Jungeltelegrafen som salskanal

Mikal Viga meiner jungeltelegrafen har spela størst rolle for auken i salet av røykelaks. For familiebedrifta på Nesvik i Hjelmeland er den travlaste tida på året med produksjon og levering frå oktober til desember.

Frå
Mitt Ryfylke 2015 1
Mitt Ryfylke 2015 1

— Det kokar nå i høgsesongen og me har åtte arbeidarar i full sving inkludert meg sjølv, fortel Astrid.

Høgsesong er lik høg intensitet og produksjon i produksjonshallen på Nesvik. Astrid har både produksjon, bestillingar, pakking og distribusjon å tenkja på. Telefonen kimar og nye bestillingar rullar inn samstundes som Mitt Ryfylke svingar innom for å ta pulsen på produksjonen.

— Alle skal ha laks til jul, fortel Astrid.

I pakkehallen blir det i dag i tillegg til vanleg kappa røykelaks òg reinskore og produsert spesialbestillingar for eksport. Då er sidene kappa slik at berre indrefileten, loins, som står att. Spesialbestillinga kjem frå pengesterke kundar i Tyskland og Sveits.

Kestutis Kazlauskas har vore tilsett hjå Mikals Laks dei siste seks månadane, og ser ut til å stortrivast på kjøla, der han spylar, saltar og vaskar laks før røyking.

Interessa for fiske og å ivareta mattradisjonar var i lang tid hobby for Mikal før han og kona bestemte seg for å satsa på dette som leveveg for femten år sidan. Han er fødd og oppvaksen i fiskemiljøet på Hundsnes.

Produksjonen og etterspurnaden av den populære røykelaksen frå King Mikal har auka jamt dei siste fire fem åra. Ekteparet er i ein fase der dei må ta stilling til om dei er interessert i ytterlegare vekst, som vil krevja auke både i bemanning og investeringar i eigna lokalitetar.

Vidas Kazlauskas har vore hjå Mikals Laks i om lag 10 år. Dottera jobbar heime i Litauen, medan sonen jobbar på K-plast på Hjelmeland. Broren er nyleg byrja hjå Mikals Laks, og har ansvaret for å salta ørret. — Eg set pris på den gode atmosfæren på arbeidsplassen. Her er det rom for musikk og godt humør.

Det er ikkje noko standard kvardag for dei som driv i denne bransjen og her tar alle i eit tak i alle produksjonsledd uavhengig av stilling.

— Kva er det som driv dykk?

— Kjekke og nøgde kundar, svarar Astrid. Det å skapa noko og å kunne bestemma over eigen jobb og arbeidskvardag er motiverande.

Irena Norkûnaite kom for fyrste gong som sesongarbeidar i august fram til desember. Ho likar seg godt og set stor pris på arbeidsgjevarane Astrid og Mikal Viga. — Eg har ein fantastisk sjef, smiler ho.

Jamnt over produserer Mikals Laks 4-5 tonn røykelaks i veka som blir vakuumpakka i 200 og 400-gramspakningar og sider. I høgsesongen frå oktober til desember, opplever dei ein etterspurnad på 8-10 tonn i veka. Då er det godt å ha sesongarbeidarar å ta av.

Astrid fortel at det er ein stabil arbeidsgjeng som både er fast ved anlegget, men og dei som kjem som sesongarbeidarar i høgsesongen på hausten kjem tilbake år etter år.

Vidas Kazlauskas har vore hjå Mikals Laks i om lag 10 år. Dottera jobbar heime i Litauen, medan sonen jobbar i bedrifta K-plast på Hjelmeland.

— Eg set pris på den gode atmosfæren på arbeidsplassen. Her er det rom for musikk og godt humør, fortel han.

Broren Kestustis Kazlauskas er nyleg tilsett hjå Mikals Laks der han saltar, pakkar og røyker laks.

I produksjonshallen på Nesvik må alle ta i eit tak der det trengs. Dagleg leiar Astrid Viga er godt nøgd med arbeidsgjengen sin.

I dag har Mikals Laks ein årleg produksjon på 150 tonn ferdig pakka røykelaks og gravlaks. Av desse blir rundt tjue prosent eksportert til

Europa. Blant landa som mottek ferdig pakka røykelaks frå Nesvik er Luxemburg, Østerrike, Sveits, Tyskland og Frankrike. Laksen dei røyker og saltar kjem frå Marine Harvest sine oppdrettsanlegg hovudsakleg i ryfylkefjordane. I tillegg produserer dei røykt aure, men i mykje mindre grad.

Eksporten har auka radikalt, fortel Mikal. Han står på farten for å få avgarde ei palle med 400 kilo laks, då Mitt Ryfylke magasinet troppar opp. Her er det berre minutt om å gjera for å nå ferja, for å få den populære røykelaksen frå Nesvik fram til marknaden i Luxenburg.

Valdas Vaicys frå Litauen har jobba hjå Mikals Laks i seks år i høgsesongen opp mot jul og set pris på arbeidsplassen.  — Eg likar denne jobben og set pris på å møta dei same folka år etter år.

Skal du freiste å få Astrid Viga til å ta ein liten pause kan det vera lurt å lokke henne med varmrøykt laks med eple, lime og creme fraiche. Det er nemleg favoritten. Men du må skunde deg, for tolmod er ikkje hennar sterke side, fortel ho. ■

Tilbake til toppen