Smelteverket feirar 100 år

Hundreåringen må seiast å vera veltrimma. Eramet Norway Sauda er eit av få manganverk i verda som driv med overskot også i dårlege tider.

Frå
Mitt Ryfylke 2015 2
Mitt Ryfylke 2015 2

Mitt Ryfylke er på omvising på fabrikken med Oddvar Lindseth. 58-åringen har 36 års fartstid bak fabrikkporten. Han har såleis sett mang ein bølgjedal komme og gå.

Dei første åra arbeidde Lindseth som prosessoperatør, deretter som driftsassistent. Nå er han lønn og HR-medarbeidar, og satsar på å jobba fire år til, før han kan bli pensjonist.

Kjemiingeniør Ingunn Risvoll arbeider ved laboratoriet ved Smelteverket, som har seks tilsette. Ved laboratoriet analyserer dei både råvarene (malmen) og dei ferdige produkta.

Dei eldste bygningane er frå 1915 og fram til 1923. Fabrikken var eit samfunn i samfunnet i gamle dagar.

Me går forbi ein hall som tidlegare romma ein heil snikkarverkstad. Oddvar fortel at snikrane laga alt ein trong både på fabrikken og til arbeidarbustadane i Åbøbyen.

Bygningane som utgjer smelteverket har i alle år blitt flikka på og ombygde, fleire bygg er også rivne, så det er eit lappverk frå fleire tiår som i dag utgjer bygningsmassen, skjønar me.

Somt av det gamle er tatt vare på, men ein har aldri teke seg tid til å laga noko fullverdig «museumsavdeling», fortel Oddvar.

Oddvar Lindseth ved det ferdige produktet, Ferromangan.

Mykje av fortida er stua vekk i skuffer og skap, eller for lengst kasta på skraphaugen. Men langs veggane har ein fotografi som viser fabrikkanlegget frå sin spede start fram til i dag.

I kjellaren på hovudkontoret finn me Sauda lokalarkiv som rommar mykje verdifull dokumentasjon om historia i Sauda.

Då Oddvar byrja i 1979 arbeidde det rundt 900 personar her, og det var varme i åtte omnar. I glansåra på 50 og 60-talet brødfødde smelteverket heile 1300 tilsette, og 11 omnar var i drift. I dag produserer smelteverket meir enn dobbelt så mykje metall som ein gjorde i gamle dagar, og det med berre to omnar og cirka 200 tilsette.

Omstilling og nedbemanning har vore nøkkelen gjennom alle desse åra. Det er ikkje få yrkesbrør og søstrer Lindseth har sett gå ut av porten gjennom sine år ved fabrikken.

Vemodig har det vore, men nedbemanningane har blitt utførte på ein human måte, gjennom naturleg avgang. Alle har forstått at skulle verket overleva, måtte talet på tilsette ned, forklarer han.

— Det er alle tilpassingane som gjer at verket nå er rusta til å tåla også dårlege tider. Medan mange konkurrentar stenger manganveka sine når prisane er låge, kan Eramet sine manganverk i Sauda og Porsgrunn halda fram produksjonen. Ei auka produksjon av raffinerte legeringar, og mindre standard vare, har også heva lønsemda, fortel verksdirektør Kåre Bjarte Bjelland.

Smelteverket: 100 år

23. august 1915 blei verket formelt stifta. Det heitte då Electric Furnace Products Company, Ltd.
Den første verdskrigen sette kjeppar i hjula for bygging og framdrift, men i 1923 kom prøveproduksjonen endelig i gong.
Då hadde ein gått bort frå å produsera det ein opphavleg hadde tenkt, og gjekk i staden for ferrolegeringar, som ein har produsert sidan. Ferromangan frå Sauda blir brukt til produksjon av stål for å gjere det seigt og sliteserkt. Dei fleste bilar frå Europa inneheld mangan frå Sauda.
Smelteverket har gjennom desse hundre åra hatt tre eigarar.
Frå 1915 til 1981 var verket på amerikanske hender, gjennom selskapet Union Carbide. Deretter eigde Elkem verket frå 1981 til 1999, før verksemda blei overtatt av franske Eramet.

Men nedbemanninga har sin pris.

— Det har blitt mindre sosialt på jobb. Før var det stappfullt av menneske her, brakkene var smekkfulle. Låtten og praten sat laust. Nå blir mange arbeidsoppgåver utførte av ein person, og når ein ny kjem på jobb, går den andre. Det var også lettare å stikka seg bort om ein kjende seg litt trøytt ein dag. Nå er trøkket langt større på kvar enkelt medarbeidar, seier Oddvar Lindseth, men skundar seg å leggja til at ingen lid noko overlast no heller.

Tvert om. Det moderne fabrikklivet inneber langt mindre forureining og kroppsslit i varme, støv og skit enn før. Omnane blir styrte av data-maskinar, dei er også blitt langt meir slitesterke. ■

Tilbake til toppen