Hus med utsikt

Tillitsfulle auge, roleg stemme og stilig framtoning. Eigedomsmeklar Marianne Torbjørnsen innbyr til tillit, og for Marianne er det og tryggleik avgjerande faktorar for gode kjøp- og salsprosessar.

Frå
Mitt Ryfylke 2015 4
Mitt Ryfylke 2015 4

– Målet vårt er at både kjøpar og seljar skal kjenna seg trygge i prosessen, understrekar Marianne Torbjørnsen. Ho er dagleg leiar i Aktiv Eiendomsmegling Ryfylke (Ryfylke Eiendomsmegling). Ho har lang erfaring med kjøp og sal bolig og fortel at det er mange ting å ta omsyn til i ein kjøpe- og salsprosess.

– Det er vårt ansvar å ivareta begge partar i salsprosessen, understrekar ho. Me sørger for både tips og hjelp til klargjering for visning. I budrundane er eigedomsmeklarar plikta til å gi budjournal, slik at ein unngår useriøse bud. Me sjekker finansiering på eventuelle kjøparar og me tilbyr eigedomsskifteforsikring. Det er viktig for salet at boligane me skal selja framstår best mogleg, seier Marianne, og som ein del av standardpakken samarbeidar dei med interiørkonsulent for å få hjelp til styling av boligen.

Til sals – skilta er kjende. Saman med visnings-skilt syner dei oss at noko er i endring at nokon har landa ei avgjerd om å ta eit steg vidare. Mykje skal på plass – meir enn ein kan hende er klar over, og medan nokre vel å ta prosessen med sal av eigen bolig i eigne hender vel andre å leggja det meste i hendene på erfarne eigedomsmeklarar.

Marianne møter oss på Fister i Hjelmeland kommune der ho er i ferd med å selja heimen for ekteparet Kjell og Ragna Driftland. Ho møter oss med eit godt handtrykk før ho leier oss inn i heimen der ekteparet ventar.

For Kjell og Ragna Driftland er det heilt naturleg å nytte seg av eigedomsmeklar til salet av huset sitt. Marianne kjende dei og hadde god erfaring med henne frå kjøpsprosessen av flunkande ny leilegheit på Tau i Strand kommune. Tida var moden for endring. Barn og barnebarn er busette i Stavanger og på Forus og sjølv om dei har landa ei avgjerd er det ikkje berre med lett hjarta dei vel å selja. Her er mange minne og spor av levd liv.

Borna er flytta ut og bileta av barnebarna står på kommoden. Det er eit romsleg og stilreint hus med murt steinpeis med innsats som varmar godt når ein sit i salongen. Det er framleis heimen deira og her har dei trivst godt i mange år. Huset som vart bygt i 1985 er eit solid stykke handtverk, og det vart i si tid nytta som utstillingshus for byggfirmaet.

Medan Ragna er klar for ein litt lettare kvardag med mindre areal både ute og inne og bolig på eit plan, var det utsikten i den nye leiligheiten som var avgjerande for Kjell. Utsikten er upåklagelig både i heimen på Fister og den nye leiligheten på Tau. Medan dei på Fister har utsikt ut Fisterfjorden har dei på Tau sikt over til Stavanger og kan følgja med på ferja som kjem og går.

For ekteparet er vona at dei som kjem til å flytte inn i den gamle heimen deira får kjenna på den gode kjensla av å bu der.

– Det blir godt å sjå at nokon tek heimen vidare og at dei vil finna roen og trivst her, slik me har gjort, seier dei.

Ragna og Kjell Driftland er på flyttefot. Frå å ha einebolig på Fister i Hjelmeland er dei nå klarfor å flytte inn i ny leiligheit på Tau i Strand kommune.

Marianne meiner det kan vera greitt å ha ein nøytral person som handterer alle prosessane og spørsmåla som dukkar opp i ein kjøps- og salsprosess.

– Det er ikkje berre å handtera at mange ukjende skal inn i heimen din og gå gjennom rom, skap og alle krinkelkrokar med lupe, seier ho.

Medan somme meiner ein «tapar» på å nytte seg av eigedomsmeklar i ein salsprosess, meiner Marianne at ein heller vil tene på det. Ho har opplevd å få personar som er i ein kjøpsprosess utan meglar, som treng å rådføra seg av di dei er usikre på om alt går rett for seg og at dei får det dei har blitt førespegla.

– Den usikkerheten er vårt mål at verken kjøpar eller seljar måtte kjenne på, understrekar Marianne.

Geografisk er distriktet Marianne og kolleagane dekker stort, med nedslagsfelt frå Strand til Hjelmeland og litt i Suldal, Sauda og Forsand blir det fort nokre kilometer på hjul. Men området er samstundes ikkje større enn at ho kjenner at ho kan vera nær og har ein kjennskap og kunnskap om både områda og om folka ho møter. Det er meiner ho er ein viktig del av å vera ein lokal eigedomsmeklar.

Firmaet ho til dagleg leiar har fem år på rad vunne pris i BI si kundebarometerkåring. Noko ho er stolt over. Selskapet tel seks og eit halvt årsverk og dei har bevisst satsa i å auka talet på tilsette for å kunne befesta posisjonen sin i marknaden i Ryfylke.

– Vårt fokus er at kundane er nøgde, og me er veldig bevisste i den rolla. Me veit at me blir målte og evaluerte, som er på å gjera oss meir skjerpa i jobben vår. Etablering av tillit er viktig i desse fasane, og det at me kan etablera eit personleg forhold til kundane våre er med på å byggja oppunder det. Ein kjøpsfase kan fort dra ut i tid og for å landa eit sal kan det fort gå tre månadar. Det er mykje som skal avklarast. For ein småbarnsfamilie frå Stavanger som vurderer å flytta til Strand veg lokasjon for bolig og ikkje minst skule og fritidsaktiviteter for barn tungt.

– Eg plar ofte invitera interesserte tilflyttarar på ein rundtur i området her inne, slik at dei får oppleva utsikten frå huset og kvar skule og fritidsaktivitetar er plasserte, fortel ho.

Marianne merkar at fokuset på bukvalitet er stort for kjøparane frå Stavanger-sida. Fokuset på kva fritidstilbod det er for småbarnsfamiliar er stort. Ein vil ha gode turområde og trygge område der borna kan veksa opp.

– Me kan tilby lågare pris på bolig og meir bolig for pengene og skilte med store tomter og naturen tett på samstundes som ein har rom og luft mellom husa, seier Marianne. Med Ryfast som er planlagt å vera ferdigstilt i 2019 vil ein kunne jobba i Stavanger og bu i Ryfylke, og ein treng ikkje frykta kø-kultur.

– Det er ikkje berre enkelt å handtera at mange ukjende skal inn i heimen din og gå gjennom rom, skap og alle krinkelkrokar med lupe.
[Marianne Torbjørnsen]

Ho syner til moglegheitsstudier i samband med Ryfast-utbygginga og konklusjonane om at befolkningsveksten fyrst og fremst vil koma i Strand, medan auken i fritidsboligar vil syne seg i indre Ryfylke.

– Det er klart at det er i Strand veksten i forhold til Ryfast kjem, seier Marianne. Etter vedtaket om Ryfast i juni 2012 var det ei merkbar pågang. Mange ville handla raskt for å unngå prisauken på sikt, held ho fram. Trass i usikkerheten i oljebransjen det siste året, har ho merka ei jamn stigning i etterspurnaden av hus, og då særleg i Strand kommune.

– Eg merkar det på eineboligar, ønske om større tomt og hus er merkbart, og mange unge i dag likar byggjestilen frå 70-90-talet.

Ho har òg god erfaring med at besteforeldre vel å flytta etter barn og barnebarn for å kunne vera tettare på.

– Medan ein potensiell kjøpar frå Stavanger lurer på kvar han kan jogga i Ryfylke, plar eg svara at eg joggar ute, smiler ho. Her er det stiar og vegar ein kan ta seg ut på overalt, og ein treng ikkje låsa seg til løyper ved Stokkavatnet eller Mosvatnet. ■

Tilbake til toppen