Skaparglede i sandkassen

Terje Gundersen fekk ein god idè i sandkassen heime. No kan han snart kjøpe sine eigne treleiker i butikken.

Frå
Mitt Ryfylke 2015 3
Mitt Ryfylke 2015 3

Far og gründer Terje Gundersen har alltid vore glad i å leike. I barndommen på sørlandet var det gjerne leik ute i naturen både natt og dag, han har ikkje tal på dei nettene han har sove ute og så ofte gått rett på skulen dagen etterpå. Han har gode minne om hyttebygging og diverse innkjøp av trebåtar som hadde sterkt behov for å bli fiksa før dei kunne sjøsetjast. Kanskje var det då kreativiteten og skapargleda vart vekt ?  Kanskje var det då han såg at trevirke er eit godt materiale å laga leiketøy av som mange kan ha glede av ?

— Eg fekk stor fridom til å vere kreativ, til å prøve ting og til å vere nysgjerrig, ofte var eg nok vel så mykje til irritasjon som til glede for dei rundt meg. Det har gitt meg ein god kreativ bagasje, seier gründeren som vaks opp på den såkalla Palmekysten, Kristiansand.

Heime på Suldalsosen starta ideen om dei robuste treleikene i sandkassen då sønene var små.

— Eg laga nokre leiker til dei som folk såg når dei var innom, det kom ein del kommentarar på dei og nokre spørsmål om korleis leikene var bygde opp. Barnehagen var til og med innom og viste interesse.

Dermed starta det som fortonar seg som eit eventyr. Terje lever ut draumen og er blitt leiketøyprodusent av eit leikekonsept som omhandlar tre, plast og ei heilt unik magnetkopling, kalla Magnito-I-Lock system. Teknologien sikrar at delane heng godt saman, og likevel er raske å ta ifrå kvarandre når ein brukar rette metoden. Dette gjer at leikene kan setjast saman til mange ulike køyretøy, i første omgang er det planlagt ein serie med dumper, skogsmaskin og traktor. Men det er berre byrjinga, ein bil i retrostil er allereie komen på reklamebanneret, og mange fleire produkt er på teiknebordet. Med eit produkt som er designa og utvikla i Suldal, og som har treklossar frå Italia, magneter frå Tyskland og plastikkdeler frå Kina, er det blitt eit internasjonalt produkt. Produksjonen føregår i Kina medan den norske innovasjonsbedrifta Pavels Innovation i Skien har vore med på marknadsføring og utvikling av produktet.

Terje jobba som lærar då ideen om leikene for alvor dukka opp. Han melde seg på eit etablerarkurs for å få kunnskap om kva som måtte til for å starte eiga bedrift. Kunnskapen skulle han mellom anna bruke inn mot elevane, og ikkje i første omgong på seg sjølv. Men på kurset vart han utfordra på å ha ein konkret idè han kunne bruke, og dermed byrja snøballen å rulle.

— Ei stund etter kurset måtte eg ta eit val om eg skulle forkaste eller gå vidare med leiketøyideane. Eg hugsar ei søvnlaus nått då eg sende ein epost til Pavels Innovation i Skien om ideen i to–tre – tida på natta, klokka åtte neste morgon ringde telefonen. Dette ville dei gjerne vere med å utvikle vidare.

Dei fire åra som har gått etterpå har han brukt til å knyte nettverk, utvikle ideen, jakte på kapital og bygge opp bedrifta Beljo, som har fått namn etter forbokstavane i namna til sønene; Bård, Elias og Jonas. Terje har lært at ein må vere tolmodig skal ein utvikle noko.

‍Beljo har fått namn etter forbokstavane i namna til sønene; Bård, Elias og Jonas. Ideen vart skapt i sandkassen heime.

— Det er ikkje tvil om at ein kan bli både utolmodig og frustrert. Men det er tida som gjer at det blir skikkeleg produkt, tar ein snarvegar kan det slå negativt tilbake, trur gründeren som meiner det er eit av dei viktigaste råda til andre som vil utvikle noko, ting tar tid, og ein bør ikkje love for mykje for tidleg.  

— Eg har lært dette frå dyrekjøpt erfaring, men no er det ikkje lenge til produkta er for sal. No får det gå som det går, forhåpentlegvis bra, viss ikkje så har eg lært mykje, ikkje minst at det ikkje er farleg å gjere eit forsøk.

— Kva er det som driv deg?

— Eg vil skape noko, og eg vil ikkje stoppe med leiketøy. Denne magnetkoplinga kan brukast til så mangt. Motivasjonen er ikkje å bli rik, men å sjå at ein ide blir verkeleg. Den beste motivasjonen for å kaste seg ut i dette er tanken på at ein leketøystanke i eit absolutt gjennomsnittleg hovud i ein utkant, som Suldal trass alt er, kan bli verkeleg og forhåpentlegvis til glede for barn utover Noregs grenser.

Prosjektet har kravd både tid og pengar. Utan familien i ryggen hadde det aldri gått bra.

— Det er jo i grunn ein skikkeleg egotripp, viss du ikkje har dei heime med deg på laget blir det tøft, seier  læraren som dei siste åra har hatt mange småjobbar som har gitt han lønn men og ein fleksibel arbeidskvardag.

Draumen er å skape fleire arbeidsplassar, men i førsteomgong sin eigen.

—For Suldal kommune er det viktig å skape ein ny arbeidsplass, kanskje viktigare enn det er for ein bykommune å skape «berre» 10 nye arbeidsplassar. Me er avhengig av alle dei jobbane me kan skapa. Det er ingen i Suldal som ønskjer at me blir færre, men heller fleire. Eg håpar at mitt prosjekt gjerne kan bidra til fleire arbeidsplassar i kommunen. Som gründer i Suldal føler eg at me har ei god skaparkraft i kommunen. I Suldal har ein fått mange arbeidsplassar ved å skape, innovere og kaste seg ut i utfordringar om det er i vasskraft, steinindustri eller landbruk. Det er mange suldølar med gode idear.

— Eg håpar verkeleg fleire kan sjå at det ikkje er så farleg å gjere eit forsøk. Det er betre å sitje på aldersheimen å vite korleis det gjekk, enn å sitje der å gruble; tenk om … kva om eg hadde gjort...

‍Med eit produkt som er designa og utvikla i Suldal, som har treklossar frå Italia, magneter frå Tyskland og plastikkdeler frå Kina, er det blitt eit internasjonalt produkt.

— Målet er å lansere ein nettbutikk og distribusjon som kan handtere det meste av den norske og nordiske marknaden sjølv. Ute i resten av verda, spesielt i store marknadar som USA, blir det viktig med gode avtalar og distributørar.

No vil Terje først og fremst få bedrifta si opp å gå, han gler seg til å kunne gå i ein leiketøysforretning og sjå forventninga i auga til eit barn som  går med ei Beljo-leike under armen på veg til kassa. Han gler seg ikkje mindre til å kunne utvikle nye produkt og til å finne gode løysingar på viktige problem. Magnetkoblinga kan brukast til så mangt, det er berre fantasien som sett grensar, skal ein tru Terje.

— Og så har eg ein idè om å dele mine gründererfaringar med  andre som ønskjer å skape noko sjølv, eg trur eg har lært noko på denne reisa som kanskje kan hjelpe andre som vil skape noko, og som vil starte opp noko nytt.  

— Det beste rådet er vel uansett å ikkje slutte å leike, slår han fast. ■

Tilbake til toppen