Murar og marsjar i Ryfylke

«Menneskene bygger for mange murer og for få broer». Det var Isaac Newton som sa dette. Det er nokre år sidan han levde. Likevel veit me at sitatet er relevant også i dag.

Frå
Mitt Ryfylke 2015 2
Mitt Ryfylke 2015 2

«Menneskene bygger for mange murer og for få broer».

Det var Isaac Newton som sa dette. Det er nokre år sidan han levde. Likevel veit me at sitatet er relevant også i dag. Medan me på nokre område skapar ei rivande utvikling står me på andre område nærmast stille. Eit er kanskje vår unike menneskelege evne til å byggje murar i staden for bruer? Er dette ein utprega svakhet? Ein eigenskap som inneberer at me rett som det er gjer handlingar som fører til at me jobbar mot eigne interesser?  

Ein historikar som har sett på menneskelege kortslutningar gjennom tidene er Barbara W. Tuchman. Ho gav i 1984 ut ei bok med tittelen «March of Folly – from Troy to Vietnam». Dette kan oversetjast til «Dårenes marsj frå Troja til Vietnam». Omgrepet «Folly» betyr «dårskap». Det er synonymt med dumskap, uforstand eller tåpelege gjerningar.  

Med denne boka ville Tuchman vise korleis regjeringar, organisasjonar og grupper gjennom tidene har handla uforstandig eller tåpeleg. For å kvalifisere til dårskap må handlingane i følgje Tuchman gå på tvers av interessene til organisasjonen, samfunnet eller gruppa. Dei må utførast over noko tid og det må vere fleire personar som står saman om å gjere handlingane – det vil seie at dei ikkje er eit resultatet av ein gal leiar. Eit anna viktig kriterium er at handlingane er gjennomført til tross for at nokon i samtida peika på at handlingane var dårskap. Det held altså ikkje å seie at det var dårskap i lys av etterpåklokskap.  

Tuchman finner gode døme på dårskap i vår felles historie. Frå myta om trojanarane sitt val om å ta den mystiske trehesten innanfor byporten i Troja (til tross for åtvaringar frå den blinde presten Laocoon), til USA sin invasjon av Vietnam (som ikkje mangla kritikarar eller åtvaringar i samtida).

Etter å lese denne boka sit eg att med to viktige lærdommar. For det første kor godt me som menneske har vore i stand til å jobba mot eigne interesser gjennom tidene. For det andre at dårenes marsj truleg ikkje tok slutt med Vietnamkrigen.

Det går føre seg store prosessar i Ryfylke og Rogaland i desse tider. Infrastrukturprosjekter, utgreiing av kommunegrenser, forming og utrulling av helsesamarbeid, rullering av transportplan, reiselivssatsing, Englandskabel med eller utan fiber og enda meir.

Fleire av prosessane har skapt bølgjer av engasjement. Nokre har knapt gitt krusningar på folkehavet. Ein kan spørja om engasjementet har bølgja på rett plass? Har Ryfylke tatt tak i dei tinga som er viktigast for å sikra våre interesser – no, men særleg på lengre sikt? Kanskje på nokre område, men heilt sikkert ikkje på alle. Marsjane har nok gått under fleire faner, inklusiv folly-fana.    

I indre Ryfylke fekk me ei spesiell oppvisning då transportplanen for Ryfylke skulle rullerast. Sauda sitt grep for langsiktig satsing var å begjæra sin neste (Suldal) sin riksvegstatus og krevja at denne blei flytta til seg.

Tilbake til Tuchman. Kva har drive fram dårenes marsj gjennom historia? Det er samansett, men nokre ting går att. Overvurdere seg sjølve, undervurdere andre. Tru at noko er visjonært medan det faktisk er urealistisk, svak dømmekraft som følgje av sterk tru eller overtyding, dårlege rådgivarar, frykt for å tape andlet. Lista er lang, men ho inneheld kjende forklaringar.

Korleis kan ein sikre at me i størst mogleg grad jobbar for og ikkje mot vår eigne interesser? Det må byrja me ein vilje og evne til å byggja fleire bruer enn murar. Det inneber truleg å samarbeida og samhandla både oftare og tydeleg betre om me skal nå større, felles mål. Det handlar om å heisa nye faner og å komma i takt bakom dei. ■