Naturleg kunst

Kunstnaren Ellen Kalvig (58) er komen heim til Suldal. Her lar ho seg inspirere av høge fjell og det fallande lyset.

Frå
Mitt Ryfylke 2016 3
Mitt Ryfylke 2016 3

Ellen Kalvig står fjellstøtt i sin nybygde verkstad, rett ved sida av landemerket Suldalsporten og Suldalsvatnet har kunstnaren skapt sitt eige univers. Ho viser veg mellom stablar med måleri og grafikk, penslar og fargepalettar. Galleriet er ope, lyst og innbydande. På golvet er det fargerike spor etter bilete som er målte, i hyllene står bøker og musikk, og på kjøkkenet finn ein dører med fargerike håndtak. Ein blir ikkje overraska over at kaffien blir servert i fargerike krus. Kunstnaren Ellen Kalvig har gjort det dei fleste bykunstnarar berre kan drøyme om, ho har bygd sitt eige arbeidsrom, og sitt eige galleri. I Kalhagen har ho parkeringsskilt på tunet og ein hage som bugnar av frukt og bær. Suldalsnaturen er som skapt for henne, den inspirerer henne som kunstnar, samstundes er det fjellturar, fisketurar på vatnet eller turar på leit etter bær i skogen som gir henne roen og balansen ho treng i kvardagen.

Og ho har sett sine spor. Det er ikkje få i kraftkommunen som har eit bilete frå Ellen Kalvig på veggen. 

– Nokre meiner at eg opna ei dør inn i kunstverda for mange i Suldal. Det er kjekt å høyre, seier Ellen som viser oss opp til andre etasje i verkstaden. Her lagar ho grafikk, ofte av natur og stemningar henta frå Suldal. Trykket av Suldalsporten vart selt ut på tre år, kanskje kjem det nye bilete av lyset i porten. Ho må stadig vidare. Mange kjenner også båtmotivet hennar, eller treet som ofte står i eit blått eller no gjerne eit gult lys. Ellen har ein tydeleg signatur på bileta sine.  

– Eg blir fascinert av kontrastar og det fallande lyset. Det vil du kjenne igjen i dei fleste bileta mine. 

Kunsten hennar har og fleire ansikt og ho gler seg over at ho kan jobbe i fleire sjangrar. Ellen ser at grafikk sel meir enn måleri, det er rimelegare i pris, og fleire tar seg råd til å ha eit trykk på veggen. 

– Måleriet er litt meir pretensiøst enn trykk, det er meir ekslusivt. Men måleriet er og flyktig og krevjande å produsere. Eg likar begge deler. 

Ho vil gjerne at stadig fleire skal få sjå kunsten hennar. 

– Å vere kunstnar er ikkje til å bli rik av, eg er vane med å leve av lite. Likevel er det jo kjekt å kunne selje, og sjå at folk er villige til å kjøpe bileta eg lagar, seier kunstnaren som har etablert seg med eit godt kunstnarnamn. 

‍Det ligg alltid eit talent bak god kunst. Men like viktig meiner Ellen det er med hardt arbeid.

Ellen er opphavleg frå Bryne, men har solide røter både i Årdal i Hjelmeland og i Suldal. Etter mange år med bustad på Vassøya i Stavanger og arbeidsplass i byen er ho no komen heim igjen, attende til røtene i Suldal og til Helganes der bestemora vart fødd. Bestemora flytta til Stavanger for å få ein høgare levestandard, og for å få avstand til bondekulturen. Eit par generasjonar seinare tok Ellen den motsette reisa, attende til Suldal. I 2013 flytta ho inn i den nye verkstaden som også blir brukt til galleri. Her kan folk få eit unikt innblikk i arbeidsdagen til kunstnaren medan dei kan kikke på bileta som heng på veggene. Huset er blitt ein levande oase der døra alltid er open, berre Ellen er heime. 

‍Naturen i Suldal pregar både grafikk og måleri som Ellen Kalvig lagar.

— Dette er jo ingen ny tanke. Då eg skulle til å bygge dukka det plutseleg opp to tidlegare verkstadteikningar som eg hadde gløymt heilt ut. Tanken måtte modnast, no er eg berre glad eg vågde å satse på dette, seier ho og kikkar rundt seg. 

Midt i arbeidsrommet står den gamle portrettstolen som far hennar, Børge Kalvig brukte då han tok portrettfotografi. Det visuelle, og det kunstnariske ligg truleg i blodet til Ellen. I 2007 var ho sjølv med å lage fotoboka Å kome heim, der ho og faren gav ut fleire av hans beste Ryfylkebilete. 

— Eg vaks opp i eit kunstnarmiljø, og fekk tidleg kjennskap til kunstverda, meiner Ellen. 

— Og eg har vore heldig som kan drive med dette, det er mange som vil skape noko, det er ikkje alltid det er det store talentet som skal til, det er like mykje hardt arbeid som er viktig.

‍Ellen Kalvig arbeider mykje med grafikk. Ho likar å ha fleire uttrykksformer å velje i.

Ellen er opphavleg utdanna agronom. Så gjekk vegen til Tegne og maleskolen i Bergen, eigentleg berre for å sjå kva dette kunne vere og om ho kunne finne seg til rette der. Det gjorde ho, kanskje meir enn ho trudde sjølv. Deretter vart det Kunstskolen i Rogaland tidleg på 80—talet og vidare vart ho hospitant ved Grafisk verksted Stavanger. 

— Då byrja det meste å falle på plass. Eg skjønte kven eg var og kva eg skulle. Eg visste eg var komen heim, reint fagleg. 

I byrjinga hadde ho ekstrajobbar før ho kasta seg fullt og heilt ut i kunsten på heiltid. CVen er imponerande og viser eit mangfald med utstillingar i Rosendal, på Jæren, i Stavanger og Haugesund. Ellen har også jobba med fleire utsmykkingar, blant anna vart ho kjøpt inn til blant anna Statsministerens kontor i 1999 og Rikshospitalet i 2001. I dag vekslar ho mellom å produsere grafikk og måleri for sal i galleriet og ute blant alle dei som har henne fast i katalogen. I mars/april 2018 har ho ei stor utstilling med måleri i Hå gamle prestegard. 

— Eg skulle av og til ynskt eg klarte å isolere meg meir når eg skal arbeide med store utstillingar, då burde eg eigentleg lukka døra meir. Det er eg dårleg på, eg må veksle litt i kvardagen. 

— Den eg er i gang med no vil ta fleire år å produsere, det er eit stort arbeid. 

Ellen sjølv har to born, og sonen Andreas har tatt opp kunstnararven og er i dag fotograf. I galleriet til Ellen heng biletet han har tatt av buhunden Tita. Tita er ved føtene til Ellen heile dagen. Ho er turkamerat, står for velkomsten i galleriet og er ein god samtalepartnar i kvardagen. 

Å lage utstillingar, å måtte eksponere seg sjølv og eigen kunst, og å stå i rampelyset er ikkje alltid like enkelt. Ellen vil helst lage kunst. Ho vil finne fram til fargar og motiv som gir henne og publikum noko. Ho treng ikkje alltid ha lyskastaren retta mot seg, sjølv om ho genuint er glad i folk. Glad i å samle menneske rundt seg til mat, kaffi og den gode samtalen. 

— For meg er bileta og kunsten det viktigaste. Likevel set eg pris på dei som skriv kritikkar. Det ligg ei danning i kunsten, og det er synd det blir skrive så lite om kunst samanlikna med anna kultur. Media har eit ansvar for å løfte fram kunsten, elles blir det fort marginalt. 

— Me er ein ganske ung kunstnasjon, eg ser jo at danningsgraden i kunsten er komen mykje lengre i mange andre land, slår ho fast. Ho står midt på tunet. Verkstaden ligg eit lite steinkast frå heimen hennar. Mellom der er det eit eldorado av blomar, bærbuskar, eit lite drivhus og eit utekjøkken. Tunet er eit bilete på det landlege livet der ein brukar dei ressursane ein har rundt seg.

— Når eg legg ut bilete av blomar, bær og turar på Instagram meiner mange frå byen det er nasjonalromantisk, men eg er jo ikkje samd i det. Dette er jo livet mitt. Og kvardagen. ■

Tilbake til toppen