Populær arkitektrundtur i Ryfylke

Nasjonal turistveg Ryfylke har ein arkitekturrundtur som byrjar å vise godt att på turistkartet.

Frå
Mitt Ryfylke 2018 2
Mitt Ryfylke 2018 2

Opprinneleg gjekk turistvegen i Ryfylke frå Lysefjorden i sør og opp til Røldal. I 2016 kom ein ny rundreis nord i Ryfylke med på strekninga. Den nye delen går frå Sand til Røldal om Nesflaten.

Ein av attraksjonane som har trekt godt med turistar og som har hatt ein betydeleg vekst i besøkstal det siste året er det gamle gruveområdet i Allmannajuvet, som var i drift på slutten av 1800-talet. I 2016 opna bygga teikna av den sveitsiske arkitekten Peter Zumthor.

Besøkstala frå besøkande i sinkgruvene sommaren 2017 ut august 2018 var nyleg klar, og syner ei solid auke på 40 prosent. Frå mest 11 200 besøkande i 2017 til nær 16 000 i 2018.  

Sauda Ferie & Fritid har stått for turane og har tilbydd tre guida turar dagleg med maks 15-20 personar på kvar tur. Berre sidan oppstarten av tilbodet med å tilby guida tur Allmannajuvet i Sauda i juni, har nærare 2000 personar nytta seg av tilbodet.

– I snitt har 30-40 personar vore inne i gruvene kvar dag i sommarsesongen, som hadde sitt høgdepunkt i juli/august, fortel Fredrik Fløgstad. Han er strekningsansvarleg for Ryfylke, Jæren og Varanger i Statens Vegvesen.

Ragnar Fosstveit er dagleg leiar i Sauda Ferie & Fritid og prosjektleiar for strekninga på vegne av lokale aktørar. Han er glad for veksten og ser ei positiv utvikling sommarstid for næringslivet i Sauda. Han merkar òg ein tydeleg tendens til at fleire er opptekne av gamal og ny arkitektur.

– Men det er viktig for kommunane å vera berekraftige året gjennom, og at ein heile vegen må sjå på grep for å tiltrekka seg turistar uavhengig av årstid, understrekar Fosstveit.

I tillegg til Allmannajuvet inngår Stavkyrkja i Røldal, Høse Bru i Suldal og Svandalsfossen i Sauda med 540 trappetrinn opp langs fossen i arkitektrundturen Nord i Ryfylke.

Målet med arkitekturrunden er i følge Fosstveit å ta i bruk eksisterande bygningar og vegar, og på sikt må ein vurdere kva som skal med.

– Me har fleire strenger å spela på lokalt, som Sauda Fjordhotell i Jugendstil, Åbøbyen som Ryfylkemuseet driftar og den nedlagte kraftstasjonen Stasjon III, fortel han. På sikt må me vurdere kva som skal i tett samarbeid med Reisemål Ryfylke, Fjord Norge og Nasjonale Turistvegar, understrekar Fosstveit.

I følge Fløgstad er det i tillegg til den nyleg opna rasteplassen Ostasteidn i Suldal fleire prosjekt på blokka i Ryfylke for Nasjonale Turistvegar. Ei oppgradering av trappene i Svandalsfossen er planlagt ved hjelp av Sherpaer, for å sikre ein meir solid veg ved flom i vinterhalvåret. I Forsand har Fløgstad Høllesli som neste store prosjekt i samarbeid med Forsand kommune. Her skal eit nytt utkikks- og fotopunkt innover Lysefjorden byggast i 2019. Det er Lie Øyen arkitekter som står for utforminga av den nye attraksjonen, fortel Fløgstad.

— Vi ser at satsinga vår har noko for seg. Dei nasjonale turistvegane med arkitektur fungerer som fartsdumpar, som gjer at folk blir verande lengre.

— Vi får veldig god tilbakemelding i heile landet på at det er eit godt tilbod, som òg er gratis og tilgjengeleg for alle. Det einaste som kostar noko for turistane er dei guida turane. Desse må til for å sørge for sikker ferdsel, særleg i rasutsette område, som i Allmannajuvet, understrekar Fløgstad.

Nasjonale turistveger

Det er per dags dato 18 turistvegar i Noreg. Statens Vegvesen er ansvarleg for å utvikla attraksjonen Nasjonale turistvegar med vegdirektøren som eigar. For å sikra høg kvalitet av turistvegarbeidet har Statens Vegvesen knytta til seg eksterne faglege råd. Eit av desse er Arkiteturråd, som skal sikre høg visuell kvalitet på utsiktspunkt og rasteplassar langs strekninga. Ei av dei atten strekningane er reisa langs turistvegen i Ryfylke.  
(Kjelde: nasjonaleturistveger.no)

Arkitekturrundtur langs nasjonal turistveg Ryfylke

Rundturen går gjennom Suldal, Sauda og Røldal, der ein får oppleve historisk arkitektur i verdsklasse i eit spektakulært landskap. Høgdepunkt på ruta er Allmannajuvet i Sauda av Peter Zumthor og Geir Grungs arkitektur for Røldal Suldal kraft i Nesflaten. Arkitekturveien har den beste samlinga av arkitektoniske verk i fjord Noreg og er den einaste turistruta i Noreg med både moderne og historisk arkitektur i løpet av ein dagstur. Ruta er en del av nasjonal turistveg Ryfylke. Røldal Stavkirke, er datert tilbake til 1200-tallet.
(Kjelde: visitnorway.no/listings/arkitekturrundtur)

Energihotellet på Nesflaten (Foto: Stig Jensen)

— Høse bru Suldal

Høse bru ligg i Sand som er administrasjonssenter i Suldal. Suldal er ein av dei store kraftkommunane, og bygdeturisme, bergverk og fiskeoppdrett er no for tilleggsnæringar å rekne. Høse bru er ei gangbru over Suldalslågen. Den lyser vakkert opp i mørke haust- og vinterkveldar, og leier til turområdet på den andre sida av lågen.
Arkitekt: Rintala Eggertsson Architects
(Kjelde: nasjonaleturistveger.no)

— Allmannajuvet Sauda

Sinkgruvene i Allmannajuvet er eit nedlagt gruveanlegg i Sauda. Gruvene var i drift frå 1881 til 1899. I denne perioden vart det utvunne 12000 tonn med sinkmalm. I dag er gruveområdet eit museum. Dei enkle bygningane i juvet er laga i ein industriell byggetradisjon som huser forteljinga om gruvene. Attraksjonen består av eit galleri, gruvekafé, toalett, parkering, stiar og trapper.
Arkitekt: Zumthor & Partner (Atelier Peter Zumthor & Partner).
(Kjelde: nasjonaleturistveger.no)

— Svandalsfossen Sauda

Svandalsfossen er eit mektig syn når vassføringa er stor. Trappene med 540 trinn gir nærkontakt med storfossen og den frodige og trolske vegetasjonen som kjenneteiknar området.
Arkitekt: Helge Schjelderup, Arkitektkontoret Schjelderup & Gram
Arkitekt: Haga & Grov AS Sivilarkitekter MNAL
(Kjelde: nasjonaleturistveger.no) ■

Tilbake til toppen