Dyrkar fruktnæringa

Trenden har snudd, no vil fleire drive fruktgard i Ryfylke. Det nye fruktpakkeriet i Årdal blir ein viktig samlingsplass for fruktbøndene.

Frå
Mitt Ryfylke 2017 2
Mitt Ryfylke 2017 2

Svein Hia møter oss i døra på det nye fruktpakkeriet i Årdal, framfor oss togar det inn ei lang rekkje med barnehagebarn i gule refleksvestar. Dei skal inn og sjå korleis alle epla blir vaska, sorterte og pakka i store kassar, klare for å bli køyrt ut til butikkane. Svein, som er nytilsett dagleg leiar, peikar og forklarer, han viser veg forbi samlebandet der det i dag arbeidet sju stykk og inn på lageret der palle etter palle med Ryfylkefrukt står samla. Det nye fruktpakkeriet i Årdal, som opna i august, har som mål å gi næringa eit løft. Det er investert om lag 16 millionar i det nye bygget, som har ein storleik på 2000 kvadratmeter. Innovasjon Norge er med på finansieringa med ein million i støtte og fem millionar som lån. I tillegg er både Sparebanken Vest og Ryfylkefondet med på investeringa og Ryfylke IKS har stilt med prosjektleiing i byrjinga og Hjelmeland kommune med ei rimeleg og god tomt.  

— No blir det enklare å produsere frukt i Ryfylke, her får ein meir effektiv pakking, i tillegg til at ein får ein fagleg og sosial møteplass, meiner dagleg leiar Svein Hia.

Det var bøndene sjølve som lanserte ideen om eit lokalt fruktpakkeri tilbake i 2014. Trenden var at stadig færre unge ville drive med frukt, og volumet gjekk ned.

— Me hadde ei samling på Hjelmeland der både fylkesmannen, Innovasjon Norge og landbruksavdelinga var med oss. Me måtte gjere noko skulle næring overleve, seier styreleiar og fruktbonde Øystein T. Kleppa.  

På den tida leverte næringa i Ryfylke frukt til pakkeriet på Rennesøy. Etter kvart blei det klart at dersom  fruktnæringa i regionen skulle vekse, måtte det store investeringar til på Rennesøy for å klare å ta i mot mengdene med frukt. Dermed kom ideen om eit lokalt pakkeri i Årdal. Det nye pakkeriet opna tidlegare i haust, pakkeriet på Rennesøy er no blitt eit reint tomatpakkeri.

RYFYLKEFRUKT AS

Det nye fruktpakkeriet i Årdal som opna i august har som mål å gi næringa eit løft. Det er investert om lag 16 millionar i det nye bygget som har ein storleik på 2000 kvadratmeter. Innovasjon Norge er med på finansieringa med ein million i støtte og fem millionar som lån. I tillegg er både Sparebanken Vest og Ryfylkefondet med på investeringa og Ryfylke IKS har stilt med prosjektleiing i byrjinga og Hjelmeland kommune med ei rimeleg og god tomt.

— Eit av dei viktigaste romma i bygget er truleg møterommet, der kan me samle oss og ta opp viktige tema som produsentane er interesserte i. Det blir enklare å vere fruktbonde når me kan dele kompetanse og erfaringar, seier styreleiaren som sjølv driv med eple, plommer og pærer på Nessa.

— Etter me starta dette arbeidet har fleire unge bønder no satsa, både med nyplanting og omplanting med frukttre. Det er kjekt å sjå.

‍Svein Hia forklarer spente barnehagebarn korleis epla blir vaska, sorterte og pakka.

20 bønder har samla seg om pakkeriet, på sikt ser ein at det kan vekse til rundt 30. Svein Hia har sjølv nyleg flytta til Årdal for å ta over heimegarden, der han no har ein liten saueflokk.

— Det hadde sjølvsagt vore kjekt med frukt der og, men me får sjå det litt an, seier han og ler.

Inne i produksjonshallen slår den kalde lufta i mot oss, her kjem epla trillande inn på eit band. Maskinen som er kjøpt brukt frå Nederland tar seg av vasking og sortering av eple, som deretter blir pakka i plastposar og kassar. Her står kassar med frukt der produsentnamnet er godt synleg, det er viktig å vite kor frukta kjem frå, og det er viktig å kunne levere kortreist frukt inn i marknaden. Ryfylkefrukt har no sikra seg avtale med både Bama og Coop, på det meste blir det pakka eit tonn i timen. I tillegg har dei avtale med Grønvik Gard der dei leverer skada eple til eplemostproduksjon. Det er eit mål å få til ein total produksjon på 1000 tonn frukt i året. Pakkeriet pakkar både eple, pærer og plommer.

— Resultatet i år blir spanande. Det har vore eit vanskeleg år for dei fleste produsentane, det var ingen god start for pakkeriet, men me skal klare oss fint. Dette er kome for å bli, slår Svein Hia fast.

Produsentane melder inn frukta til pakking når den er klar, pakkeriet leiger sjåfør som då køyrer rundt for å hente inn. Øystein T. Kleppa som sjølv er produsent kjenner godt til den dårlege sesongen som har vore i år.

— Det har vore ein kjempevanskeleg sommar, men på ein måte er det betre at dette uåret kjem no enn neste år, då satsar me på at volumet som blir produsert på pakkeriet er endå større, meiner han.

— I år har mykje av epleproduksjonen gått til saft eller juice, seier T. Kleppa og viser til at mange fekk frukt øydelagt av ein heftig haglstorm i sommar.

‍Elin Helgøy Nordpoll (t.v) og Ingvild Apeland (t.h) pakkar frukt i rekordfart. På det meste pakkar dei eit tonn i timen på fruktpakkeriet.

Både han og Svein Hia er optimistiske for framtida. Ryfylke har alltid vore ein fruktregion, og no ser ein tydeleg at fleire unge tar over fruktgardar og satsar på nyplanting.

— Me er jo sjølvsagt ikkje kjempestore på frukt, me når ikkje opp til Hardanger til dømes, samstundes har me veldig god frukt, me har gode forhold sjølv om det mange stadar kan vere litt lite sol og litt mykje vind.

Sjølv har Hia lært mykje om frukt og ulike sorter eple, plommer og pærer.

—  Etter me starta dette arbeidet har fleire unge bønder no satsa, både med nyplanting og omplanting med frukttrær. Det er kjekt å sjå. 
[Øystein T. Kleppa]

— Eg må jo lære alt her, dette kan jo produsentane så mykje om, eg blir stadig betre på det. No smakar eg på alt som kjem inn her.

— Og så blir det viktig å få mest mogleg ut av drifta her, at huset kanskje kan bli leigd ut på vinteren, og at ein får inn produsentar som forlenger sesongen både på våren og på hausten. Me har kapasitet til å lagre meir frukt slik at ein får pakking tettare opp mot jul.

Han fortel at produsentane til Ryfylkefrukt slett ikkje treng  å bu i regionen, så lenge det er mogleg praktisk er det heilt greitt med produsentar lengre vekke.

— Me må og ut av Rogaland for å selje frukt, det må vere eit mål framover, meiner Hia.

‍Svein Hia har hatt ein bratt læringskurve når det gjeld frukt. No veit han mykje om både eple, pærer og plommer.

Telefonen hans ringer stadig. Svein Hia kom til fruktpakkeriet frå stillinga som avdelingsleiar for administrasjonen på Stiftelsen Hiimsmoenkollektivet på Sand. Overgangen har vore stor, sjølv om det også her handlar om å sjå moglegheiter for å betre kvalitet og resultat.

— Det er mange som har spurt meg om eg veit kva eg gjorde då eg tok denne jobben, seier han og ler godt.

Barnehagebarna er ferdige med rundturen, på veg ut dørene får dei ei obligatorisk gåve med seg; eit raudt og freistande ryfylkeeple i handa. ■

Tilbake til toppen