Luftbaronar

Kunsten å fly handlar om å overvinne tyngdekrafta. For desse pilotane er livet i lufta reine draumen.

Frå
Mitt Ryfylke 2017 1
Mitt Ryfylke 2017 1

– Eg er den einaste som får lov til å sove heime, seier pilot Tord Laugaland (38) då han tidleg på morgonen susar inn på baseområdet til Fonnafly i sin vesle grøne bil. Tord er opphavleg frå Hjelmeland, men har busett seg saman med kone og tre barn på Foreneset, dermed blir reisevegen til basen på Sand kort nok til at han kan reise heim til eiga seng.

Lastemann Tor Andre Graadahl (25) opnar porten og viser inn i det som er heimen hans dei to vekene han er på vakt. Han pendlar frå heimen på Fogn og trivst med det. Blir ventetida til neste flytur for lang, og det meste av arbeidet er gjort, slår han tida i hel med TV eller ein nyinnkjøpt playstation.

– Eg kan kanskje ikkje seie det no når sjefen er her, seier han og ler medan han kikkar mot Accountable Manager, og tidlegare dagleg leiar, Sverre Underbakke som har entra det vesle kjøkkenet i basen.

– Det er playstation med stikka reknar eg med, seier Sverre og legg hovudet bakover og ler.

Alle som sit rundt kjøkkenbordet i basen deler draumen om å fly, om å motvinne tyngdekrafta, noko av det mest grunnleggande naturen har å by på.

– Det er ikkje naturleg, at me skal kunne fly. Eg trur det handlar mykje om å overvinne elementa, seier Sverre. Sjølv har han drøymt om å fly helikopter lenge, altfor lenge etter eiga meining.

– Eg trur ikkje det hadde vore pilotar viss ikkje draumen hadde vore så sterk.

Tord er ein erfaren pilot. Etter ti år i lufta er det ikkje så mykje han ikkje har prøvd, eller opplevd, sjølv meiner han helikopterjobben på Grønland er og blir den største jobben han har vore borti til no.

– Me fyk rundt i ishavet og lokaliserer isfjell og område med vanskelege isforhold som kan skape problem for seismikkskipet. Me landar ofte på større isflak som det er interessant å halda eit auge med, og plasserer ut GPS–sendarar på desse. Då kan isekspertane ha full kontroll på rørsler og isdrift–tendensar frå moderskipet, –ein isbrytar med helikopterdekk. Desse dataene er verdifulle for seismikkoperasjonen, men vert også nytta i forskingssamanheng til kartlegging av havstraumane i arktiske strøk.

– Me bur og lever ombord på isbrytaren saman med folk med ulike fagfelt og nasjonalitetar ein månad i slengen, før me får avløysing. Dette, saman med spektakulær natur og dyreliv, gjer dette til ei heilt spesiell oppleving. Eg har ved fleire høve observert isbjørn både frå lufta og frå skipet.

‍Tor Andre og Tord går alltid over helikopteret for teknisk sjekk før dei skal fly.
‍Tord er ein rutinert pilot og veit godt kva han skal sjå etter under den tekniske sjekken.

Det var ikkje pilot Tord drøymde om å bli då han sat på guterommet heime.

– Eg skulle bli skipper og drøymde om å kome meg på sjøen. Men det vart elektrikar av meg. At eg skulle bli pilot var litt til-

feldig. Eg var med ein kamerat på tur til San Francisco i USA der bror hans utdanna seg til pilot, då blei eg hekta.

Etter kvart vart det pilotutdanning i Sandefjord på Tord. Også Tor Andre drøymde om sjøvegen då han var yngre, og han utdanna seg som skipper. Men etter kvart kom lysten til å prøve noko nytt og han reiste til USA for å ta pilotutdanning. Det kostar å vere kar, iallfall om ein vil bli pilot. Alt frå 500 000 til over ein million kroner må ein rekne med å bruke på utdanninga.

– Det er jo mange andre som har høge studielån utan å få noko særs konkret ut av det, så det er sikkert ikkje så gale. Men det er likevel mykje pengar, og ein må ta ein tur til banken for å høyre om dei har tru på ein, men det er det verdt, meiner dei to pilotane.

Tor Andre arbeidar i dag som lastemann, men har fått prøvd seg på sin første tur som pilot i Fonnafly. Han får stjerner i auga når han snakkar om det, draumen om å fylle Tord og dei andre pilotane sine sko.

– Difor overlappar me også jobb – og friperiodar. Slik at eg lærer av erfaringane til fleire av pilotane, fortel Tor Andre.

– Og me får sjå kva som bur i dei som er lastemenn, dei må få prøve seg, og me må sjå om dei har potensiale, slår Tord fast.

Nyleg var Tord i London ei veke for å førebu seg på ein ny type helikopter som kan ha arbeidsfolk hengande under, med tanke på reparasjonar og arbeid på til dømes kraftlinjer. Fonnafly har allereie investert i eit helikopter, og no er pilotkompetansen på plass. Dermed kan helikopterfirmaet tilby tenesta som ein frå før kjenner godt frå til dømes redningshelikopter.

‍Tord og Tor Andre gjer helikopteret klar for nok ein ny tur. Denne gongen skal dei løfte materiell for ein hytteeigar på Foreneset.

Tord og Tor Andre ruslar ut i hangaren, dei skal snart ut på ein jobb på Foreneset. Med kyndig blikk og automatiske rørsler går dei over helikopteret, og sjekkar at alt er slik det skal vere. Kvar kveld tar dei ein lengre gjennomgang før arbeidsdagen er over, dermed held det med eit lite kvarter før kvar gong ein skal i lufta. Tryggleik og teknisk sjekk er noko av det viktigaste dei kan legge tida si i. Å vere i lufta er ikkje risikofritt.

– Eg har aldri vore redd, i alle fall ikkje på grunn av teknisk utstyr og helikopteret. Av og til kan ein derimot kjenne på at vêret lagar hindringar, seier Tord og fortel at dagane kan bli lange dersom skodda heng godt ned i dalen.

Fonnafly har hatt nokre ulukker. I 2009 havarerte eit helikopter i Lysefjorden, det gjekk bra med alle dei seks som var i helikopteret.  Den siste ulukka kom i 2013, då eit helikopter styrta ved Røldal Skisenter, det var fem personar om bord, men ingen vart alvorleg skadd.

– Sett under eitt har det stort sett gått bra, men det er klart det er krevjande for alle når ulukker skjer, seier Sverre som var i leiinga under dei to siste ulukkene. Spesielt den siste styrten i Røldal gav selskapet eit stort mediepress over lang tid. Piloten vart mistenkt for promille, men etter ein lang prosess vart han dømt for uaktsam flyging.

– Den tida gjorde oss i grunn berre meir samansveist, meiner Tord og Tor Andre.

‍Frå helikopteret har Tord og Tor Andre imponerande utsikt over Ryfylkelandskapet.

Fonnafly vart etablert i Rosendal i 1970, då var målet å tilby turistane tur med sjøfly i lokalmiljøet Mykje har endra seg sidan den gongen. I dag er Fonnafly eit reint helikopterfirma og har med sine 13 helikopter og 45 tilsette etablert seg som eit leiande firma på innanlandsflyging. Sverre Underbakke på si side kom inn i Fonnafly meir eller mindre tilfeldig.

– Eg var på nippet til å ta helikoptersertifikatet i Florida, då ein kamerat føreslo at eg kunne kjøpe meg helikopter og heller ta sertifikatet her heime. Det var i grunn ein god plan.

Sverre leigde ut helikopteret sitt til Scan Aviation på Sola, og skulle etter planen ta sertifikatet der, men dei gjekk konkurs, og dermed gjekk planane i vasken. No har teorien som han tok gått ut på dato, men etter nokre travle år som dagleg leiar er lysten til å ta sertifikatet tilbake, rett nok som privatperson, kommersiell flyging får andre ta seg av. I dag er helikopteret Sverre kjøpte og 12 andre i flåten til Fonnafly. Selskapet har base på Sola, Flesland, Sand, Voss, Kjevik og Torp, på Torp har dei også eigen verkstad. No er det særs lite turistflyging igjen, og alle sjøflya er historie.  Marknaden er i stor grad transportoppdrag med helikopter.

– Me veit lite om kva oppdrag me får i framtida, me har nokre rammeavtalar som betyr at me kan få arbeid for visse kundar dersom dei har oppdrag, til dømes for Statnett med overvaking av linjer og jobbar i samband med kraftutbygginga, seier Sverre.

Bedrifta omsette for 78,7 millionar kroner i 2015, noko som var ei kraftig auke frå året før.

– Me har ikkje nødvendigvis mål om å bli så mykje større, eller ha flest helikopter i lufta. Me har derimot alltid eit mål om å bli betre, og levere betre. Difor er me opptekne av at me alltid skal ha dei beste pilotane, slår Sverre fast. ■

Tilbake til toppen