Møllearven

Aslak Lie (42) er sikker i si sak. Det var rett å ta over familiebedrifta. Slik sikra han vidare utvikling for Tau Mølle.

Frå
Mitt Ryfylke 2015 3
Mitt Ryfylke 2015 3

Tau mølle: Mølla på Tau har vore i drift i heile 150 år. Då Norgesmøllene la ned drifta midt på 1990-talet frykta mange at mølla skulle bli ståande mørk og tom. Andre spekulerte i at det kom til å bli leiligheiter eller hotell. Men Jan Lie, som hadde lang fartstid på mølla tok over bygningen  i 1998. Han starta bedrifta Vestkorn og starta produksjonen av puffa kveite, ris og havre. Då var omsetnaden om lag fire millionar kroner, i dag har Tau Mølle og dotterselskapet Vestkorn Milling AS ein omsetnad på om lag 160 millionar kroner, og har 20 tilsette. No er det Aslak Lie som styrer bedrifta.

Det er romjula i 2005. Aslak Lie er marknadssjef i Stabburet, han har etablert seg i Tanum med familie og livet går i sin vante gang. Telefonen som kom heime frå Tau var uventa, far og primus motor på Tau Mølle,  Jan Lie var blitt sjuk. Spørsmålet dei måtte ha familieråd for å ta stilling til hang i rommet som ein skugge over heile julefeiringa.

— Viss ikkje du vil heim og ta over mølla, må me selje, var beskjeden frå Vestlandet.

— Det er ikkje lett å få slike telefonar, seier Aslak og dreg handa over panna. Det er ein kald vårdag på Tau, Aslak snakkar seg varm om puffa ris, puffa kveite og alt anna det går an å puffe. Men no stoppar han litt opp. Minna frå den julehelga er ikkje berre lette å snakke om.

— Eg hadde igrunn ikkje noko val. Eg ville heim, viss ikkje eg hadde gjort det trur eg denne store bygningen hadde stått tom no, seier han og nikkar mot mølle-bygget, den kvite dronninga som ruvar ved sjøkanten på Tau. Bygget ein kan sjå heilt frå Stavanger.

I dag er han vekependlar. Kona Camilla og dei tre barna bur heime i Tanum.

— Eg går jo glipp av mykje, det er klart. Men så er eg tilstades når eg er heime, her jobbar eg stort sett heile tida. Me kan ikkje vere på familieferie her for lenge, då hamnar eg berre på jobb.

Mølla på Tau har vore i drift i heile 150 år. Då Norgesmøllene la ned drifta midt på 1990-talet frykta mange at mølla skulle bli ståande mørk og tom. Andre spekulerte i at det kom til å bli leiligheiter eller hotell. Men Jan Lie, som hadde lang fartstid på mølla tok over bygningen i 1998. Han starta bedrifta Vestkorn og starta produksjonen av puffa kveite, ris og havre. Då var omsetnaden om lag fire millionar kroner, i dag har Tau Mølle og dotterselskapet Vestkorn Milling AS ein omsetnad på om lag 160 millionar kroner, og har 20 tilsette. Vegen fram til suksess har ikkje vore like bein som ein tysk motorveg. Hindringane har stått i kø.

— Me har fleire gonger vore på kanten av konkurs, men me har klart oss. Eg har satsa det eg hadde av midlar for å få dette opp å gå på nytt, og me har klokketru på at det går an. Men det er klart me er små og sårbare. Me kan ikkje lene oss tilbake i stolen, me må heile tida utvikle nye produkt.

— Heile puffeanlegget her er nedbetalt, viss ikkje hadde me ikkje drive på med dette, seier Aslak og slår fast at marknaden i stor grad er Noreg og Sverige.

I dag er drifta delt i tre selskap, Tau Mølle produserer puffa produkt, Vestkorn produserer protein – og stivelsekonsentrat frå erter, som igjen blir brukt i dyrefor. Vestkorn er den største produsenten av erteprotein i Europa og har stor eksport til USA. I tillegg leiger Tau Silo ut fleire av siloane i mølle-bygget.

— Vestkorn står for om lag 85 prosent av omsetnaden, det er ganske mykje,  slår Aslak fast.

— Me fungerer jo meir eller mindre som eit logistikksentrum for forproduksjonen i primernæringane på Vestlandet.

Tau Mølle har spesialisert seg på puffing av korn, enten det er kveite, havre eller ris. Ved puffing blir fullkornet utsett for sterk varme under trykk. Når trykket forsvinn utvidar kornet seg og ein får den knasande konsistensen. Korleis kvaliteten på det puffa produktet blir er spesielt avhengig av kvaliteten på råvarene, ikkje minst om råvarene er fuktige. Til motsetnad mot mange andre kornblandingar på marknaden er dei puffa produkta ikkje tilsett verken sukker eller andre tilsetjingsstoff.

‍Det er snart berre fantasien som set grenser for kva som kan puffast i møllebygningen på Tau.

— Det er eit mål for oss å lage sunne og gode produkt. Men me ser at det er vanskeleg å kome inn i butikkane med nye produkt. Nokre av dei sunnaste blir meir retta mot helsekost enn daglegvarebutikk, meiner Aslak.

Gjennom mange år i bransjen har han sett korleis dynamikken i matvarebransjen er, og kva som må til for at ein skal få hylleplass. Her er det pengar og tyngde som gjeld.

— Det er noko gale når bonden får 2,5 kroner per kilo kveite, og eit brød i butikken kostar 30 kroner. Det er eit mellomledd som stikk av med noko her, meiner sjefen ved Tau Mølle.

Det er mykje prøving og feiling, og ikkje minst smaking hjå Tau Mølle. Alt må smakast på, og direktøren sjølv er ikkje redd for å ta på seg forkledet og bake litt.  Når dei skulle lage nye risboller vart leiinga også sitjande for å smake og teste, sjokoladen måtte ikkje smelte for fort og ikkje vere for klissete. Samstundes som den stivna raskt. Inga lett oppgåve. Ellen-Christine Lendengen er utdanna bakar og konditor. Ho arbeider dagleg med mat og bakverk og har gjort noko spanande prøveproduksjonar for Tau Mølle med røsta havremjøl. Konditoren har erstatta noko av kveitemjølet med havremjøl i både muffins, pizzabotnar og frukostbrød,  og meiner bestemt at den bedrifta som ser nytta av det sunne produktet vil få fram noko heilt unikt og ein spesiell smak. På den vidaregåande skulen ho arbeidde vart vaffelkakene og suksesskakene med havremjøl ein slager.  

— Mange assosierar denne smaken frå barndommen då dei åt puffa havre eller Honni korn, meiner Lendengen.

Han har ikkje angra Aslak Lie, verken på at han sa ja den gongen telefonen frå Vestlandet ringde, eller på at han har satsa. Han har uansett alt for mykje energi til å kvile for lenge om gongen. ■

Tilbake til toppen