Utsikt frå toppen

Gjengen i Sauda Seven Summits brenn for å få fleire ut på topptur. Dessutan drøymer dei om å gi Sauda status som alpeby. 

Frå
Mitt Ryfylke 2018 1
Mitt Ryfylke 2018 1

Sauda er jo ei skibygd, tenk viss me kunne satse endå meir på turisme og gi folk ei oppleving av å besøkje alpebyen Sauda, det hadde vore noko det, seier Bjørn Åge Dybdal–Holte medan han snur seg rundt på kaien i Sauda og speidar opp på nutane.

– Me har jo allereie ein skibåt som kjem inn her med turistar som skal til Svandalen og skisenteret, mange av desse er og interesserte i toppturar og andre naturopplevingar.

Sola skin frå klår himmel denne dagen, og Bjørn Åge er sjølvsagt nett komen tilbake frå tur. No står han her i oransje dunjakke med Sauda Seven Summits – logo på og grøn lue med solbrillene tilfeldig dandert på. Med seg har han Åge Fjellheim Midthun og Tommy Listøl, alle turglade fjellfolk. I tillegg til desse karane me møter i dag, er også Martin Fjellheim Hansen, Asle Iversen og Espen Iversen med på laget. Sauda Seven Summits er organisert som ei undergruppe under Sauda Turlag, slik at dei og er ein del av DNT–familien.

– Far og son, Asle og Espen Iversen var dei som hadde ideen til konseptet. Utan deira engasjement og arbeid i oppstarten og undervegs hadde det nok ikkje blitt noko av opplegget. Men det samla seg eit godt team rundt ideane deira, og sjølv synest arbeidsgruppa at me utfyller kvarandre godt i samarbeidet, meiner Åge og viser til korleis arbeidet med turgruppa starta.

Bjørn Åge og Åge smiler rundt denne dagen, dei har nemleg nytta dagen til  å bestige Hovlandsnuten. Etter snødekte bakkar som krev sitt slit får ein betaling på toppen, både med ei fantastisk utsikt og ikkje minst ei kriblande nedover–køyring. Dei veit dei er heldige som kan bruke fine dagar til å kome seg ut på tur.  Bjørn Åge bur i Stavanger, men nyttar hytta i barndomsbygda Sauda så ofte han, og Åge arbeider skift som driftsingeniør på Saudefaldene sin driftsentral. Det gir rom for naturopplevingar på ein heilt vanleg måndag. Hovlandsnuten er ikkje på lista over dei toppane som Sauda Seven Summits frontar denne vinteren, men den er likevel ein populær og sentrumsnær topptur i Sauda.

– Me må vise fram den flotte naturen her inne, og freiste fleire til å ta turen innover. Med båten frå Stavanger er me jo lett tilgjengeleg for mange, meiner Bjørn Åge.

Sauda Seven Summits starta opp i fjor sommar, målet er at flest mogleg skal stå på toppen av sju nutar i dei ulike dalføra i Sauda, både i sommar – og vintersesongen. Dei som deltek betaler ei påmeldingsavgift og får tilsendt ei brosjyre som viser rutene og gir tips og triks om korleis dei får mest mogleg glede av toppturane. Nutane ein kan prøve seg på i vinter er: Ravnafjell, Brekestølsnuten, Nonskiljenuten, Nevroldsnuten, Reinskarnuten, Hegerlandsnuten og Vardanuten.  Dei må vedgå at ikkje alle nutane ligg på innsida av kommunegrensa.

Slake, fine stigninger på veg til Brekkestølsnuten, med Nordraheia i bakgrunnen. (Foto: Åge Fjellheim Midthun)

– Vel Hegerlandsnuten er vel strengt tatt ikkje vår, den høyrer vel til Røldal, seier den turglade gjengen og ler.

– Me låner og gir noko tilbake, slår dei fast.

Klarer ein alle sju vil ein bli belønna med premie, har du likevel nokre igjen når sesongen er over kan ein prøve seg på nytt neste år. For å vinne må ein og dokumentere turane ein er på, enten ved eigne bilete eller via DNT sin UT–app der ein kan rapportere turane direkte.

– Me er jo og aktive i sosiale medium og syns det er kjekt viss folk legg ut bilete frå turane og gjerne taggar dei, så fleire får sjå dei flotte turane me har, seier Bjørn Åge.

– Målet er jo å inspirere fleire til å bli glade i desse turane  og den naturen me trivst så godt i.

Sommarsesongen viste ei stor interesse for toppturane, med heile 160 påmelde, der den yngste berre var 6 – 7 år.

– Det var imponerande med så mange som ville vere med, fleire enn me trudde. Ikkje minst er det tøft når du ser desse yngste er ute på tur, meiner Tommy. Sjølv er han og ihuga friluftsmann og var sjølv førstemann til å huke av alle dei sju sommarturane i fjor. Allereie no kan han og stryke ut to vintertoppar frå lista.

– Dei to snillaste, slår han sjølv fast og smiler medan dei andre meiner han er kledeleg beskjeden. Nokre er nemleg meir ivrige enn andre, og Tommy er ein av dei.

Tommy Listøl, Åge Fjellheim Midthun og Bjørn Åge Dybdal-Holte er glade for at så mange er går toppturar i Sauda. (Foto: Istoria)

Toppturane utfordrar med høgdemeter og motbakkar, men gir og susande opplevingar med skikøyring nedover igjen. Gjengen i Sauda Seven Summits er oppteken av tryggleik og av at folk sjølv må ta ansvar for eigen tur, her er det ingen guide som blir med, men det er lov å søkje råd og kunnskap før ein tar ut på turen. Eit par av turane går ikkje i spesielt utsett skredterreng. Øvrige turar har derimot bratte parti som krev at ein tar ansvar for rutevalet sitt og vurderer skredfaren aktivt, gutane oppmodar difor til at ein er spesielt oppteken av skredrisiko og korleis ein kan klare seg dersom skredet er ute. Åge held sjølv skredkurs for dei som ynskjer å vite meir om kva ein må ta omsyn til, og Bjørn Åge har verdifull erfaring med seg frå arbeid på redningshelikoptertenesta, her har han sett korleis det kan gå dersom ein ikkje passar godt nok på. Sett deg inn i fjellvettreglane, snu i dårleg vér, les kart og kompass og ta alltid med deg nok klede og mat, er nokre av dei viktigaste råda frå turgjengen.

– Du oppnår lite glede av å gå i tåke. Toppen eller turen kan alltid nås ein annan gang, slår dei fast. Det er verkeleg ingen skam å snu om ein treng det.

Tyskerstien frå Dalvatn til Skaulen er ein krevande, men flott tur i sommarhalvåret. Her frå ei spenstig elvekryssing i Heiabotnen. (Foto: Åge Fjellheim Midthun)
‍Toppen på Skaulen er 1538 moh, og er Saudas nesthøgste topp etter Kyrkjenuten. Toppunktet er dessutan også ein av nabokommunen Suldal sine mange "summits". (Foto: Åge Fjellheim Midthun)

Eldsjelene vil gjerne bidra til at toppturane blir meir tilgjengelege for folk flest. Nutane er ikkje berre for dei få og dei sprekaste. Åge er ihuga Saudapatriot som han kallar seg sjølv, og no ser han og at toppturmiljøet i heimbygda er i sterk vekst. Han håpar både fleire fastbuande og tilreisande vil nytte seg av fjella i heimbygda. Sjølv er han og familien på tur så godt som kvar helg, ikkje minst er han glad dei to barna har arva turgleda frå foreldra.

– Eg vil gjerne vere med å byggje opp noko som kan setje Sauda på kartet. Me må jo skape aktivitet her inne, slik at fleire vil besøkje oss. Bygda er ganske unik, med korte avstandar mellom sentrum og natur, meiner han.

No ser gutane framover til ein vår spekka med flotte naturopplevingar, før ein ny sommarsesong står for døra.

– Det er jo nå utover våren det blir den aller finaste tida for topptur. Når du kan køyre langt til fjells før du startar på turen, og ikkje minst kan du nyte varmen frå sola i bakkane, fortel karane før dei myser mot sola. Neste tur er truleg allereie planlagt. ■

Tilbake til toppen