Tar framtida på mål

Ein snikkarmeister med ønske om betre lokale og fleire utfordringar. Ein trappe- fabrikk med behov for nye krefter. Det luktar ei lita suksesshistorie av det.

Frå
Mitt Ryfylke 2019 3
Mitt Ryfylke 2019 3

Ennå er det kanskje for tidleg å trilla terning og konkludera, for det er berre eit par månadar sidan Snekker Stefan på Forsand overtok trappefabrikken Forsand Trevare as.  Men at stemninga er god kring overtakinga er det liten tvil om.

– Lokala her er gode, seier den nyslåtte fabrikkeigaren Stefan Krüger nøgd. Heile 2000 kvadratmeter verkstad med moderne maskiner er ikkje til å kimse av. Med på lasset eller laget? følgjer også tilsette som blir med vidare i produksjonen, og som kanskje blir ein slags garantist for at dei historiske linjene ikkje blir brotne.

Ei kort historisk tidslinje for Forsand Trevare as, alias trappefabrikken på Helle, fortel om ei bedrift som har drive sidan 1971. Opphavleg heit dei Kolbjørn Skulbru as, men i 2002 skifta dei eigarar og namnet blei til Forsand Trevare as. Når Stefan Krüger, alias Snekker Stefan, tok over 1. september i år, dobla bedrifta talet på tilsette frå tre til seks. Krüger hadde då drive si bedrift i eigne lokale med to tilsette, hovudsakleg som leverandørar av trapper og spesialbygde møblar.

Så var det heller ikkje slik at dei var framande for kvarandre frå før, Stefan Krüger og Forsand Trevare. Dei jobba trass alt side om side som konkurrentar i same marknad og i same region, der Stefan somme gonger gjorde jobbar for trappefabrikken.  

Alfred Hagen sprøytelakkerer stusstrinn for ei tett trapp.
– Eg tenker at me leverer det Ikea ikkje kan levere. Altså det som er spesialtilpassa, teikna og laga for å passe inn i huset og hytta til akkurat den kunden
[Stefan Krüger]
Stefan Krüger driv trappefabrikken på Helle med fem tilsette.

Hovudproduktet til Snekker Stefan as er framleis trapper, både bygging og montering. Trapper litt utanom det vanlege, det har Krüger sjølv sansen for. Tilpassa huset dei skal bu i, og med gode kombinasjonar av materiale og fargar. Like eins med møblar, som dei nå ønskjer å styrka seg på og levere ennå meir av.

– Me lagar alt mogleg, eigentleg, seier Krüger og nemner kjapt hyttebord, hjørnebenker, klappseng og garderobar og anna spesialtilpassa innreiing.  

– Til Vitenfabrikken i Arendal lagde me eit underskap til eit 2 tonn tungt akvarium, fortel han. Nå skal dei snart laga si aller første kjøkkeninnreiing. Men møbelsnikkaren eg hadde med meg inn i firmaet har gjort det før, understrekar han.

Neste år er bedrifta Snekker Stefan heimehøyrande i Sandnes, kommunen som huser møbelgiganten Ikea. Dei stressar ikkje veldig med konkurransen.  

– Eg tenker at me leverer det Ikea ikkje kan levere, seier han. Altså det som er spesialtilpassa, teikna og laga for å passe inn i huset og hytta til akkurat den kunden. Masseproduksjon er ikkje deira pre.  

– For å kunne gje kundane dette ekstra, dette skreddarsydde, må ein våge å tenke litt lenger og prøve ut andre material og fargar, seier Krüger og fortel om ein lakk dei har henta frå Tyskland som skal gje ein ekstra valør til ei trapp.  

– Ved å behandle trinna med denne lakken gjer me dei ein slags rusta metall-look som harmonerer med materialbruken i resten av huset, fortel han engasjert. Elles er det mykje eik og stål som blir brukt i trapper, finer og spon iblanda eik i møblar.

Marknaden deira er heile Rogaland, men det hender også at folk kontaktar dei og vil ha ting lagd på mål og så tilsendt. Det er ikkje noko problem, meiner Krüger.

– Eg veit blant anna at me sende møblar til ein kjøpar i Bodø. Me har også vore på Svalbard og sett opp trapper i to hotell og to bustadblokker. Då måtte me først ta mål, så montere, så der har eg vore til saman sju gonger, fortel han og illustrerer med det spennet i kundane og jobbane dei har.

Trevaren er det heller ikkje noko problem å få tak på. Sjølv har han brukt Fritzøe Engros som sin faste leverandør.

Trapper og møblar spesialtilpassa omgjevnadane er satsingsområdet til Theo Rioult og dei andre tilsette hjå Snekker Stefan AS.
Å diskutere produkt og metode er ein vesentleg del av arbeidsdagen for Arnstein Kjærvoll og Felix Gonzales hjå Snekker Stefan AS.

Snekker Stefan AS

1. september 2019 kjøpte Snekker Stefan trappefabrikken på Helle, Forsand Trevare as. Den nye Snekker Stefan as har seks tilsette og leverer trapper og spesialtilpassa møbler og innreiing.Samansmeltinga av dei to bedriftene har blitt til éi heilstøypt bedrift ved namn Snekker Stefan as, og framtida ligg nå og ventar på nye produkt frå den vesle trappe- og møbelfabrikken på Helle.

Med dei seks tilsette trappefabrikken har i dag, er det breidde i kompetansen. Tidlegare dagleg leiar i Forsand Trevare jobbar i dag med teikning og opererer maskiner. Sjølv har Stefan 10 års fagutdanning bak seg, som konstruksjonsmekanikar innan metall, som møbelsnekker og til slutt med meisterbrev i trapp og møblar.  

Det kuriøse med dei tilsette er at dei kjem frå fleire kantar av verda. To tilsette er lokale, sjølv er Stefan Krüger tysk, og dei tre siste er frå Spania, Frankrike og USA. Ikkje eit problem i seg sjølv, seier Stefan, men han innrømmer at det er vanskeleg å finne spesielt norske møbelsnikkarar.  

– Dei som blir utdanna møbelsnekrar i dag får seg lett jobb, og dei vil nok helst til byane.

Å drive i ein kommune som er stor på areal, men der det er langt mellom folk og funksjonar, har sine sider. Mest positive, skal ein tru Krüger.  

– Det er nok færre utgifter knytte til det å drive bedrift her. Her eig me tomt og lokale sjølve. Det seier seg sjølv at det hadde blitt monaleg dyrare å eiga eller leiga i ein by.  

Personleg har han prøvd å jobbe og leve i både by og land etter at han kom til Norge for 15 år sidan. Ei stund budde han i Sandnes by, men då dei fekk første barnet vart det naturleg nok trong for meir plass. Levekostnadene i by kontra dei på landet vart avgjerande, dei fann eit hus i Forsand, var på éi vising og landa på det. Jobben hans då som trappemontør gjorde at han like så vel kunne reise i aksen Ryfylke byen med Forsand som utgangspunkt. Nå er tobarnsfamilien godt etablerte i eit miljø han omtalar i rosande ordelag.  

– Nabolaget her er så fint. Her kan ein gå til naboen og låne mjølk, og hjelpe kvarandre med å passe barn, og ein kjem lett i kontakt med kvarandre. Lite trafikk er det òg, skryt han.

Overgangen frå å drive for seg sjølv til å bli fabrikkeigar, og samstundes ein tilsett ser han også lyst på. Det er noko med det å få faste kontraktar, lønn, feriedagar, seier han.

Ein gammal gyngestol har fått nye meier.
Jonathan Hall tar finpussen på ei handrekke.
Kirsebær-skjenk med skyvedører og profilerte frontar.
Stjerna skal på toppen av ei juletrehylle i ein butikk på Jørpeland.
Eiketrapp med pulverlakkert stålrekkverk og perforerte fylllingar.
– Faktisk har me fått jobbar der kundane har vore på bildedelingsmediet Pinterest og funne fine produkt dei ønskjer at me skal lage for dei
[Stefan Krüger]

Tilbake til trappefabrikken og utfordringane dei nå står føre. Forsand Trevare hadde i fjor ein omsetnad på mellom 3 og 4 millionar, Stefan Krüger si bedrift omsette for 2 millionar. Korleis skal dei sikra seg at det er ordrar nok og arbeid til alle seks også i framtida?  

Krüger kan fortelja at alle kundar dei to bedriftene hadde frå før er godt orienterte om samanslåinga, og så håper dei at alle blir med vidare, sjølvsagt. Men elles er marknadsføring noko Krüger ivrar for. Det å vere utåtvend, gjere seg synleg er noko han vil halde fram med å prioritere. Neste år blir Snekker Stefan as derfor å finne på boligmessa i Stavanger. Sjølv er han van med å bruke mykje ressursar for å gjere seg synleg i sosiale medium, då hovudsakleg på Facebook, og det vil han også fortsette med.

Gode erfaringar med sosiale medium generelt deler han gjerne.  

– Faktisk har me fått jobbar der kundane har vore på bilde-delingsmediet Pinterest og funne fine produkt dei ønskjer at me skal lage for dei. ■

Tilbake til toppen