Ikkje noko juks på Fargeriet

Hiimsmoen sin kafé på Sand, er åleine verd ein tur til Suldal. Denne intime og spesielle kafeen som opna i 1994 har fått namnet sitt etter fargerimeister Røgenæs som dreiv i same lokala for vel hundre år sidan.

Frå
Mitt Ryfylke 2015 1
Mitt Ryfylke 2015 1

Kafeen lever opp til namnet som fargeklatt i Gata, og er eit 20 år gamalt prov på at heimelaga og vellaga er eit suksesskonsept som ikkje går av moten.

Mangt eit verdsproblem har blitt drøfta, og somme heilt sikkert også løyste, over ein tallerk dampande kyllingsuppe. Fleire politikarar og andre lokale heltar har fått passet sitt påskrive over ein kopp angande kakao, og det finst truleg ikkje det ammeproblem som ikkje har blitt diskutert over dei rustikke treborda i kaféen i løpet av åra.

Fargeriet har ikkje verdas største meny, men her får du ekte mat, laga frå botn av. Kafeens bagettar er vidgjetne og har vore ein del av etekartet sidan 1994. Men ein har også visst å omstilla seg, og har regelmessig gjort små endringar, i takt med kundane sine ønske.

— Eg les oppskrifter som om dei var romanar, så testar eg ut ting i kafeen, gjerne med ein liten vri, seier Mina Kang Jørgensen, som har arbeidd ved kafeen i 16 år.

På Fargeriet sparer ein ikkje på kaloriane, fortel Mina Kang Jørgensen.

Ei av hennar oppfinningar er den populære Dronning Maud-kaka med mandelbotn. Magasinet Mitt Ryfylke møter Mina og makker Veronica Lundal Warhaug tidleg om morgonen. Fleire stader i det lune kjøkkenet gløttar deigar fram under kjøkkenhandklede. Fargeriet har ikkje eige heverom, difor blir ein kvar ledig flekk nytta når bagettar, bollehorn og annan gjærbakst skal hevast i morgontimane.

— Me baker nett slik folk gjer heime, fortel Mina medan ho er i konstant rørsle mellom bakebenk, vask og omnar.

Veronica står og kuttar salat og andre grønsaker til bagettane. Dei to arbeider stille og konsentrert i eit prikkfritt kjøkken kor ting blir rydda bort straks dei er brukte.

Det er to timar til kafeen opnar. Mina nyttar også tida til å leggja siste hand på ei kake som er bestilt bort. Jordbær blir delte opp og fordelt elegant over kaka.

— Stundom gløymer me tida, då har det hendt at gjestene bankar på vindauga, fortel Mina leande.

Medan deigane hevar, byrjar kvinnene vanlegvis på middagen. I dag er det lammefrikassé som skal serverast, laga av villsauskank frå ein gard på Sand. Kalvekjøt blir også handla lokalt.

Me får eit glimt inn i eit velordna og ryddig kjøleskåp. Her står store mengder fløyte, rømme og majones. Ein sparer ikkje på kaloriane, og kakaoen som Mina står og rører i er laga av heilmjølk, kokesjokolade, kakaopulver og vaniljesukker.

Blant publikumsfavorittane er kyllingsuppa. Ostekaka og brettekringla har også mange tilhengarar, for å ikkje snakka om komla som blir servert torsdagane. Kaféen leverer også kaker, rundstykke, smørbrød og anna mat på bestilling til bedrifter og private.

Mina og Veronica fortel at suldølane er flinke til å gå ut og eta.

Dei første åra hadde kaféen berre ope to - tre dagar i veka, men besøket tok seg raskt opp. Nå har kaféen ope kvar dag, utanom søndagar. Fargeriet er ein viktig arbeidsplass for ungdom, både lokal og ungdom frå Hiimsmoen-kollektivet. To tilsette arbeider fullt.

Dei unge får også prøva seg på matlaging, og alle må læra seg å laga bagettar, ostekake og Brownies, fortel Mina, som legg eplesyltetøy inn i det som skal bli epleboller. Ho legg vinn på variasjon også i gjærbaksten, så ein annan dag lagar ho anten mandelboller, skillingsboller eller brettekringle.

Mina er oppteken av at alle er med i eit arbeidsfellesskap på kjøkkenet. Ingen er sjef, alle er likestilte og arbeidar i lag mot eit felles mål: Nøgde kundar som et og drøser slik at det durar i veggane.

Lyse Bagettar

1 liter vatn
1 pakke tørrgjær
1,5 ts. salt
0.5 dl. olivenolje
2,7 liter kveitemjøl

Varm vatnet til 40-42 grader. Ha i olivenolje og bland det tørre i. Pass på å legg salt og tørrgjær i på kvar side av bakebolla, slik at det ikkje blir blanda med det same, då hevar det betre, fortel Mina Kang Jørgensen. Det er viktig at deigen er luftig og blir godt elta.

Deigen gir 15 bagettar eller 30 rundstykke. Pensla emna med piska egg, halvblanda med vatn.

Når det gjeld steiketemperatur seier Mina kvar enkelt på prøva seg fram. I varmluftsomn steiker Fargeriet bagettane på 200 grader i ca. 20 minutt. Rundstykka treng noko kortare steiking.

Tilbake til toppen