Glitrande juletre

På Myhre Juletregard tenkjer dei på jul heile året. Kanskje får du eit juletre frå Lena Nergård og Jan Magne Myhre i stova di?

På Myhre Juletregard på Hebnes er 60 mål med dyrka jord fulle av juletre i alle fasongar. Ekteparet har drive med juletreproduksjon i snart 20 år og veit at det tar tid og mykje pleie før trea er klare for å pynte opp julefeiringar i inn – og utland. Sola er i ferd med å gå ned og lange rekkjer med snart hogstklare juletre solar seg i glansen. Jan Magne kikkar utover juletreskogen, han kjenner nesten kvart eit tre.

– Me går her heile året for å passe på at trea utviklar seg og veks slik dei skal, dei skal ikkje ha for mykje regn, og dei må få god tilgang på næringa i jorda. Blir det for mykje ugras rundt dei så taper dei ofte den kampen, seier Jan Magne og viser at det bør vere god avstand mellom trea, og at ein må klippe og stelle dei gjennom heile året.

– Det beste er når me hugsar å ta med oss saks på turen rundt, då får me gjort det etter kvart.

— Me må kjenne kulturen og tradisjonen i landet me sel til, alle ynskjer dei ulike tre. 
[Jan Magne Myhre]

Dei slutta med sauer og byrja med juletre på slutten av 1990-talet. Det passa dei betre, og sjølv om det er mykje arbeid i juletreskogen så kan ekteparet no ta seg fri og reise vekk utan at dei må tenkje på avløysar. Både Jan Magne og Lena har jobb i tillegg til gardsdrifta. I dag er han nett komen heim frå eit arbeidsoppdrag i Sauda, medan Lena er reist til austlegare breiddegrader på haustferie. Han viser oss rekkjer med juletre, nokre har fått ei raud sløyfe i toppen som det står stjerne på, det er dei aller finaste, mange andre har fått eit blått band det står tradisjonell på. Dei er hakket under i kvalitet. Sjølv om ekteparet har nokre faste kundar som dukkar opp på garden for å hente juletreet heim i tide, er det via Norsk Juletreservice dei sel det aller meste.

Norsk Juletreservice AS er eit produsenteigd selskap som sel juletre til grossistar, kjedar og torghandlarar. Dei har kontor på Bratthetland i Hjelmeland, men produsentane held til mellom Bergen og Kristiansand. Dei sel juletre over heile landet, og eksporterer til Danmark, Tyskland, Nederland og England. I tillegg sel Lena og Jan Magne sjølve.

– Me skulle gjerne selt meir direkte frå garden, det er absolutt lov å kome innom her for å hogge sitt eige tre, slår Jan Magne fast. Han viser og til at dei i tillegg til juletre har kristtorn og pyntegrønt som passar til både dørkransar og gravpynt. Ein god del av dette lagar dei kransar av som dei sel på torget på Sand og i Sauda.

‍Jan Magne Myhre er stolt juletreprodusent. 60 mål med juletre har han og kona Lena Nergård på garden.

Dei aller fleste juletrekundane vil ha edelgran, på Hebnes produserer dei som så mange andre på vestlandet Normannsedelgran. Eit juletre som har ein fin og djup grønfarge, og som klarar seg lenge innandørs før nålene dett av. Greinene veks òg svakt oppover, slik at det fint blir plass til juletrepynten som skal på plass. For å få eit fint juletre må ein vere nøye med gjødsel og tilsyn på trea, slik at verken sjukdom eller dyr øydelegg produksjonen. Det tar om lag 8–10 år frå ein plantar til ein kan selje trea.

JULETRETIPS

Finn eit juletre som passar inn der det skal stå – tenk på høgd og breidd
La det stå og av-klimatisere seg før du tar det inn i stovevarmen
Skjær litt av stammen – om lag som om du kuttar ein bukett roser
Hugs at treet skal ha vatn heile tida!

– Det er viktig å vite mykje om det landet du skal selje juletre til, meiner Jan Magne.

Medan nordmenn no skal ha slanke tre som òg passar inn i små husvære, så vil dei i mange andre land ha tettare og romslegare tre.

– Me sel jo absolutt mesteparten til Noreg, men det som ikkje passar inn her, det eksporterer me til utlandet, fortel Jan Magne. Og då må me kjenne kulturen og tradisjonen i landet me sel til, alle ynskjer dei ulike tre.

– Ta Tyskland til dømes, dei vil gjerne ha mørkegrøne tre som nesten har eit blå-aktig skjær, medan andre land vil ha lyse grønfargar.

Sjølv om mange land er glade i norske juletre, er det utan tvil Danmark som er størst på juletre internasjonalt.

‍Trea er merkte etter kva kvalitet dei har, raude stjernetre er dei beste.
‍Mange juletre på Myhre Juletregard får ny eigar denne jula, andre må vente lenger.

– Her i landet er det fleire trendar som byrjar å bli synlege. Det er alt frå dei som ikkje vil ha juletre, til dei som pyntar det veldig tidleg og til dei som har bestemt seg for å kjøpe plasttre. Det blir fleire og fleire, seier Jan Magne. Sjølv kan han ikkje forstå at folk ikkje vil ha lukta av gran i huset, det blir ikkje jul utan, meiner han.

— Me skulle gjerne selt meir direkte frå garden, det er absolutt lov å kome innom her for å hogge sitt eige tre. 
[Jan Magne Myhre]

Rundt 15. november blir juletrea på Hebnes hogde, Jan Magne og Lena har ein hogstmaskin som er tilpassa juletre, og når den er i bruk tar dei nesten alle trea på ein god arbeidsdag.

– Me har eit mål om å produsere 3.500 til 4.000 tre i året. Det er ikkje ofte me klarer det, i alle fall ikkje i år, med dei harde vintrane og dårlege somrane det har vore dei siste åra.

Juletrea står då i tre dagar for å av-klimatisere seg før dei blir pakka i nett. Juletrea skal ikkje ha stress, og i følgje Jan Magne blir kvaliteten forringa med det same dersom ein pakkar juletrea for fort. Når du har kjøpt deg juletreet du ynskjer deg bør du la det stå i ein garasje eller ein gang ei stund før det kjem inn i stovevarmen. Du bør også skjære av litt av stammen, nesten som om du kuttar ein bukett roser, då held dei seg fine lenger.

– Og sjølvsagt, gløym ikkje at juletreet treng vatn heile tida, slår Jan Magne fast.