Portrettet: Bryggerihotellet

Lilland Bryggerihotell gir deg ein smak av høge fjelltoppar, lange kajakkturar og lokalt designa øl.

Frå
Mitt Ryfylke 2018 2
Mitt Ryfylke 2018 2

Per Kristian Djuvsland har sett seg inn i Lilland Bryggerihotell sin heilt eigen Volkswagen Van, ein ekte Hotel Van frå 1976 som faktisk har fått sin eigen Instagram-profil. Han forklarer at bilen har mange fans der ute, som fylgjer bryggerivanen på sine turar over heile landet. På bilen er hotellet sin logo, samt illustrasjonar av det ein kan oppleve når ein bur på bryggerihotellet, som padling, vandring, yoga og friluftsliv.

– Bilen er eit godt marknadsføringsstunt for oss, denne kan me bruke på stands og den er lett å kjenne igjen på vegen, slår Per Kristian fast og peikar på at det er ein del av hans jobb å passe på at bilen skin like bra som den gjer i dag. Ikkje minst står den også parkert i garasjen hans heime når den ikkje er på tur.

Kollega og den største eigaren av Lilland Bryggeriehotell, Eyvind Flood flankerer bilen på sida, med armane i kryss og hovudet høgt heva ser det ut som både eigarane av hotellet og bilen er tatt ut av ein amerikansk film.

Per Kristian og Eyvind tok over Lilland Bryggerihotell på Tau i 2012, etter den tid har dei utvikla hotellet til å bli eit bryggerihotell som satsar på turistar, kurs og konferanse, samt eige mikrobryggeri og utsal av øl. I tillegg driv dei Lilland Apartments og Lilland Hostel på Tau, samt Lilland Hostel Vaulalid. Samla har dei i turistsesongen 80 rom med 250 sengeplassar ute i marknaden. Og planane om vidare utvikling er mange. Eyvind Flood jobbar no 50 prosent i bryggerihotellet og 50 prosent i det nystarta selskapet Norwegian Experience. Denne bedrifta ynskjer å bygge eit hotell ved Preikestolen som har basecamp som konsept. Allereie i 2016 kjøpte Flood Jøssang Sag, ei tomt på 12 mål.

– Me håpar å utvikle ein basecamp her for alle dei som vandrar i området rundt oss, me ynskjer at berekraft og arkitektur skal vere berebjelken i dette prosjektet som skal etablere ein sosial møteplass. Dette er utruleg spanande, slår Flood fast.

Lilland Bryggerihotell vil gjerne gi deg ein smak av Noreg, og rettar seg i stor grad mot dei gjestene som vil oppleve den fantastiske naturen.

Og ikkje nok med det. Dei har også overtatt den tradisjonsrike tomta på Almerket i Odda der Grand Hotel sto fram til det vart rive i 1973. Også her ynskjer ein å utvikle basecamp-konseptet, målgruppa er fjellturistane som drøymer om Preikestolen, Kjerag og Trolltunga.

– No ynskjer me å ta hotellet og reiselivet tilbake til Odda, det gler me oss til, meiner Flood som ikkje vil seie så mykje om kor mykje det er lagt ned i investeringar dei siste åra, men håpar at prosjekta ved Preikestolen og i Odda blir realisert innan fem år.  

– Me ser eit stort potensiale, spesielt rundt turistar som ynskjer å bruke naturen rundt oss, dette me utviklar no er heilt nye basecamp-konsept, der sjølve hotellrommet ikkje er så viktig som dei opplevingane ein får på staden.

– Opplevingane er sjølve målet. Me vil gjerne gi gjestene våre ein smak av Noreg, og då det moderne Noreg, ikkje bunad og troll. Skal dei kjøpe troll i suvenirbutikk må dei reise andre stadar, slår Eyvind fast.

—  Me vil gjerne gi gjestene våre ein smak av Noreg, og då det moderne Noreg, ikkje bunad og troll.
[Eyvind Flood]

Dei viser rundt på hotellet der Per Kristian sine flotte Instagram-bilete frå Ryfylkenaturen prydar veggane, her er utstillingar av det lokalproduserte ølet dei lagar på hotellet, øl-litteratur og ein sjølvlysande elg på veggen. Per Kristian og Eyvind driv framleis med oppussing av hotellet, dei viser stolt fram eit nytt møterom som skal vere med å styrke konferanse- og kursdelen av drifta. Då me vitjar hotellet er møterommet måla i ein djup blåfarge, eit mørkt og langt møtebord tronar i midten, med skinnstolar i ulike fargar rundt. Over heng designlampar i ulike storleikar. Alt ligg til rette for at rommet skal bli brukt til tenkje nye og kreative tankar. Ikkje minst etter at kunstnar Renate Hermansen frå Jørpeland no har utsmykka rommet med gatekunst. Ho har måla motiv på heile langsida i rommet frå den lange bryggeritradisjonen på Tau.

– Du veit, det å produsere øl på Tau er slett ikkje ein ny idé, historia med brygging av Tou øl er lang, seier Eyvind.

På hotellet kan du som gjest få brygge ditt eige øl, med eigen etikett. Her kan du leike deg med smak frå urter, frukt og bær. Du kan også få foredrag om ølbrygging og sjølvsagt ølsmaking. Eyvind har sjølv designa etikettane til øltypane dei sjølv produserer og sel, som har fått namna: Preikestolen, Flørli 4444 og Kjerag, alle frå Fjord Icon Series.

På Lilland Bryggerihotell produserer dei sitt eige øl. Eyvind Flood (t.v) og Per Kristian Djuvsland brenn for lokal mat og produksjon.

– Dette er handverksøl, fortel Eyvind engasjert, han har no tatt utdanning på Den Skandinaviske Bryggerihøyskolen i København og er glødande interessert i både korleis ein designar ulike øltsortar, skilnaden på overgjæra og undergjæra øl og ikkje minst tankane om å byrje å produsere sin eigen eplesider. Interessa for øl og brygging er ikkje noko han har med seg frå før, men vart vekt opp når dei vurderte ulike hotell-konsept å bygge vidare på. No er han nesten blitt litt nerdete om temaet i følgje seg sjølv.

— Det er så viktig å vere reinsleg i bryggingsprosessen at me brukar å fortelje at i godt øl er det 10 prosent brygging og 90 prosent vasking, fortel Eyvind medan han opnar døra til det vesle, men godt organiserte bryggeriet. Snart skal etter planen utstyret oppgraderast og  produksjonen aukast.

I denne sesongen selde dei om lag 5000 flasker av sitt eige øl, dei kunne selt endå meir, og år er målet å produsere om lag 20-30 000 flasker. Desse kan ein kjøpe på bryggerihotellet, samt på Preikestolen Fjellstue, Stranddalen Turisthytte, i Rosehagen, på Energihotellet på Nesflaten og på øl-utsalet på Jørpeland for å nemne noko. Både Per Kristian og Eyvind legg vekt på at samarbeidet med Salikatt Bryggeri i Stavanger har vore avgjerande for produksjonen av Fjord Ikon Series.

Dei siste åra har Ryfast-prosjektet vore ei stor inntektskjelde for Lilland Bryggerihotell.

— Me har hatt full forpleining for arbeidarane i Ryfast-prosjektet. Det har vore viktig for oss, slik at me kan bygge oss opp. Men no er det turisme me satsar på, og då spesielt dei gjestene som vil nytte naturen her, til vandring, padling, ski eller sti-sykling.

Hotellet tilbyr også quizkveldar og Afterhike for både lokalbefolkninga og turistar, for å nemne noko. Målet er at hotellet også skal bli ein sosial møteplass for dei som bur i regionen. Per Kristian er stadig på føtene, tar imot gjester, svarer på telefonen og bookar inn nye gjester. To gjester er på veg opp trappa til hotellet, etter ein lang dag ute. Dei er sporty kledde og har dagstursekk på ryggen, på engelsk fortel dei at dei nett har vore på tur til Reinaknuten. Stemninga er på topp og dei viser tommel opp då Per Kristian lurer på korleis turen var. ■

Tilbake til toppen