Vektar kundekontakt

Mennesket og kontakten mellom kunde og dei tilsette er det viktigaste for banksjefen i Hjelmeland Sparebank, Susanna Poulsen.

Frå
Mitt Ryfylke 2016 1
Mitt Ryfylke 2016 1

Difor har ikkje vekttal vore avgjerande når Susanna har vore med i tilsetjingsprosessar.

— Det er viktig for meg at dei som jobbar her, har lyst å vera her. Dei må vera glade i andre folk.

Ho meiner denne innstillinga til verdiar og kvalifikasjonar er desto viktigare nå som mange bankar opplever at tenestene blir meir og meir digitaliserte.

— Då er det nemleg dei som jobbar med kundane som sit att, understrekar ho.

Susanna har utsikt rett ut på fjorden frå kontoret i andre etasje i den raude mursteinsbygningen Hjelmeland Sparebank held til i på Hjelmeland. Havet er ho van med å ha tett på frå Færøyane, der ho er vaksen opp og har røter. Banken ho har jobba i dei siste tjue åra har og djupe røter og tradisjon. Hjelmeland Sparebank vart fyrste gong stifta i 1852, og på ny i 1907, slik han er kjent i dag. Sidan oppstarten i Vågen har banken hatt lokale i kommunehuset før dei i 1980 bygde eige bygg i sentrum av Hjelmeland, der dei held til i dag. Det var nettopp dette miljøet med fjorden og naturen tett på ho forelska seg i – det var nært den storslåtte naturen ho er van med frå heimlandet.

Den mangeårige karrieren i banken på Hjelmeland starta med jobb i april 1996, som vikar der jobben innebar både arbeid i kassen og som sjåfør for bankbussen to til tre dagar i veka. Det var ein fin måte å bli kjent både med området, folka og kundane i heile Hjelmeland. Ho starta i jobben utan erfaring frå banknæringa eller økonomistudier, men studiar parallelt med jobb har sytt for relevant utdanning i tillegg til mange års erfaring. Likevel trur ho at ho som banksjef i dag har ei litt anna tilnærming enn dei som sit med rein siviløkonomisk bakgrunn.

Stillinga som banksjef gjekk ho inn i for fire år sidan og ho syns jobben både utfordrande og spennande. Men trass i at ho har gode folk rundt seg kan jobben som banksjef til tider vera ein særs einsam jobb, medgir ho. Det er mange omsyn å ta.

‍‍‍Susanna Poulsen (t.v) har mange gode medspelarar i Hjelmeland Sparebank. Her rådfører ho seg med personal- og reknskapsansvarleg, Aslaug Warland Ur (t.h) og kontorsjef Olav Emil Skjervik.

— Ein må følgja med i tida òg som liten bank. Det er heile tida viktig at me syt for system som tek vare på kunden sine behov og sikkerhet. Hjelmeland Sparebank er medlem i Eika alliansen, som syt for gode løysingar til sine medlemmer og som gjer at me har gode verktøy for å møta dagens krav til system.

Det er heller ingen løyndom at nye løysingar som er meir digitale, fort kan gjera tidlegare arbeidsplasser overflødige. Men for Susanna er det viktig å bevara lokale arbeidsplasser.

— Kva hender med samfunnet om alle tenestene våre blir sett ut, digitalisert og effektiviserte, undrast ho. Har ikkje folk arbeid, vil dei heller ikkje bli buande.

I dag leiar ho ein dag ein stab med 20 tilsette. Dei fleste har base på Hjelmeland medan eit par har kontor i Strand. I tillegg har banken nyleg opna filialar i Suldal og på Finnøy, der dei har ope ein dag i veka.

— Denne satsinga er litt mot straumen i desse kutt-tider, seier ho litt stolt.

Ho er glad for denne satsinga, som er ein av strategien for å koma tett på kundane dei har i dag og potensielle nye kundar. Målet deira er å bli banken for heile Ryfylke.

— Eg trur det er bruk for personleg kontakt, held ho fram. Ryfylke er kjenneteikna av det å vera nær kvarandre, det at ein brukar kvarandre. Om ikkje me brukar kvarandre, kvifor skal andre? For oss er det og viktig at kundane våre ikkje berre blir eit tal. Me kan vera fleksible og me veit kva kundane våre står for.

Ho har blitt godt mottatt i banksjef-rolla, som ho vart oppmoda til å søkja då stillinga vart ledig. Men ho opplever framleis at forventninga om at banksjefen er ein mann heng att og syner til nokre heller muntre episodar med litt eldre kundar, som har bedt om å få snakka med banksjefen i møte med henne, før det går opp for dei at det er ho som er det.

— Andelen av kvinner i banknæringa er heller ikkje til å skryta av, seier ho. Sjølv er ho ei av rundt fem kvinnelege banksjefar av totalt 74 bankar i Eika-alliansen. Og dette trur Susanna ikkje er unikt i næringa elles i landet.

Noko av det Susanna Poulsen forelska seg i då ho kom til Hjelmeland for fyrste gong var havet og utsikten. Dette gav ho gode assosiasjonar til  Færøyane der ho er vaksen opp.

Susanna er ei openhjartig kvinne og er tydeleg er open både for nye inntrykk og impulsar. Det var nok med å leia ho til Hjelmeland. Den gong hadde ho, mannen og yngste dottera slått seg ned i Stavanger grunna arbeid. Men dei var ute etter å busetje seg på ein litt mindre plass. Dei var vane med eit lite samfunn på Færøyane, men tilbod om arbeid var avgjerande. Ektemannen hadde fått stilling offshore, medan Susanna var på jobbjakt.

Ho tok ein litt uvant veg, bokstaveleg talt. Leigde seg bil og tok fatt på ei reis i indre Ryfylke. Der tok ho kontakt med fleire bedrifter i ettertid for å høyra om det var jobb å oppdriva. Poulsen var heldig. Ho fekk tips om at Hjelmeland Sparebank hadde eit ledig vikariat. Ho vart oppmoda til å søka etter ein samtale og fekk jobben.

Susanna fekk med seg ektemann og dottera, som dengong var fem år, og sidan har familien blitt fem, med ein son (15) og ei dotter (13) til. Medan Poulsen har blitt verande i Hjelmeland Sparebank har ektemannen òg hatt jobb hjå Marine Harvest før han gjekk over som maskinist på ferja mellom Hjelmeland-Nesvik-Ombo like ved.

— Han er særs nøgd med å ha fem minutts gange til arbeidsplassen sin, smiler Susanna.

Færøyingen slår lett over til dansk i møte med Mitt Ryfylke sin fotograf, med dansk bakgrunn. Praten går lett, og det er tydeleg at ho både er oppriktig interessert, både i mennesket og faget. Me anar ein liten aksent sjølv om ho snakkar flytande norsk.

Poulsen har alltid kjent seg godt inkludert i samfunnet på Hjelmeland. Det har ikkje mangla på invitasjonar til å ta både politiske og organisatoriske verv lokalt.

— Eg føler at eg har blitt godt mottatt. Men det er viktig å vera audmjuk når ein kjem til ein ny stad, samstundes som ein kan bidra til å påverke på ein god måte, avsluttar ho. ■

Tilbake til toppen