Toppa NM i Yrkesfag

Mange timars førebuing ligg bak når ungdom samlast for å konkurrera i fagdisiplinar i NM i yrkesfag. I fagdisiplinane rørleggar, bilmekanikar og konditor gjekk tre medaljar til ungdom frå Sauda og Suldal.

Frå
Mitt Ryfylke 2015 1
Mitt Ryfylke 2015 1

Kristian Herheim (21) frå Sauda tok heim gullmedalje i rørleggarfaget, Ådne Sigurd Jelsa (21) frå Suldal, henta heim gull i bilmekanikarfaget og Sunniva Nergård Myhre (19) frå Suldal fekk med seg ein gjev bronsemedalje i konditorfaget.

Til saman var det 330 elevar frå heile landet i 27 ulike disiplinar som deltok i NM i Trondheim i oktober. På Yrkes- og utdanningsmessa i Suldal i januar vanka både heider og blomar for innsatsen.

Det krev innsats og disiplin for å nå topp-plasseringane, det kan dei alle skriva under på. For Sunniva som skulle førebu seg i konditorfaget gjekk mange timar på kveldstid og i helger frå august til oktober med på å gjennomgå alt som skulle gjennomførast på NM. Felles for dei alle er at dei har hatt rettleiarar og arbeidsgjevarar som har motivert og stimulert dei til å melda seg på.

Gull i rørleggarfaget

Namn: Kristian Herheim
Alder: 21
Skule: Sauda VGS, avdeling Sand 1 år.
3,5 år hjå Sauda Varme og Bad samstundes med 2 dagar i veka med fellesfag ved Sauda VGS i tillegg til helgeskular i Haugesund.
— Hadde ikkje klima og energilinja i Sauda og eg ville bu i Sauda.
Jobbar: Sauda Varme og Bad
Motivasjon for å delta: Opplæringskontoret inviterte via helgeskulen alle som var komne like langt til å delta i fylkesmeisterskap, der Kristian gjekk vidare til NM. Tok fagprøve samstundes med NM som gjorde at meisterskapet starta ein dag før dei andre tok til.
Bakgrunn for val av fag: Vurderte elektrikar eller rørleggarfaget på ungdomsskulen. Men eg måtte ha ei bedrift eg var knytt til før eg starta på skulen. Fekk ja frå Varme og bad.
Framtidstankar: Vurderer teknisk fagskule i Stavanger, men vil heimatt til Sauda på sikt. Vil ikkje jobba i Stavanger.

Gull i bilmekanikarfaget

Namn: Ådne Sigurd Jelsa
Alder: 21
Skule: Gand VGS, Sandnes teknikk og industriproduksjon
2. året spesialsert på bilfag.
2 år i lære hjå Bilia Forus, i dag Kverneland Bil.
Fagbrev
Jobbar: Kverneland Bil – fekk jobb etter læretid og fagbrev.
Motivasjon for å delta: Lærarar som tidlegare har prøvt å få meg til å delta. Men då eg var i forsvaret var motivasjonen perm for å kunne førebu meg til å delta.
Bakgrunn for val av fag: Inspirert til bilmekanikarfaget av eldre kameratar. Var klar for ein heilt annan kvardag enn grunnskulekvardagen.
Framtidstankar: Trivst godt i jobben hjå Kverneland Bil.

Bronse i Konditorfaget

Namn: Sunniva Nergård Myhre
Alder: 19
Skule: 1 år Restaurant og matfag på Rygjabø på Finnøy
1 år Matfag på Godalen i Stavanger
1,5 år Lærling hjå Ryfylke bakeri og konditori der eg har eit halvt år att før fagprøve.
Jobbar: Ryfylke bakeri og konditori på Jørpeland.
Motivasjon for å delta:  Sjefen min, Gunvor Fiskå,  er entusiastisk og drog meg med.
Framtidstankar: Eg har jobb hjå Ryfylke baker og konditori fram til hausten. Etter det er det litt ope. ■

Tilbake til toppen