Brenn for friluftslivet

Hans Olav Sandvoll i Ryfylke Friluftsråd har klare råd til deg som gjerne vil ut på fleire familieturar langs strandlinja.

Frå
Mitt Ryfylke 2016 3
Mitt Ryfylke 2016 3

– Å fyre opp eit godt bål er jo ein kjekk friluftsaktivitet, seier Hans Olav Sandvoll medan han klappar bestemt på sekken med ved som han held i handa. Han er leiar i Ryfylke Friluftsråd, og som den ekte båtentusiasten han er kjem han sjølvsagt til Forsand med båt denne dagen. I grøne friluftsklede og gode tursko er han klar for å vise fram ein av Ryfylke Friluftstråd sine mange attraksjonar langs strandsona. Nemleg Dørvika. Her speglar haustfargane seg i fjorden og den lune vika inviterer til bålkos og kaffikoking.

 – Og ikkje minst er det flott her for buldring, klatring og kajakkpadling, slår Hans Olav fast. Ein kan til og med slå opp teltet her eller fortøye båten i ein av bøyene i bukta. 

Ryfylke Friluftsråd har ansvaret for heile 37 område som blir tilrettelagt for aktivitet og friluftsliv langs strandsona. Friluftsrådet arbeider i 11 kommunar i Ryfylke og Nord– Jæren og har fem fast tilsette. Ryfylke Friluftsråd er eit interkommunalt selskap som får økonomisk støtte frå staten, fylkeskommunen og medlemskommunane. I tillegg kan bedrifter og frivillige organisasjonar bli støttemedlemmer. 

– Vårt ansvar er å få hand om, og legge til rette for stadig nye friluftsområde som kan brukast til leirplass eller aktivitetar, seier Hans Olav medan me svingar oss ned den smale og svingete vegen til Dørvika. 

– Eg er jo nesten ikkje kjent her, eg som alltid kjem med båt, seier han og ler. 

Dei kjøper gjerne friluftsområde, men kan like godt tenkje seg å kjøpe bruksretten. For å finansiere stadig nye investeringar må vertskommunen vere med på spleiselaget, mange av dei stadane friluftsrådet vurderer stoppar nemleg opp på grunn av manglande investeringsvilje frå kommunane. 

– Me må vere litt edruelege i forhold til kva pris me kan kjøpe områda for, og ikkje minst veit me at det kostar med tilrettelegging og vedlikehald. Me er heldige som har mange gode, og frivillige til å hjelpe oss lokalt. Her i Dørvika har me til dømes ein avtale med Forsand kommune og Avanti om tilsyn kvar veke, strandrydding og vask av toaletta.

‍Hans Olav Sandvoll, som er dagleg leiar i Ryfylke Friluftsråd, er sjølv glad i å vere på sjøen med båt. Og fritida brukar han gjerne til dykking eller kajakkpadling

Hans Olav bruker gjerne fritida si på sjøaktivitetar som dykking eller på turar med kajakk. Han brenn for at også andre skal oppdaga alle skattane som finst langs sjøkanten. 

– Det er ikkje store anlegg me har rundt omkring i desse kommunane, men det blir gjerne bygt opp ei grei brygge, ein gapahauk eller me ryddar strandlinja. På mange måtar fyller me den rolla Den Norske Turistforeningen har i fjellet, berre at me held oss i strandlinja og langs kysten, fortel han medan han fyrer opp bål i grua som er bygd opp nede i vika. Her er også god plass til å telte, eller grille på bålpanne for dei som ynskjer det. 

– Me ser at folk gjerne vil ha ro og fred når dei skal ut på båttur. Område som Helgøysund eller Lindøy er populære mål med familien i båt, men dei blir fort fylt opp. Då er det greitt med rolegare alternativ i ein av dei mange naturhamnene i Ryfylke. Målet er uansett å komme vekk frå kvardagen, og finne fram til ein annan rytme. Målet er også at fleire kjem seg ut i naturen. 

– Me vil jo gjerne legge til rette slik at stadig fleire kjem seg ut over dørstokkmila, og brukar strandlinja vår. 

– Og me ser ein aukande trend. Det er ein vekst, spesielt i dei som er på dagstur eller kortare helgeturar. Dei som alltid har reist tre veker rundt med båt i Ryfylkebassenget er nok på hell. 

– Mange har jo nostalgiske minne frå dei turane dei opplevde som barn, og dei vil ofte at deira barn skal oppleve det same. 

Friluftsrådet ser også at sjøen no ikkje berre blir brukt på sommaren, men at stadig fleire ser moglegheiter til eit aktivt friluftsliv på og ved sjøen også resten av året. Mykje av arbeidet til friluftsrådet handlar også om å auke kunnskapsnivået til dei som skal ut på tur. 

– Me må formidle ein del sunn fornuft. Slik som no i dag, det er ikkje behov for å ta med seg ein sekk ved, her er meir enn nok ris og småved på bakken her til at ein kunne ha fyrt opp eit bål. 

– Har du nokre gode råd til familien som gjerne skulle kome seg meir ut på tur? – Først av alt, set deg ned med heile familien og avklar forventingar. Medan nokre kan få bilete av at ein skal på reine ekspedisjonen er det andre som ynskjer å gå på søndagstur. Gå så over utstyret ein har i hus, ein treng ikkje dyrt utstyr, men ein treng godt og tilpassa utstyr og klede. Eg ville også sett på kva som er spesielt med staden me skal til, kan me hente sopp, er det fine stadar å ta bilete av? Det er viktig å ikkje berre gå for å kome fram, men å skape godt innhald på turen, meiner Hans Olav.

– Og for all del, barna treng ikkje ytre belastningar på tur. Ein må ikkje reise i regn og vind, eller vise barna kor grusomt du sjølv hadde det på turar i full storm. Ein må lage turar som gjer at barna vil ut på fleire . 

– Korleis kan ein få med seg tenåringen som gjerne helst vil vere heime? – Ta med ein venn! La ungdommane få sitt eige telt på land, så kan foreldra sove i båten. Det handlar om å gi dei rom til å puste, og til å oppleve turen på sin måte. ■

Tilbake til toppen