Omstillingsbølgjer med ringvak

Med skiftande tider opnar det seg høve for endring. Dei som lukkast vil vera dei som har kultur for å gripa sjansar som byr seg.

Frå
Mitt Ryfylke 2016 1
Mitt Ryfylke 2016 1

Me må omstilla oss. Nå er alle einige om det, sjølv om det tok tid å gje hotellkongen Petter Stordalen rett i at blodet rant i gatene i Stavanger. Håp og sjølvbedrag har ikkje vore nok til å stå av ein stadig synkande oljepris som byrjar festa seg på låge tal. Det har blitt alvor. Folk må gå frå jobbane sine og analytikarane må stadig revidera scenarioa om når det vil snu i oljenæringa. Sjølv dei skarpaste og best betalte synserane har ikkje vore i nærleiken av å spå den svarte svana påteikna ein oljepris rundt 10 dollar fatet.

Sjølv om analytikarane seier mykje ulikt er dei samde i noko. At festen er over er ein av dei. Det andre er at næringa aldri blir som ho har vore, sjølv om me skal leve av olje og gass i mange år til.

Behovet for omstilling råkar Vestlandet ekstra hardt. Store omstillingsbølgjer langs oljekysten gir ringvak i Ryfylke. Mange menneske og verksemder i lokalsamfunna i Ryfylke er vevd tett inn i næringsstrukturane som skal stillast om.

Det kan sjå ut som at byane no har vakna til omstillingsoppgåva som ligg føre. Samhandling og samarbeid på tvers av fargar, bransjar og interesseområder pregar dagsorden. Det er forma arenaer og møteplassar for å skapa nye arbeidsplassar i skjeringspunktet mellom det som fins og forventningane om kva som kjem.

Omstillingsbølgjene langs kysten gir ringvak i Ryfylke, men er krusningane her truande nok til å vekkja oss til dei omstillingsoppgåvene som me bør gå laus på?

Med skiftande tider opnar det seg høve for endring. Dei som lukkast vil vera dei som har kultur for å gripa sjansar som byr seg. Det vert snakka om det grøne skiftet, men kva kan vera det smarte skifte for Ryfylke nå?

Ei viktig endring kan handla om kva for tilnærming me tek til eiga utvikling og kva for posisjon me vil at staden skal ha. Distriktssenteret har forska på strategiar for utvikling i små samfunn liknande dei i Ryfylke. Eit funn som er verdt å merka seg er dette:

Mange (kommunar min red.) vil ha arbeidskraft, kompetanse og innovasjons - kraft – men reklamerer med muligheter for et slaraffenliv, der jobben kommer i skyggen av en frisk fritid og avslappet oppvekstidyll.

Ei ny, samla tilnærming til eiga utvikling kan skapa omstillingsbølgjer i Ryfylke med ringvak på kysten.  Det smarte skifte kan tene som felles peik, men det kjem ikkje av seg sjølve. Er me klar for omstillingsoppgåvene? ■

Tilbake til toppen