Portrettet: Husteiknaren

Gordon Sunde (47) veit mykje om å gå på trynet, og om å kjenne angsten bite i kroppen. Heldigvis veit han også mykje om korleis det er å leve ut ein draum.

Frå
Mitt Ryfylke 2018 3
Mitt Ryfylke 2018 3

Han møter oss på kaien. I svart adidasgenser, kvite adidassko og dongeribukse kjem han akkurat to minutt for seint til å nå båtavgangen.

– Dei er vane med at eg er sein, humrar han.

– Kona mi syns alltid det var flaut når dei ropa på ferja «no ventar me på Sunden», så det enda opp med at eg sletta nummeret til alle ferjene. Du veit alle kjenner alle på Fogn, det er berre 350 innbyggarar her, fortel Sunde og speidar utover perla i Ryfylkebassenget.

– Her vil folk deg vel, sjølv om du går på trynet støttar dei deg. Eg har jo tryna nokre gonger, så eg veit kva eg snakkar om, seier Gordon før ein ny latter trillar av garde.

Han peikar og forklarer på den korte køyreturen til heimen på Bø. Her ligg også kontorlokala til Miljø Bygg som Sunde var dagleg leiar for fram til sommaren 2015. Bedrifta gjekk gjennom nokre tøffe år etter finanskrisa i 2008 med millionar i underskot.

– Dei påfølgande åra var krevjande og eg kjende eg jobba på autopilot, seier han.

Gordon meinte tida var komen til å gi roret vidare, dermed tok Stian Nesvåg og Egil Halsne over drifta av byggfirmaet medan Gordon tok med seg betongdelen i bedrifta over til sitt eige arkitektfirma.

– Det har vore ein stor suksess, dei skulle sikkert fått tatt over mykje tidlegare. Eg kjende eg var klar for noko nytt, og med litt mindre ansvar, fortel Gordon og legg vekt på at prosessen var krevjande. Dei tilsette og dagleg leiing i bedrifta gjorde ein kjempejobb for å kome ut av det så greitt som mogleg.

– Det er godt å ha nokon å kvile hjå i slike tider, og eg har lært mykje av den prosessen.

– Alt dette gav meg også meir tid til å teikne, og skape folk sine husdraumar. Det var jo kveldsarbeid når det var på det mest hektiske. No kan eg bruke tida mi på det eg likar aller best.

Gordon Sunde (47)

Sivil status: Gift med Anne, 4 barn
Aktuell: Populær arkitekt som teiknar hus «alle» i Finnøy vil ha
Drøymer om: Ei arkitektutdanning (i denne draumen eksisterer verken pengar eller angst)
Førebilete: Våre rause foreldre
Les: Dyslektikar, men skal prøve å lese bok nr 2 no, som er «Fiasko er suksessens mor» av Leif Arild Steen
Høyrer på: Akkurat nå høyrer eg på Lauren Daigle med Rescue, Gåte med Isdals kvinnen, Skambankt med Horisonten Brenner, Keala Settle-This is me

Gordon Sunde teiknar hus tvers gjennom. Han har ikkje vitnemål å vise til, men derimot erfaring og lærdom, heilt frå ungdomstida og fram til no. Gordon meiner det er viktig å kome tett på kundane sine, og finne ut kva behov dei har i kvardagen. Det er infrastrukturen i huset som er det viktigaste, og ein må finne gode løysingar som også fungerer i framtida. Til no har han teikna om lag 60 bygningar, mange av dei viser godt igjen i terrenget som moderne hus med ein sterk signatur. Sjølv er han ikkje så oppteken av ein spesiell stil, og slår fast at han gjerne kan teikne både funkishus og meir tradisjonelle bygg.

– Det er jo dei som skal bu der, og ikkje eg. Det viktigaste er at eg lyttar, eg må jo spørje om kva planar dei har, kor mange barn har dei tenkt å få, kva er viktig for dei på fritida?

I 1987 var han ferdig på Tryggheim Vidaregåande Skule, og byrja som lærling hjå faren Bernhard Sunde i Sunde Bygg. Då han byrja på Tryggheim var Sunde Bygg eit stort byggefirma med stor arbeidsstokk, så kom krisa, og firmaet vart redusert til berre Gordon og faren. Tre månadar før Gordon skulle ta fagprøven valde han å hoppe av, og gjekk inn i militærteneste.

– Eg kjende på at det var rett, då fekk far sjansen til å ha eit arbeid han kunne leve av. Eg veit han hadde mange vakenetter på grunn av økonomien, seier Gordon og kikkar ut vindauga i funkishuset han sjølv har teikna og bygd.

Gordon lyttar til kunden før han set seg ned ved teiknebordet. Infrastrukturen i huset er det aller viktigaste, meiner han.
— Dette huset er eit godt døme på skomakarens barn. Pengane strakk ikkje heilt til, så då blir det nokre kriseløysingar
[Gordon Sunde]

Då Gordon kom heim igjen etter militæret byrja han som maskinkøyrar i Sunde Hageservice. Etter kvart vart det og godsrute på Fogn og seinare langtransportkøyring. Etter nokre år med køyring, og eit pendlarliv mellom transportbasen i Bergen og kona som studerte til sjukepleiar i Stavanger, kom han på nytt inn i byggebransjen.

– Eg har jo lært veldig mykje av far, eg har gode minner om stunder med teiknebrettet i kjellarstova, sjølvsagt med ei sky av gul mix i rommet, seier Gordon og ristar på hovudet.

I 1996 starta han og faren opp Miljø Bygg, der Gordon seinare kjøpte faren ut. Dagane var hektiske. Gordon jobba nesten heile tida, medan arbeidsstokken auka på. Til slutt sa fornufta og kroppen nei, Gordon flytta over til heimekontor i kjellaren, der han og dei tre tilsette no sit. Kvardagen er rolegare, sjølv om grøne tal og høg fakturerringsgrad framleis er viktig for å halde roen.

– Veit du at me faktisk har sølvbryllaup i år?, undrar Gordon og mimrar om tida som nygift då han såg kona og sjukepleiarstudenten Anne to gonger i månaden. Anne er også frå Fogn, og valet om å busetje seg på øya var lett, bylivet freista ikkje i lengda.

Kunst er også viktig for Gordon, han blir inspirert av linjer, fargar og form.

Gordon er på veg opp den bratte trappa i huset han deler med kona og hunden Milie. Av dei fire barna er det Peder (11) og Kaia (18) som går i ein kreativ retning på arkitektur og designlinje på vidaregåande, som framleis bur heime. Ida (16) går i farens fotspor på Tryggheim, medan storebror Tobias (20) derimot jobbar i Risa. Kona Anne smiler og ler, men legg ikkje skul på at ho aller helst no vil kome seg ut på luftetur med hunden og lar Gordon vere igjen med det lange og rause kjøkkenbordet. Og ikkje minst den imponerande utsikta der ein kan sjå heilt til Stavanger, Rennesøy og Finnøy som no blir ein kommune.

– Dette huset er eit godt døme på skomakarens barn. Pengane strakk ikkje heilt til, så då blir det nokre kriseløysingar, fortel Gordon og kikkar seg rundt.

Huset har store vindauga, mykje lys og fleire nivå som skaper ein spanande dynamikk mellom stove og kjøkken.

– Skulle eg valt på nytt ville eg hatt alt på eit plan, det hadde me tidlegare, eg saknar kontakten med bakken.

Bakkekontakt er elles noko Gordon har mykje av. Det har han også når han ope fortel om si eiga angst. Om kjensla av å miste kontrollen i store forsamlingar, om redsla for å snakke i eit byggemøte, eller sitje på ein buss eller hurtigbåt saman med andre.

– Det er mange situasjonar eg berre må kome meg gjennom, eg anar ikkje kor denne angsten kjem frå, men etter kvart som den bygde seg opp måtte eg lære meg nokre triks for å kome meg gjennom dagen. Eg har gått av hurtigbåten to stopp for tidleg, berre for å få eit pusterom.

Angsten har gitt mange utfordringar i kvardagen.

– I dag trur eg kanskje eg kunne klart ein kvardag i eit klasserom, men neppe då. Det vart for tøft, men det er viktig for meg at barna mine får gode utdanningar dei kan lene seg på. Eg har jo ikkje noko anna enn eit truckførarbevis.

– Det blei skrive ein gong at eg ikkje likte å gå på skulen, det er ikkje heilt sant. Eg likte det vel heller litt for godt, og klarte ikkje konsentrera meg, fortel han og ler.

Gordon har lært seg mange triks for å kunne leve med angsten i kvardagen.

På nytt står me på ferjekaien på Fogn, denne gongen faktisk ute i god tid. Fotografen lar seg freiste av utsmykkingane i venterommet og samtalen glir over på religion.

– Eg har jo ei gudstru, og kjem frå ein kristen familie. Eg vil nok kalle meg puddingkristen, eg snakkar ikkje så mykje om trua, men når alt kjem til alt så trur eg det er meir mellom himmel og jord enn me kjenner til. Eg ber mykje i kvardagen.

Båten kjem. Gordon slår av ein prat med ein nabo, vinkar til ein annan og slår fast at telefonen har ringt mange gonger.

– Eg har ikkje panikk av den grunn, du finn ikkje meg i telefonen i eit middagsselskap, så gale er det ikkje. ■

Tilbake til toppen