Det startar med deg og meg

Det skjer mykje om dagen. Stålverket vert lagt ned. Så blir det ikkje det allikevel. Kommunesamanslåing? Strand 2050. Ny næringsplan. Sentrumsplan. Bykonferanse - frå industri til reiseliv?

Frå
Mitt Ryfylke 2015 2
Mitt Ryfylke 2015 2

Det skjer mykje om dagen. Stålverket vert lagt ned. Så blir det ikkje det allikevel. Kommunesamanslåing? Strand 2050. Ny næringsplan. Sentrumsplan. Bykonferanse - frå industri til reiseliv?

Eg er så heldig å få jobbe med reiseliv. Vi jobbar i medvind, 20 prosent auke i besøkstal i Lysefjordområdet og stadig fleire som vil etablere seg innan reiseliv.

Utfordringa eg stadig møter i ulike lokale fora er - korleis skal vi få gjestene til å bli lenger i Ryfylke? Korleis skal vi få dei ned til Jørpeland sentrum?

Som turist vil ein oppleve det lokale. Ein vil oppleve staden si sjel, identitet, historie - det ekte. Vi tenker ofte at det handlar om bygg og monument, men egentlig handlar det faktisk om oss. Vi er staden si sjel. Kvifor skal turistane våre ned å eta i Jørpeland sentrum når vi ikkje gjer det? Lir Jørpeland av eit kjempe kompleks? Prøver vi å vere noko vi aldeles ikkje er?

Strand Kommune har den siste tida sett i gong mange spennande prosessar og planarbeid.

Det er no den meir krevande jobben må gjerast. Den som handlar om innhald. Den må me gjera i lag. Ein god plass å bu er ein god plass å besøkje.  Det starter med meg og deg!

Bli kjent med naboen din, ta i bruk den lokale butikken din, kyrkja di, puben din og hei på laget ditt. Det er vi som skaper eit levande lokalsamfunn og eit sentrum det er verd å besøkje! ■

Tilbake til toppen