Lanserer unike leiker

Etter mange år med grubling, testing og ein god porsjon tolmod kan Terje Gundersen endeleg gle seg over at dei eigenproduserte leikene hans er ute i marknaden.

Frå
Mitt Ryfylke 2018 3
Mitt Ryfylke 2018 3

Ideen om dei robuste treleikene starta i sandkassen heime på Suldalsosen då sønene var små.

— Eg laga nokre leiker til dei som folk kommenterte då dei var på besøk. Det var starten på eit eventyr. Terje er no blitt leiketøyprodusent av eit leikekonsept som omhandlar tre, plast og ei heilt unik magnetkopling, kalla Magnito-I-Lock system. Teknologien sikrar at delane heng godt saman, og likevel er raske å ta ifrå kvarandre når ein brukar rette metoden. Dette gjer at leikene kan setjast saman til mange ulike køyretøy. I første omgang er det lansert ein serie med dumper, skogsmaskin og traktor.

— Etter åtte år med arbeid er det endeleg produkt klare for sal. Det har vore mange utfordringar, som har vore kostbare, tidkrevjande og rett og slett demotiverande. Heldigvis har eg vore trygg på at produktet og konseptet er bra, slår Terje Gundersen fast. Han løftar fram sambygdingar som har hatt trua, og ikkje minst dei tilsette i Suldal Vekst som har vore avgjerande for at han har klart å gjennomføre prosessen med å få leikene ut i marknaden.

—  Eg er jo sjølvsagt stolt og letta over å ha nådd første delmål, nemleg å få leiker klare for sal.

Terje sel leikene via sosiale medium og messer han reiser rundt på no før jul, og han er også i ferd med å få nettbutikk på plass. Sidan i vår har han frest tusenvis av hol i leikene, han har montert køyretøya og pakka leiker.

— Det har vore viktig for meg å kjenne til dei minste detaljane i produkta. Kjenner eg ikkje produktet, prosessane og utfordringane godt nok, kjem ein fort til kort når ein skal selje produkta, meiner Gundersen.

Med eit produkt som er designa og utvikla i Suldal, og som har treklossar frå Italia, magneter frå Tyskland og plastikkdeler frå Kina, er det blitt eit internasjonalt produkt. Produksjonen føregår i Kina medan den norske innovasjonsbedrifta Pavels Innovation i Skien har vore med på marknadsføring og utvikling av produktet. Merkevara Beljo har fått namn etter forbokstavane i namna til sønene; Bård, Elias og Jonas.

— Korleis går salet?

— Over all forventning. Dei aller første produkta forsvann via Facebook i løpet av ei helg. Det var sjølvsagt utruleg moro og enormt motiverande Då var det berre å setje seg ned med produksjonen og få klart eit nytt parti.

—  Kva drøymer du om vidare?

— Eg drøymer om at BeljoToys skal klare målsetjinga i mottoet vårt: «We build smiles». At barn skal kose seg, utvikle seg og glede seg i leik med BeljoToys, er målsetjinga og draumen, slår gründeren fast.

— Det er verdt alle utfordringane, tusenvis av timar med arbeid, frustrasjon og stress, men og mykje kjekt og spanande gjennom dei siste åtte åra.  

På teiknebrettet til BeljoToys er det allereie fleire nye produkt. I første omgang ynskjer Terje å utvikle meir utstyr til eksisterande produkt, som traktor og dumper. Etter kvart er det planar om ein serie uttrykkingskøyretøy og ein serie anleggsmaskiner for å nemne nokre.

Terje Gundersen (43)

Bur: Suldalsosen
Sivil status: Gift, 3 barn
Aktuell: Lanserer no sitt eige leiketøysmerke; BeljoToys. ■

Tilbake til toppen