Trivselspedagogar

I Bikubå barnehage satsar dei på trivsel og fagleg utvikling for å rekruttere barnehagelærarar.

Frå
Mitt Ryfylke 2019 1
Mitt Ryfylke 2019 1

Bikubå barnehage på Jørpeland er praksisbarnehage for Universitetet i Stavanger, dagleg leiar Marian Johansson gler seg over at dei får tilgang til studentar som kan tilføre avdelingane både ny kunnskap og stille gode spørsmål. Barnehagen er privat og foreldreigd, den har tre avdelingar der to av avdelingane er for store barn mellom 3 og 6 år, medan den siste avdelinga er småbarnsavdeling.

– Barnehagen er basert på eit samvirke. Her er det foreldra som eig barnehagen, dei sit i styret og påverkar nok slik meir enn ein gjer som foreldre i andre barnehagar, meiner Johansson som sjølv byrja i barnehagen som nyutdanna barnehagelærar i 2002. Etter det har ho blitt verande, og i 2016 gjekk ho inn i jobben som dagleg leiar.

– Kva trur du er det viktigaste for å rekruttere til barnehageyrket?

– Mykje handlar om trivsel, mange av studentane som har vore her i praksis treivst godt og ynskjer seg tilbake her etterpå. Me er ein liten barnehage, her ser me at nærleiken mellom personalet og barna er eit stort fortrinn i forhold til større barnehagar, som kanskje ligg i ein større by.

­­Her er det lett å få kontakt med alle barna, og me har ein oversiktleg stab, der det er trygt og godt for foreldra å levere barnet frå seg på morgonen
[Marian Johansson]

Rundt henne leikar borna, medan nokre lagar byar, vegar og tårn i sandkassen har andre klatra heilt til topps på rutsjebanen. Barnehagekvardagen er variert, og oppgåvene mange.

– Her er det lett å få kontakt med alle barna, og me har ein oversiktleg stab, der det er trygt og godt for foreldra å levere barnet frå seg på morgonen. For oss er det ein styrke å ha studentane å spele på, og mange av dei som er fast tilsett hjå oss har byrja karrieren sin her som utplassert student, fortel Johansson. I barnehagen er det totalt 18 tilsette, nett no har dei inne to studentar på kontoret saman med dagleg leiar og ein student på småbarnsavdelinga.

– I 2005 vart me plukka ut som praksisbarnehage, totalt har kvar pedagogisk leiar ansvar for studentar 7– 10 veker i året. Me har om lag 4 – 5 studentar innom kvart år, men tala varierer ein del, i år har me hatt 10 studentar innom barnehagen fordelt på om lag 10 veker.

Amalie Marie Fjelde i frisk leik, bak henne ser me Hennie Moen Skjæveland.

Nokre av studentane kjem direkte frå vidaregåande, medan andre er meir erfarne og tar utdanninga etter å ha jobba i barnehage fleire år.

– Det er stor forskjell på dei gruppene. Dei som kjem frå vidaregåande har lite erfaring, men mykje fagleg og oppdatert kunnskap dei kjem til barnehagen med. Dei som er eldre ser jobben på ein annan måte, og har meir erfaring dei kan bruke som samanlikningsgrunnlag. Me treng begge desse gruppene, dei er like viktige for oss, meiner Johansson.

– Oppgåvene til dei som er utplasserte er alt frå å vere med i dagleg planlegging og gjennomføring av aktivitetar, til å vere med meg på kontoret for å sjå på årsplan og budsjett med meir.

– I bachelorutdanninga for barnehagelærarar er samarbeidet mellom det teoretiske og fagdidaktiske studiet på universitetet og praksisstudiet grunnleggande for kvalifisering av framtidige barnehagelærar, meiner Jorunn Melberg som er instituttleiar ved barnehagelærarutdanninga på Universitetet i Stavanger. Ho viser til at begge, både universitetet og praksisbarnehagen har felles ansvar gjennom praksisstudiet alle tre studieåra, noko som krev godt samarbeid.

Marian Johansson er stolt over barnehagen ho leiar. Her ser me også mor June Veland Koll-Frafjord som er på veg inn i barnehagen.

– Praksislærar og den enkelte studenten jobbar tett saman. Studentane får rådgjeving og støtte i det pedagogiske arbeidet som dei planlegg og gjennomfører. Gjennom refleksjon får dei knytt teori og praksis saman. Det overordna målet er heile tida retta mot å kvalifisere for profesjonen barnehagelærar som leiar i barnehagen, fortel Melberg. Ho vil ikkje meine så mykje om korleis barnehagelærarar best vil trivast i jobben sin, eller korleis kommunar bør rekruttere for å få det kvalifiserte personellet dei treng.

– Dette er det vanskeleg for meg å meine så mykje om utover at å bringe inn eit politisk argument, nemleg at barnehagelærarar må få utteljing på lønn for vidareutdanning. Spørsmålet om kva som skal til for å trivast bør ein stille til ein nyutdanna barnehagelærar, men me veit at eit godt arbeidsmiljø er viktig. Det er også viktig at det blir gitt sjans til vidareutdanning, gjerne med lønskompensasjon frå barnehageeigar.

I Bikubå barnehage har dei fokus på trivsel, både for barna og dei tilsette.

Denne vårdagen er det full fart i barnehagen. Nokre av barna balanserer på ei knallgul banansklie, medan andre har opna kafeutsal med ekte sandkaker på menyen. Smil og latter blir avbrote av små som treng trøyst og eit fang å sitje på. Like viktig som leik og samvær med barna er dei pedagogiske oppgåvene og den profesjonelle delen av jobben, meiner Johansson.

– Me burde nok vore betre på å marknadsført jobbane våre, me treng å vise fram kva kompetansejobbar me har, meiner ho.

Bikubå barnehage har ein visjon om å skape trygge og glade barn. Johansson meiner dei er heldige som driv barnehage i eit nærområde der dei har kort veg til både sjøen, skogen og eit bymiljø der dei kan nytte seg av kulturtilbod og attraksjonar.

– Me har det i grunn heilt perfekt her, seier ho.

Bikubå barnehage

Bikubå barnehage er ein privat og foreldreigd barnehage på Jørpeland. Dagleg leiar Mariann Johannson meiner trivsel er noko av det viktigaste ein kan bruke for å rekruttere barnehagelærarar. ■

Tilbake til toppen