Raust kompetanseløft

Ove N. Øye har bygd eit sterkt kompetansemiljø på rekordtid i ingeniør- og konsulentbedrifta Varicon. Bak det heile ligg det eit raust menneskesyn.

Frå
Mitt Ryfylke 2019 3
Mitt Ryfylke 2019 3

– Me kan berre lukkast med dette prosjektet om dei som jobbar her har det bra.

Dagleg leiar Ove N. Øye svingar lett på stolen og kikkar ut i lufta. Han er kvardagsleg kledd i fleece-genser og dongeribukse. På det vesle kontoret innerst i Varicon sine kontorlokale er det lite og ingenting som minner om autoritet eller dressjakke. Ove er ikkje som alle andre sjefar, og Varicon er ikkje som alle andre ingeniør- eller konsulentbedrifter. Sidan oppstarten i 2018 har Ove N. Øye bygd laget stein på stein, etter kvart som spanande personar dukka opp i nærleiken av saudabedrifta har Varicon utvida, som regel med både ny tilsett og nytt kompetanseområde. Alle dei tilsette er blitt viktige brikker i utviklinga av bedrifta.

– Eg har tru på fridom under ansvar. Me har null hierarki, her er alle på same nivå. Me hadde ikkje vore det Varicon er i dag, viss ikkje det hadde vore for dei medarbeidarane me er og i framtida skal bli. I tillegg så er me der me er i dag på grunn av stor tru på det me held på med blant alle eigarane våre, slår Ove fast.

Kontorlokala hjå Varicon er av den lyse og innbydande sorten, her har bedrifta sin eigen interiørarkitekt Margrethe A. Hodne sett sitt fargerike avtrykk med møblar i duse blåtonar og moderne belysning. Denne dagen er nokre av dei åtte tilsette  medan andre er innom myldrerommet og kjøkkenkroken for å finne seg ein kaffikopp. Den kan dei nyte under sollyset som trenger seg ned via takvindauga. Her er det ingen sjef som heng over skuldra til dei tilsette, ingen stemplingsur eller faste kontortider. At Ove sit på det minste kontoret i bygget er heilt bevisst. At Ove sit på det minste kontoret i bygget er heilt bevisst.

– Eg trivest her, eg har ikkje noko behov for å vere så synleg. Eg angrar og alltid litt når eg har sagt ja til slike intervju som dette. Men så er det litt kjekt og, fortel Ove. Historia han skal fortelje om korleis han har bygd Varicon på berre to år minner litt om hans eiga livshistorie. Det handlar om å ta sjansar, om å stole på at det som ser ut som gull faktisk kan vere det og om å kunne snu seg raskt rundt.

– Hugs på at eg har gifta meg tre gonger, med same kone. Dette er det 20 år sidan altså, kona mi er frå Thailand, og me gifta oss raskt for at ho skulle få bli med meg til Sauda, deretter vart jo familien min snytt for eit bryllaup. Så då vart det bryllaupsfeiring - først i Sauda, så i Thailand. Det er ganske spesielt.

I dag bur han i Sauda med kone og tre barn. Denne dagen skal den eine dottera installere vedomn i nytt hus. Sjølvsagt stiller far opp når «jentungen» som han kallar det treng hjelp.

Ove N. Øye har tru på at ein raus leiar-filosofi bygger bedrifta stein på stein.

Varicon er kanskje mest kjent for å levere engineerings-tenester til prosessindustrien. Og dei har etter oppstarten utvida med andre tenester som geomatikk, 3D-skanning, interiørarkitektur, Miljø/HMS, geologi og nå til sist droneteknologi. Silje Fatnes Skaaerer har mastergrad i kjemi og jobbar med  Miljø/HMS, som ikkje berre handlar om å løfte helsemiljø, arbeidsmiljø og tryggleik på jobben, men også tar høgde for miljøvern og miljøtiltak.  Ho har og bakgrunn frå Statoil der ho har arbeidd med ulike miljøoppgåver.

– Me har hatt nokre fantastiske år med vekst. Somme gonger tenkjer eg : «å nei, kva har eg gjort nå», men så rett etterpå roar eg meg som regel. Ein kan vekse raskt så lenge dei som kjem inn ynskjer å bidra på ein god måte. No er det likevel på tide med ein liten pause, no må me få stabilisert det me har og styrke kundegrunnlaget slik at alle har jobbar til ein kvar tid.

– Alle tilsette er flinke til å selje inn jobbar sjølv, men eg ser jo at sjølve salet også krev meir av meg når me blir såpass mange, meiner Ove som har tru på at ein må gjere tenestetilbodet kjent i lokalsamfunnet.

– Me hadde ikkje vore det Varicon er i dag, viss ikkje det hadde vore for dei medarbeidarane me er og i framtida skal bli
[Ove N. Øye]

Då eventyrhistoria til Varicon starta hadde Ove sitt eige aksjeselskap, og hadde ved fleire høve leigd inn oppmålingsingeniør Stian Norvik som då jobba i DS Bygg. Etter kvart kom ideen frå Stian og han sjølv at ein kunne slå saman deler av bedriftene. Det var oppstarten til Varicon slik me kjenner det i dag. Dagfinn Birkeland eig kontorlokala Varicon er i, han og Steinar Kirkhus er også på eigarsida i bedrifta, saman med Ove Næss Øye og Stian Norvik. Mario Basiola som driv med simulering er den einaste som var med Ove frå gamal til ny bedrift, kort tid etter vart interiørarkitekt Margrethe A. Hodne som også dreiv med oppmåling, tilsett i bedrifta, før mekanisk ingeniør Bjørn Åge Lønseth tok kontakt og fekk jobb.

– Så hadde me ein ide om at geologi kunne vore noko å satse på. I ei tid med mykje dårleg klima, ras og behov for mykje sikringsarbeid tenkte me det kunne vere ei viktig teneste å tilby. Tilfeldigheitene ville at me kom i kontakt med ei som gjerne ville flytte heim igjen til Sauda, mannen hennar var geolog. Eg ringde han og sa at me gjerne ville ha han med på laget om dei flytta inn, det trur eg sette fart i tinga, slår Ove fast.

Geolog Skjalg I. Bakken er opphavleg frå Sogndal, men heiv seg raskt rundt då Varicon kunne stille med jobb i Sauda. Her jobbar han med skredsikring, undersøkingar og har alt frå private kundar til bedrifter som Saudefaldene. Han har alltid likt fjord og fjell, og interessa tok han med seg inn i yrkesvalet.

– Eg likar meg godt her, sjølv om fjella er litt mindre dramatiske enn eg er van med. Ove er flink til å gi oss fridom, me kan langt på veg halde på som me vil, berre me blir ferdige tidsnok med jobben vår.

Det er ikkje ofte dei sit i sofaen, men den gode stemninga er det ingenting å seie på. F.v leiar Ove N. Øye, Håvard Mjøen og Bjørn Åge Lønseth i godt prat medan Skjalg I. Bakken har henta seg ein kaffekopp.

Litt lenger borte i gangen sit siste tilskot i bedrifta, nemleg Håvard Mjøen. Han kjem frå stillinga som avdelingsleiar for bachelorutdanning i droneteknologi ved Universitetet i Tromsø. No har han flytta til Sauda, også han har ei kone som gjerne ville heim igjen til industribygda. I dag sit han på golvet for å kalibrere ei heilt ny drone som snart skal ut på testflyging.

– Me fekk spørsmål frå Saudefaldene om me hadde drone-kompetanse, dei ynskte å sjå på om ein kunne brukt drone til å måle snømengde og vassmengde i snøen. Etter kvart fann me ut at teknologien for å måle snømengde allereie var på plass, og no arbeider me saman med Norwegian Research Center, Statkraft Energi og AS Saudefaldene om å utvikle radaren ytterlegare slik at den også klarer å måle kor mykje vatn det er i snøen. Dette kan bli veldig nyttig for mange kundar, fram til neste år skal me ferdigstille prøveprosjektet, så får me sjå om me klarer å realisere det, seier Ove. Han glimtar ekstra i auga då Varicon kan vere med på å utvikle noko nytt eller løyse eit problem som faktisk kan skape samfunnsverdi.

Håvard fortel at drone også kan brukast til foto, filming, oppmåling og til dømes vere eit verktøy for geologen som skal kartlegge utfordrande fjellområde. Både Håvard og Ove legg vekt på at det ikkje er lang veg mellom kompetanseområda i bedrifta, sjølv om mange av dei ser ganske ulike ut på papiret.

– Me blir stadig litt overraska over kor mykje slektskap det er mellom alt dette, det er ein raud tråd hjå oss og. På sikt trur eg me kan selje fleire «pakkar» der ein inkluderer fleire av faga våre, fortel sjefen sjølv som no er ute i myldreområdet, snakkar med folk og tar ein liten pause i sofaen.

Det er ikkje ofte me sit her ute, for å seie det slik, seier han og humrar.

I fjor hadde bedrifta ein omsetnad på om lag 4,5 millionar kroner. Ove N. Øye har aldri hatt eit skikkeleg intervju i tilsetjingsprosessar, han har derimot tatt ein telefon til dei han trur kan passe inn i bedrifta.

–  Eg snakkar med dei, og ikkje minst snakkar eg med dei som kjenner dei. Meininga er å finne ut om dei kan passe inn i gruppa og kompetanseområdet vårt, det er det viktigaste. Målet er at me skal vere ei kunnskapsbasert bedrift som kan bidra i Sauda. No har me ein fantastisk flott gjeng, fortel Ove som trur at eigen oppførsel er viktig for å bygge det rette laget.

– Eg stiller ikkje spørsmålet «kvifor har du gjort det slik eller slik», eg berre foreslår endringar eg har tru på. Me må vere likestilte, eg kan ikkje sitje i høgda og snakke ned til dei. Og så har eg god tru på at ein sjølv må gå i gong med oppgåver som er vanskelege og utfordrande. Det er betre enn å stå på utsida og peike på arbeidsoppgåver.

For Ove er det viktig at han ikkje berre tilset ein person, men eit heilt liv og ein heil familie.

– Mange gonger er det viktig å spørje korleis folk eigentleg har det, treng ein tre dagar fri så får ein det. Ein kan ikkje pressa folk inn i ein boks, folk må få levere på dei premissa ein treng, avsluttar han. ■

Tilbake til toppen