar Sivert Sørnes.

Både rominndeling og fargar skal førast attende til slik huset var opphavleg. I dag er delar av bygget prega av ein fargepalett frå diverse opp-pussingar. Åshild gler seg til å puste nytt liv i både storsalen og resten av huset. – I kombinasjon med nybygget blir dette eit formidabelt løft for kulturlivet i Sauda, seier ho.

Inge Løyning gler seg til det nye utebassenget i Sauda står klart. Han har tru på at samarbeid skal løfte fram fleire gode prosjekt i industribygda. F.v Ragnar Fosstveit, Inge Løyning, Sivert Sørnes og Åshild Marie Øverland.

Utebassenget

Dette blir eit ute – og heilårsbasseng med barnebasseng, hoppbasseng og vassrutsjebane. Næringslivet og kommunen spleisar på prosjektet som vil koste 21 millionar kroner pluss moms. Bassenget blir bygd i tilknyting til Saudahallen og innandørsbassenget ein har der.

På andre sida av vegen, vegg i vegg med Saudahallen blir det bygd nytt utebasseng. Her blir det eit heilårsbasseng på ti gange ti meter, eit barnebasseng, eit hoppbasseng og vassrutsjebane. Dagleg leiar i Sauda Vekst, Inge Løyning, ser godt nøgd ut der han hoppar ned i bassenget til ære for fotografen.

– Me har gjort nokre kvantesprang i nokre retningar, me er blitt gode på samhandling her inne, nikkar Inge og peikar på at bassenget, som vil koste 21 millionar kroner pluss moms, er finansiert halvvegs av næringslivet og halvvegs av kommunen.

– Det handlar om å få eigarskap til prosjekta, det gir oss omdømme, slår den engasjerte vekst-leiaren fast.

Han meiner det rår ein optimisme i industribygda. Merkevareprosjektet Sauda 365 har ført til at både kommunen, næringslivet og organisasjonslivet bruker den same marknadsføringa når dei skal bleste kommunen som ein god stad å bu, jobbe i og leve i.  Inge lar seg ikkje uroe at det somme tider forsvinn ein butikk frå gatebiletet i Sauda, no sist var det klesbutikken Selvig som stengde dørene etter 82 år med drift.

– Det er sunt med litt rørsle og endring i sentrum, me bør ikkje få panikk om ein butikk legg ned, sjølv om det er synd. Viss du ser på bilete tatt frå Sauda sentrum for 30 år sidan så er det veldig mange butikkar som er borte. Og mange nye er komne til.

– Er de modige som no satsar på nytt kulturhus, basseng og nasjonal turistveg-prosjektet ved Allmannajuvet?

– Me vert nok sett på som både modige og dumme. Nei, eg har tru på at ein må satse for å bygge noko. Eg trur me vil tene på dette over tid. Og det handlar om å profesjonalisere. Berre sjå til Saudadagane våre, i byrjinga hadde me eit budsjett på 50 000 kroner til heile festivalen, no er me oppe i halvanna million i årleg budsjett.  Det handlar om å løfte fram god kompetanse og kvalitet, meiner Inge.  

Som mange andre kommunar har også Sauda ein krevjande kommuneøkonomi og er heilt avhengig av at ein får til spleiselag for å skape større prosjekt. Kommunalsjef i Sauda kommune, Andreas Fløgstad meiner alle investeringane som blir gjort no er viktige for vidare tettstadutvikling.

– Nøkkelen er samarbeid, me må evne å jobbe godt i lag for å skape resultat. Me er verken New York eller London, men me skal vere best på kvardagane, seier Fløgstad.

Det er nye tider i Allmannajuvet. Der det før var gruvedrift blir det no stoppestad, gruvegalleri og kafe. Ragnar Fosstveit håpar stoppestaden langs Nasjonal turistveg skal gi Sauda fleire sommarturistar.

Allmannajuvet

Sinkgruvene i Allmannajuvet  var i drift frå 1881 til 1899. I dag har den sveitsiske arkitekten Peter Zumpthor teikna tre enkle bygningar som skal vise fram gruvehistoria og samstundes spegle den enkle industrielle byggetradisjonen. Nokre av gruvegangane vil og vere tilgjengelege i følgje med guide. Prosjektet skal stå ferdig i 2016.  Prosjektet har eit budsjett på 63 millionar kroner.

På slutten av 1800-talet var det gruvedrift i Allmannajuvet som ligg mellom Sauda sentrum og Hellandsbygd. I dag er sinkgruvene og området blitt ein turistattraksjon. Den sveitsiske arkitekten Peter Zumpthor er i ferd med å skape ein unik stoppestad langs Nasjonale turistveger, som er Statens vegvesen sine vegperler rundt om i landet.  Her skal ikkje målet vere å kome seg raskast mogleg fram, men derimot å finne små perler det er verdt å stoppe ved. Dagleg leiar i Sauda Ferie og Fritid, Ragnar Fosstveit har kledd seg godt denne kalde haustdagen. Han ventar på den nye parkeringsplassen  i Allmannajuvet, parkeringsplassen der ein kan nyte ein toalett-tur på toalett som heng i lause lufta ut frå fjellveggen.

– Eg foreslo at ein burde ha glasgolv i desse toaletta, det hadde blitt utsikt det, småler Ragnar, vel vitande om at det er rom for små endringar i Zumpthor sin arkitektur.

Tre bygg  blir reiste i Allmannajuvet, toalettbygg, kafèbygg og eit gruvegalleri der historia skal visast fram.  Det er tydeleg at Zumpthor har fanga gruvekjensla i nybygga, med smale, tronge rom som er høge under taket og nokså mørke har han gjenskapt gamal historie i ny drakt. Ein smal grusveg tar oss inn i gruvehistoria, det er vanskeleg å sjå for seg at sinkmalmen vart frakta ut her med hest og kjerre, som regel var dette ein fast kvinnejobb. Langs denne vegen og inn i gruvene vart det fram til 2011  tilbydd guida turar, noko ein håpar å starte opp igjen med i 2017. No gjenstår det ein del rassikring langs stien før ein kan bruke heile området.  Ei rassikring som etter kvart er blitt kommunen si oppgåve. Ragnar legg ikkje skjul på at han håpar den sikringa kjem på plass så raskt som råd er.

Ragnar slår fast at Sauda alltid har vore gode på reiseliv på vinteren, med eit kjent skisenter og ei freeski-linje på den vidaregåande skulen. No håpar han alle byggeprosjekta i bygda kan styrke reiselivet i sommarhalvåret. Det siste året har dei og opplevd ei god auke i besøkjande til turistkontoret.

– Me er gode i Sauda på å skape innhald , me er flinke på liv og røre.

Han peikar og forklarer. Viser oss kor det planlagde hjelm-huset skulle stått, no er det tatt ut av planane og oppbevaringa for lykter og hjelmar er flytta på. Ting tar tid, også når ein byggjer stopp-punkt langs Nasjonale turistveger. No gjenstår det berre å finne ut kven som skal drive kafeen i Allmannajuvet. Menyen er sjølvsagt allereie på plass, viss alt går etter planen kan du  meske deg med ekte gruvesuppe her om ei stund. ■

Tilbake til toppen