Ikkje noko dill med drill

Å driva med drilling er ikkje for pyser. Jentene i Tau Drill har ofra både kveldar, tenner og negler for sporten sin.

Frå
Mitt Ryfylke 2015 2
Mitt Ryfylke 2015 2

For ein drillstav ute av kontroll, som kjem deisande ned frå lufta, er ikkje god å få i fjeset eller på hendene, kan Isabel Fiskå Knutsen og Janne Kristin Kåsen og skriva under på.

Dei to er blant trenarane i Tau Drill. Drill-klubben har mellom 30 og 40 medlemmer frå Tau, Fiskå, Bjørheimsbygd og Jørpeland.

Isabell Dalberg Hanssen har den rette drill-attituden.

Om to år fyller klubben 40 år. Tau har vore ein av få plassar på Vestlandet kor sporten har hatt utøvarar, medan mange har drive lenge med drilling på Austlandet. Kvifor drilling fekk så godt fotfeste på Tau i slutten av 70-talet, kan ikkje jentene svara på.

Rett før påske reiste Kåsen og Knutsen saman med tre av utøvarane ned til VM i Italia.

Resultatet herfrå blei ein 7. plass til Sina Tveita Johannessen og Herborg Litlatun i Twirl Duet Juvenile, og ein 26. plass til Isabell Dalberg Hanssen i Solo 1 Baton Juvenile.

Mathias Langseth Eliassen og Susann Stave som Janne og Isabel var reserve for fikk en sterk fjerde plass i Twirl Duet Senior.

Å vera drilljente (eller drillgut, dei finst sjølv om dei er få) krev mykje styrketrening, koordinering, tøying, hopp og sprett. Du skal vere flink til å danse og kunne få sjølv dei mest halsbrekkande manøvrar med drillstaven til å sjå lette og uanstrengte ut. Og skal ein få til det, må ein også ha god kondis.

Drilldans er ein idrett der drill, dans og turn står sentralt. Korrekt drillteknikk er viktig, i tillegg skal ein bruka kroppen rett, og samspelet mellom kropp og drillstav er sentralt.

Når ein opptrer skal det skje med flyt, musikkforståing, styrke, fleksibilitet og utstråling. Kombinasjonen av alt dette gjer drilldans til ein krevjande og allsidig idrett.

Fellesnummer. Frå venstre trenar Isabel Fiskå Knutsen, Sina Tveita Johannessen, Herborg Litlatun, Isabell Dalberg Hanssen og trenar Janne Kristin Kåsen.
Trenar Isabel Fiskå Knutsen.
Sportsdrill er ein krevjande idrett, og mykje påfyll av drikke er naudsynt. På bildet: Sina Tveita Johannessen.

I drill blir det tevla i solo, duett eller team.

— Pointa tåa. Nå ser det dritfint ut. Bra pose!

Musikken drønnar frå ein ghettoblaster. Litt leiting etter ein hårstrikk, for håret må temjast når alt anna skal vera i mest mogleg rørsle. Men hestehalane svaiar godt når jentene svevar høgt over golvet med drillstaven flygande endå høgare over jorda.

Utøvarane skal nesten oppheva fysiske lovar og alltid vita kor drillstaven kjem til å landa etter dei har kasta han meterhøgt opp i lufta. Alt dette medan dei buktar og vrir kroppen i alle mulige og umulige posisjonar på den tida det tek staven å bli innhenta av tyngdekrafta. Ei hand skyt ut, og grip staven raskt og smidig. Men av og til når ikkje handa fram og staven smell hardt og klirrande ned på golvet i gymsalen. For på trening øver ein på det ein ikkje kan, og på det ein vil bli betre i, og då er det lov.

Men å mista drillstaven under konkurransar, derimot….

— Nervar spelar veldig mykje inn på om ein mistar staven eller ikkje. Eit nummer ein greier fint åleine, blir ofte mykje vanskelegare når nokon står og ser på, forklarer Isabel.

Ingenting å seie på balansekunsten til Herborg Litlatun (t.v) og Sina Tveita Johannessen.
Herborg Litlatun (t.v), Isabell Dalberg Hanssen og Sina Tveita Johannessen brukar alle mykje tid på idretten sin.
Luftige svev høyrer også med til sportsdrill. Herborg Litlatun (t.v) og Sina Tveita Johannessen i svevet.

Medan drilljentene turnerer seg sjølv og stavane skal ansikta deira stråla av ro og harmoni. Helst skal ein smila som om ein stod lent inntil ein vegg første dagen av sommarferien. I gymsalen på Strand vidaregåande er det sveitte og konsentrasjon, og ikkje alltid så lett å smila.

Trenarane ropar ut oppmuntrande kommentarar til jentene som er samla til treningsøkt. Nesten kvar kveld blir gymsalen brukt til øving for medlemmer i Tau Drill. Til tross at idretten har fleire ivrige utøvarar, er det mange i Strand som veit lite eller ingenting om idretten deira, påpeiker Janne Kristin Kåsen og Isabel Fiskå Knutsen.

Sporten krev mykje terping, men å øve heime er ikkje alltid så populært. For få har det  høgt nok under taket. Å øve framom spegelen er heller ikkje tilrådelig sidan ein drillstav på ville vegar har ein tendens til å knusa glas. Øving heime, bør skje utandørs, seier Isabel og Janne Kristin.

Det mange forbind med drilling er jentene som får fremst i korpset 17. mai. Noko også ein del av jentene i Tau Drill gjer, men det dei driv med til vanleg, har ikkje mykje med korps og marsjering å gjera, understrekar dei to trenarane.

Ein skal vera smidig for å driva med sportsdrill. Herborg Litlatun i aksjon i gymsalen på Strand vidaregåande skule.

Men det var som tilskodar til korpset at Isabel fekk auga opp for drilling.

— Eg tykte både det såg kjekt og fint ut. Dermed blei eg med i Tau Drill då eg gjekk i 3. eller 4. klasse. Nå er eg inne i mitt ellevte år, fortel 19-

åringen.

Både ho og trenarmakker Janne Kristin er reservar på Noregs seniorlandslag i drilling.

I Noreg får ein ikkje byrja med drilling før ein har begynt på skulen. I land kor idretten er langt større, som til dømes USA og Nederland, byrjar mange alt i tre-fireårsalderen.

Her til lands kan ein ikkje leve av drilling, men i USA får dei flinkaste stipend. Sponsorane spring heller ikkje etter Tau Drill, så det meste dei er med på, må dei betale av eiga lomme.

I tillegg til Tau finst det også nokre drillmiljø på Sandnes, Stavanger og Haugesund. ■