Kvil i fred, Rygjabø

Det var sorg i bygda då gamle Rygjabø skule blei flammanes rov ein laurdagskveld i juni. I 113 år hadde det vakre huset stått og kneisa på høgda over Judaberg, no var det ikkje meir.

Frå
Mitt Ryfylke 2016 3
Mitt Ryfylke 2016 3

Finnøy kristelege ungdomslag var samla til grilling og sandvolleyball på naboeigedommen til Rygjabø denne varme, vakre junikvelden. Dei kjende røyklukt, men tenkte det kom frå grillen. Det var først då dei såg svart røyk velta opp frå Rygjabø at dei slo alarm. Klokka var litt over 23 då brannvesenet fekk meldinga. Brannmannskap frå Finnøy, Rennesøy og Kvernevik kom til staden. Dei klarte å halde flammane borte frå dei andre seks bygga på eigedommen, men det var lite dei kunne gjera for sjølve skulehuset. Skodelystne kom til, kanskje eit hundretals på det meste. Stemninga var avdempa. Dei kunne ikkje gjere anna enn å stå sorgtunge å sjå at glupske eldtunger sleika i seg 113 år med skulehistorie.

‍– Eg kunne ikkje tru det då eg fekk høyra at skulen stod i full fyr, eg måtte bort å sjå det med eigne auge, seier Torborg Kristoffersen. Her er ho attende i branntomta

Spol tilbake i tid. Til ein oktoberdag i 1903. Då var det også samla eit hundretals menneske utanfor skulen —men stemninga var ei heilt anna. Den splitter nye amtskulen skulle opnast, det var fest i bygda, «og mange vyrde menn hadde møtt fram», som det står i boka «Rygjabø fylkesskule. Amtskulen i Ryfylke, 50 år» frå 1925. Amtskule var ein ungdomsskule, eit tilbod om vidaregåande skulegong for bondeungdom etter at dei var ferdige med folkeskulen. Lenge hadde amtskulen vore ambulerande, men nyleg hadde skulestyret vedteke å leggja den til ein fast stad. Valet fall på Finnøy, og fylkeskommunen kjøpte eit jordstykke på 8,5 mål av Knut Nåden for 2.750 kroner. Eigedomen, som låg vakkert til på høgda over Judaberg, fekk namnet Rygjabø. Her vart det reist eit stort hovudhus, samt eit stabbur og eit uthus. I åra som fylgde kom unge menneske frå heile fylket til Finn- øy for å gå på Rygjabø. Her fekk dei undervisning i «norsk, religion, rekning, soga, naturkunne, landkunna, matematikk og framandspråk». Ja, og sjølvsagt «hushaldslæra for gjentor og sløyd for gutar». Utover 20-åra minska søkartalet til fylket sine ungdomsskular. Det hadde truleg samanheng med at det vart starta folkehøgskule på Sand og kristeleg ungdomsskule i Stavanger (Solborg). Dermed vart det bestemt at amtskulen på Finnøy skulle skipast om til husmorskole frå januar 1930. Rygjabø gjekk ei ny tid i møte. 

Unge kvinner kom frå heile fylket til Finnøy for å læra seg å bli dugande husmødrer. På timeplanen stod husstell, helsestell, matlaging, handarbeid, småbarnsstell og rekning. Dei slakta gris, plukka bær og dyrka grønsaker. Det er liten tvil om at Rygjabø var ein solid leverandør av gardakjerringar til Finnøy, og det var alltid godt oppmøte på kaien då eit nytt kull med unge jenter kom til Judaberg. Skodelystne ungkarar i alle aldrar satt i traktorane sine for å finna ut om det det var gode «kåne-ebne» blant dei nykomne. Lærarinnene på si side hadde eit svare strev med å halda amorøse finnøygutar ute frå internata. Historiene av dette slaget er så mange at dei kunne fylle ei heil bok. Av dei tilsaman 2300 jentene som kom til Finnøy for å gå på Rygjabø, var det ikkje få som blei verande. «Ka sko me gjort utan Rygjabø, då ville det vore grueleg mange ungkarar her på øya», var det ein som sa. Sjølv om jentene kom frå heile fylket, ja både frå Jæren og Stavanger, så var skulen særleg tiltrekkjande for unge kvinner frå nordfylket. På folkemunne blei skulen kalla «Karmøy-akademiet», og det vart ofte sagt, med glimt i auga, at årsaka ikkje berre var at det var så mange jenter frå Haugalandet på skulen, men at dei ikkje hadde karakter til å koma inn andre stader. 

Verda er som kjent i stadig endring, og etter eit halvt århundre var det ikkje lenger liv laga for husmorskulane. Rygjabø vart omgjort til vidaregåande skule, først med husstell, helse – og sosialutdanning, seinare med kokkelinje. I 1986 starta skulen med utdanning innan akvakultur, og elevtalet fekk ein enorm oppsving dei første åra. På det meste hadde skulen seks klassar på vidaregåande kurs i akvakultur. I 2001 bestemte Rogaland fylkeskommune at all utdanning innan fiskeri—og akvakultursektoren skulle plasserast på Rygjabø. Skulen trong meir plass, og våren 2003 stod Fiskerifaglig senter på plass, i det som tidligare var meieri på Judaberg. Likevel sleit skulen med dårleg rekruttering av nye elevar, og i 2013 vedtok fylkestinget at skulen skulle leggjast ned og bli ein filial av Strand vidaregåande skule.

Det er mange minne frå tida på Rygjabø. Her er nokre bilete frå ein album som Elise Lunde viser fram.                                            Foto: Privat

Dei siste åra var huset lite brukt, og forfallet var tydeleg, malinga flassa av og treverket rotna. Så kom natt til 4. juni 2016. Kva var det som starta brannen? Skuldast det ein gammal varmtvasstank, eller var det noko med det elektriske anlegget? Eller endå verre; hadde nokon tent på? 

– Me veit ikkje kva som skjedde denne kvelden, og truleg blir saka lagt bort, seier lensmann Rolf Kant ved Ryfylkeøyene lensmannskontor. 

 – Eg veit det har svirra rykte om at nokon kan ha tent på, men det har me altså ingen indikasjonar på. Me trur at brannen starta i inngangspartiet bak huset, men me veit ikkje korleis, seier lensmannen. 

– Dette har vore ei vanskeleg etterforsking. Ein ting er den enorme varmeutviklinga som har derformert det meste, men også det faktum at det var asbest i taket, er blant årsakene til at det er vanskeleg å finne årsaka til brannen. Uansett er det sørgjeleg når eit gammalt og ærverdig bygg brenn ned, seier lensmann Kant.

Fann kjærleiken på Rygjabø

NAMN: MARIT MELTVEIT VIGNES
FØDD: 1951
ELEV I 1970

– Då eg var ferdig med gymnaset, visste eg ikkje heilt kva eg skulle finna på. Både mor mi og farmor hadde vore elevar på Rygjabø før meg. Mor på husmorskulen og farmor på amtskulen. Difor tenkte eg å ta meg eit halvår her mens eg tenkte på kva eg skulle gjera vidare, fortel Marit Meltveit Vignes. Ho er ei av dei mange jentene som fann seg ein finnøybonde medan ho var elev på Rygjabø. 

– Ja, eg er ein av dei som blei verande, seier Marit som i dag er bondekåna på Vignes. Ho vaks opp på Hjelmeland. 

– Det hadde seg sånn at eg starta i bibelgruppe på Finnøy då eg gjekk på Rygjabø, der var mannen min, Terje med. I ettertid har ein av dei andre finnøybuane fortald meg at han spurde Terje kva han tykte om Rygjabø-jentene som var med i gruppa. Terje hadde rista på hovudet og sagt at det ikkje var «noko å samla på denne gongen heller». Men han ombestemte seg tydelegvis, for eg blei verande, fortel Marit, som seinare utdanna seg til sjukepleiar. Skulen har ho berre godt å seie om. 

– Det var ei gild tid. Lærerik også. Eg har lika å lage mat sidan eg var lita jente, hadde eg ikkje blitt sjukepleier ville eg nok ha satsa på kokkeyrket, seier Marit som tykkjer det var trist å sjå skulen forfalla. 

– Det såg ikkje bra ut den siste tida, det var vemodig å sjå at det flotte, staselege huset ikkje blei teke skikkeleg vare på, seier ho.

Einaste hanen i høneflokken

NAMN: TOROLF NORDBØ
FØDD: 1956
ELEV I 1976

– Eg trur kanskje eg er einaste mannen i kongeriket som kan visa til halvårig utdanning på husmorskole. Eg hadde eksamen i betasuppe, stiving av brikker og reinsing av møbler. Det er det ikkje mange mannfolk som kan skryta av, seier Torolf Nordbø lattermildt. Det var litt av ein sensasjon då han søkte om plass på husmorskulen på midten av 70-talet. Det hadde aldri tidlegare vore hannkjønn blant elevane på skulen. Han fekk plass, og flytta inn på internatet – som einaste hane i høneflokken. 

– Kan tru eg var populær i kameratflokken, seier Torolf som i dag er artist og foredragshaldar, kjend som karakteren «Han Innante». 

–Det var eit utruleg kjekt og lærerikt halvår. Eg har mange år med høgare utdanning, men trur ikkje eg nokon gong har lært så mykje som halvåret på Rygjabø, seier Torolf. Minna er mange. 

– Eg hugsar då brodering stod på timeplanen. Frøken Trahaug som var handarbeidslærar meinte det ikkje passa seg for ein ung mann å brodera, så eg fekk heller lappa dongeribuksa mi, seier han, og deler endå ei historie frå tida på Rygjabø. 

– Eg er jysla glad i komla, og då me skulle koke komla på Rygjabø fekk eg i oppgåve å rekna ut kor mykje me skulle lage, eg tenkte at sju komler per person var passande. Det blei litt i overkant, og jentene var sure på meg fordi me måtte ete komla i fleire dagar etterpå, minnes han.

– Det var som å gå heim frå ei gravferd

NAMN: TORBORG KRISTOFFERSEN
FØDD: 1941
ELEV I 1961

– Rygjabø var som min andre heim, seier Torborg Kristoffersen. Ho var elev ved skulen i 1961, og i 1979 fekk ho jobb som kontordame. Ein jobb ho hadde i 26 år. 

– Mor mi, Gerda Vestbø, var elev på eit av dei aller første kulla til humorskolen. Ho snakka så varmt om skulen, og eg ville også gå der. Sjølv om eg hadde heimen min på Finnøy, måtte eg bu på internatet. Slik var reglane. Det var veldig stas for ei unge jente å flytte heimafrå, eg hugsar eg fekk rom med utsikt over Judaberg sentrum, fortel ho. 18 år etter at ho slutta, blei Rygjabø arbeidsplassen hennar. 

– Det var ein god arbeidsplass, eg treivst svært godt, men har nok slite ut fleire rektorar, seier ho lattermildt. Familien hennar har feira fleire åremålsdagar på skulen. 

– Ungane sine konfirmasjonsfestar, bursdagsfestar. Ja, det er utruleg mange gode minne knyta til det huset, seier ho. Natt til 4. juni 2016 skal Torborg aldri gløyma. 

– Eg kunne ikkje tru det då eg fekk høyra at skulen stod i full fyr, eg måtte bort å sjå det med eigne auge. Det var forferdeleg. Då eg gjekk heim den natta var det berre pipa som stod att. Det var ei sorg, og eg kjende meg heilt tom. Det var som å gå heim frå ei gravferd, seier ho. ■

Tilbake til toppen