Lakseeventyr på land

Tytlandsvik Aqua er eit av dei største landbaserte smoltanlegga i landet. Eigarane, med laksefamilien Viga i spissen, er allereie i gang med å planlegge eit nytt og endå større anlegg.

Frå
Mitt Ryfylke 2019 2
Mitt Ryfylke 2019 2

– Det handlar mykje om å ha dei rette personane på plass, det er akkurat som å setje saman eit godt fotballag, seier dagleg leiar, eigar og opphavsmann til Tytlandsvik Aqua, Nils Viga.

Viga-familien har saman med Grieg Seafood og Bremnes Seashore investert om lag 300 millionar kroner i det nye smoltanlegget i Vormedalen i Hjelmeland. Den store investeringa ser ikkje ut til å prege dagleg leiar. Nils Viga trør lett over kaien i de nedlagde sanduttaket i Tytlandsvik denne seinsommardagen, sola skin høgt på himmelen og heile lakseanlegget får eit nasjonalromantisk preg der det ligg innerst i fjorden.

– Det er ingenting som slår denne utsikta seier han og viser veg opp i kontorbygget, der møterom og kontorlokale ligg side om side, alle med laksefolie på vindauga. Me fann ut at me ikkje treng bilete på veggene her, når naturen kjem rett inn, seier han og ler.

Det er ikkje farleg å våge, nokre likar best å ha det trygt, me er ulike, meiner Nils Viga.

Han viser veg forbi eit moderne og høgteknologisk kontrollsystem, og vidare ut i produksjonshallane der smolten hoppar og dansar i store basseng. Nils Viga kan det meste om lakseoppdrett, i 2014 slutta han som regionsjef for Marine Harvest region sør, selskapet som i dag er kjent som Mowi, for å konsentrere seg om familiebedrifta Fister Smolt der han og søskena har aksjar. I dag eig dei ein tredjedel av Tytlandsvik Aqua gjennom selskapet Vest Havbruk AS, der også Lars Andre Frønsdal, Even Søfteland og Ragnar Joensen er eigarar. Frønsdal er også med i drifta i Tytlandsvik som produksjonssjef i tillegg til Roger Viga som er prosjektleiar for utbygginga. I byrjinga av januar starta drifta ved Tytlandsvik Aqua gradvis opp. Til no er det første byggetrinn som er gjennomført med to produksjonshallar. Når anlegget er ferdig er det bygd ytterlegare fire hallar.

– Dersom me byggjer ein hall i året er me ferdige om lag i 2024 eller 2025, slår Nils Viga fast. Det gjenstår å sjå om me klarer det, men så langt har me faktisk klart å halde budsjettet i byggeperioden.

No produserer ein mellom 2000 og  3000 tonn postsmolt i Tytlandsvik. Når utbygginga er ferdig er kapasiteten på 15.000 tonn, så langt har dei konsesjon på 5000 tonn smolt.

Smoltanlegg på land gir friskare fisk, og mindre sjukdom.

Bygget i Tytlandsvik er høgteknologisk og bygd med resirkuleringsteknologi. I tillegg blir det gjort grep i vassbehandlinga som fjernar CO2 og nitrogen, noko som fører til ein minimal bruk av ferskvatn. Store deler av investeringa har gått med til vassbehandlingsanlegget der råvatn frå borebrønnar blir brukt før det blir reinska for partiklar og aluminium. Nils Viga er tydeleg stolt og forklarar prosessen medan vatnet sirkulerer gjennom store filter. Han kan ikkje snakke nok om kor viktig det er med gode fagfolk på alle felt, det gjeld både driftskompetanse, oppdrett, kunnskap om resirkulering (RAS) og teknisk personell. Halvparten av dei som jobbar på anlegga har teknisk utdanning som ingeniør, mekanikar og/eller automasjon, og ho som er ansvarleg for vasskvaliteten er utdanna veterinær  med hovudansvar for at smitte- og sjukdomsrisikoen på fisken er så låg som mogleg.

—  Det er ikkje farleg å våge, nokre likar best å ha det trygt, me er ulike.
[Nils Viga]

– Landbasert produksjon av postsmolt i resirkulert sjøvatn gir friskare fisk, mindre lusepåslag og lågare dødstal, meiner Nils Viga og slår fast at dette er til gode for både næringa og sjølve fisken.

– Ein meir føreseieleg produksjon gir betre resultat, og mykje mindre risiko. Målet er å halvere tida fisken er i sjøen, på grunn av alle dei ytre faktorane som speler inn på helsa og livet til fisken der. I følgje reglane kan ein vente til smolten er opp mot 1 kilo før ein set den ut i sjø, fortel han.

Laksegründeren er også oppteken av berekraftig utvikling, og korleis ein i framtida kan bruke avfallet som denne teknologien gir til noko fornuftig. Utslepp frå oppdrettsnæringa har høgt innhald av nitrogen og fosfor og kan til dømes brukast til biogass eller gjødsel. I dag er det renovasjonsselskapet IVAR som hentar desse avfallsprodukta frå Tytlandsvik.

– Me har ikkje areal her i Tytlandsvik til å gjere noko med dette avfallsproduktet sjølv, men det er absolutt interessant å sjå på løysingar. Det kan bli aktuelt i det planlagde smoltanlegget i Årdal, meiner Nils Viga.

For investeringsviljen og motet til familien Viga stoppar ikkje i Tytlandsvik. Dei har no søkt om konsesjon for å bygge eit nytt postsmoltanlegg, også dette landbasert, i Årdal i Hjelmeland. Planen er at dette nye anlegget skal ha kapasitet til å produsere 15000 tonn, og at bygginga kan kome i gang i 2021, med ei økonomisk ramme på om lag 400 millionar kroner i fyrste omgang.

– Her kan det bli aktuelt å sjå på bygging av eit anlegg for biogass, eg trur det blir stadig viktigare framover å sjå på behov rundt oss, kven kan ha nytte av det som for oss er avfallsstoff. Då kan ein gjere ein betydeleg miljøinnsats, slår Viga fast. Men først og fremst må ein sikre at me får nok straumkapasitet til å kunne starte opp med byggeprosjektet i Årdal. Det er kritisk for oss om ikkje Lyse klarer å bygge ut nettet slik at me får tilstrekkeleg med kapasitet, det gjer oss sårbare, meiner Viga.

I dag er det 12 arbeidsplassar ved smoltanlegget i Tytlandsvik, som er eit av dei største av sitt slag i landet. På sikt reknar Nils Viga med at talet på arbeidsplassar kan kome opp i 25–30, i tillegg til ringverknadane bygginga og produksjonen gir det lokale næringslivet.

Denne dagen ligg lasteskipet Ronja Tind til kai for å laste fisk som skal vidare til lokalitetar i sjø.

Denne dagen er det stor aktivitet i Tytlandsvik, det kjem smolt både inn og ut av anlegget. Medan veterinær held oppsyn med at smolten blir overført til vasskara på ein trygg og god måte, ligg lasteskipet Ronja Tind til kai for å laste fisk, som skal vidare til lokalitetar i sør. Smolten som kjem inn til Tytlandsvik kjem delvis frå Fister Smolt og delvis frå eit av settefiskanlegga til Bremnes Seashore. På kvar bil kjem det om lag 30.000 fisk kvar gong, alt etter kor stor den er. Alarmen går jamleg inne i kontorbygget, og varslar om store og små utfordringar i drifta som må sjekkast opp. I vinter opplevde dei til dømes eit utslepp i Jøsenfjorden av dei små plastbitane som blir brukt til resirkulering av vatnet, såkalla biomedier. Då gjekk bedrifta tidleg ut med ei pressemelding der dei lova å rydde opp så raskt dei kunne.

– Det er alltid nokre barnesjukdommar i ein slik oppstart, me finn heldigvis ut etter kvart kva som trengs og som må på plass, fortel Viga.

– De er ikkje redde for å satse?

– Det er ikkje farleg å våge, nokre likar best å ha det trygt, me er ulike, meiner laksegründeren. ■

Tilbake til toppen