Realiserer draumane

Det finst alltid ein god idé rundt kjøkkenbordet til Henrik og Merete Halleland og mange av desse blir sett ut i livet. No må dei også førebu seg på ein ny Stavanger-kvardag.

Frå
Mitt Ryfylke 2017 1
Mitt Ryfylke 2017 1

Henrik er ordførar for Krf i Finnøy kommune og ønskjer velkommen inn i sitt eige gardstun på Søre Vignes. Denne dagen kikkar sola fram og med ei fantastisk utsikt over havgapet skulle ein tru ein var komen inn i eit nostalgisk postkort. Henrik har tatt ein pause frå ein hektisk politikar–kvardag, for å vise fram noko av det han og kona kanskje brenn aller mest for. Garden dei kjøpte i 2007, og der dei har lagt ned sjela i opp–pussing og bevaring av både jord og hus. Attpåtil har dei bygd opp ei eiga reiselivssatsing rundt Tyskerhålene som er på garden, eit innblikk i krigshistoria. Dette er ei satsing dei driv saman med Ryfylke Livsgnist, her kan ein blant anna oppleve eit ekte historisk spel. Det kan sjå ut som at ekteparet har fleire timar i døgeret enn dei fleste andre.

Merete og Henrik solar seg i lystrålene frå sola og medgir lett at det også har vore lange dagar og mykje arbeid før garden ser ut slik den gjer i dag. Dei har rydda, rusta opp bygningar og sett jorda i stand. I dag driv dei med om lag 100 sauer og 14 ammekyr. Henrik var fulltidsbonde før politikken tok over, no har Merete redusert stillinga si som sjukepleiar, for å vere meir bonde.

– Eg har alltid respektert bonden, og gjer det iallfall no, no ser eg meir kva arbeid det er å drive gard. Det er sunt å få innblikk i andre sin jobbkvardag, meiner ho.

Henrik på si side kan somme stunder sakne gards-

arbeidet på heiltid.

– Eg likar å vere min eigen sjef, å styre dagen min. Her er det og ei reiselivsbedrift, her kjem bussane på tunet og det er puls, eg saknar det mange gonger. Det er ein eigen livsstil dette.

– Har ordførarrolla di endra noko på livet som bonde?

– Utanom at eg ikkje har den tida heime som eg pleier, så må eg vel vedgå at eg ikkje går på butikken i kjeledress lenger, det kunne eg gjere før, seier Henrik og smiler.

– Men laurdagen er framleis ein god arbeidsdag, for meg er det god rekreasjon å kvesse opp motorsaga og gå laus på veden.

Skal dei vekk må det meste planleggast, og ein varaordførar må på plass. Då går ofte turen til hytta i Eigersund, dei trivst der.

‍Mange turistar får oppleve Tyskerhålene på garden frå innsida.

Merete serverer kaffi i gode krus og oppskorne eplebitar. Ho beklagar at ikkje det ikkje står større bakverk på bordet, tida strekk ikkje til i alle ledd. Her rundt kjøkkenbordet går samtalane fritt, om gardsdrift, om dei tre døtrene og av og til om politiske saker. Henrik rådfører seg slett ikkje alltid i heimen med viktige saker, men av og til blir det diskusjon, og det er ikkje alltid dei er samde. Frå seinast 1. januar 2020 blir Finnøy kommune ein del av nye Stavanger kommune, saman med Rennesøy. Noko ordføraren ser positivt på, han meiner fordelane med å bli ein del av ein større kommune er fleire enn ulempene. Merete er slett ikkje så sikker. Ho er oppteken av at kommunen sine innbyggjarar framleis må få eit godt tenestetilbod, og eit tilbod som er i nærleiken av kor dei bur. Henrik peikar på at Finnøy er ein av landets største tomatprodusentar og ein tung aktør i havbruksnæringa. At kommunen treng ein vekst og ein stødig rigg for å klare utfordringane framover, ikkje minst med tanke på kommuneøkonomi og rammevilkår.

– Me må drive meir rasjonelt enn me gjer i dag, meiner ordføraren.

– Eg trur dette blir bra, og eg er ikkje så redd for at Ryfylke som region vil forsvinne. Det håpar eg ikkje. Men eg trur

Ryfylke må få større vilje til endring enn me ofte  har sett før, slår Henrik fast.

Så oppteken av samanslåinga har Henrik vore at det til og med vart litt tittel–rot.

– Eg har vore så oppteken av dette med kommune-

samanslåing i det siste, at på eit møte i KrF nyleg, presenterte eg meg som ordføraren i Stavanger, sa han nyleg til Stavanger Aftenblad.

‍Både Henrik og Merete brenn for sauene på garden.

Henrik og Merete set seg nedpå med kaffikoppen, etter å ha hatt reine omvisinga i sauehuset, inn i Tyskerhålene der ein kan sitje på lange stolrekker inne for å få med seg historisk spel, vidare har dei tatt oss med ut på beitet med mjølbøtta for å helse på sauene. Det er ikkje så ofte dei sit slik og berre kikkar. Men viss dei gjer det så meiner Henrik at Merete raskt får ein ny idè ho ynskjer å setje ut i livet.

– Me må jo somme gonger ta nokre val, eg har nok lett for å sjå nokre avgrensingar av og til, men Merete, ho ser berre ressursar og moglegheiter, me utfyller kvarandre godt, seier Henrik og kikkar litt ertande bort på kona.

– Det er sikkert rett det, seier ho og ler.

– I sommar til dømes, då fekk eg plutseleg lyst til å byrje med bier og honning, men eg trur ikkje me skal det altså, fortel og ristar leande på hovudet.

Om dei ikkje skal gjennomføre alt dei drøymer om, så har dei likevel lite tru på at dei set ned tempoet så veldig. Dei ynskjer stadig å skape noko nytt, utnytte ein ny ressurs eller gi publikum noko nytt å sjå på garden.

– Me har jo lyst til dette, eg veit ikkje om det handlar om at me er modige, men ingen av oss er mørkredde, slår Merete fast.

– Men no må me ikkje framstå som noko anna enn me er, me er jo heilt vanlege. ■

Tilbake til toppen