Lys i Ryfast tunnelen

30. desember opnar Ryfast som er verdas lengste og djupaste vegtunnel. Kva betyr det for Ryfylke?

Frå
Mitt Ryfylke 2019 3
Mitt Ryfylke 2019 3

Eit sju år langt byggeprosjekt er over og 6,5 millionar arbeidstimar er lagde ned. Snart kan både Ryfast si eiga jordmor, Magnhild Meltveit Kleppa og prosjektleiar i Statens vegvesen Gunnar Eiterjord vere vitne til at snora blir klippa og ein formelt opnar Ryfast. Dermed har også Eiterjord og teamet hans sett ein verdsrekord, Ryfast er nemleg verdas lengste og djupaste vegtunnel. I prosjektet er det bygd nesten 53.000 meter med tunnel og store daganlegg. 30 desember er dagen, då blir Ryfylketunnelen formelt opna, medan opninga av Hundvågtunnelen og Eiganestunnelen er utsett til februar.

– Det blir ein stor dag, både for Ryfylke og for Nord-Jæren. Eg tur ikkje det heilt har gått opp for oss kva det betyr å sleppe å sjå på klokka, no kan me reise rett fram og rett tilbake når me sjølv vil. Ikkje minst er det mykje ventetid å spare for næringslivet, slår Magnhild Meltveit Kleppa fast.

Den tidlegare samferdsleministeren og senterpartipolitikaren frå Hjelmeland blir kalla Ryfylke si jordmor. Sjølv var ho ein gong tilhengar av Høgsfjord-kryssing, men då valet falt på Ryfast var også Magnhild skråsikker på at ho skulle støtte prosjektet og sikre framdrifta så langt ho klarte.

– Då eg vart samferdsleminister i 2009 visste eg jo at det var eit trøkk frå begge sider av fjorden om fastlandssamband. Då hadde både kommunar og fylkesting for lengst avklart at sambandet skulle gå mellom Stavanger og Tau, fortel Magnhild som no er pensjonist, etter sju år som fylkesmann i Rogaland.

– Når dette kom på plass kjende eg på eit stort ansvar for å halde framdrift, men så byrja ein også å mobilisere motstand, ikkje minst frå Forsand, men også frå deler av Strand kommune og frå utsida. Då var det desto viktigare å halde tunga beint i munnen. Eg hadde gode støttespelarar og mi oppgåve var å bere fram eit felles og stort ynskje om å få dette til.

Vinteren 2010-2011 gjorde alle kommunane sine vedtak og i 2011 skulle prosjektet til ei ekstern kvalitetssikring.

– Det var nok fleire som då håpa at prosjektet skulle ende der, at det skulle kome fram noko som stoppa det. Rapporten var ferdig rett før jul i 2011, rapporten sa i grunn at ein burde rykke tilbake til start, og at me skulle begynne utgreiing på ny.

– Den rapporten heldt du tett til brystet?

– Ja, eg gjorde det. Eg såg det framleis som mi oppgåve å sørge for å løfte fram det breie fleirtalet. Slike rapportar er interne arbeidsdokument og låg ved saka som gjekk til Stortinget, meiner Magnhild Meltveit Kleppa.

Ho vedgår gjerne at ho ikkje les kommentarfelta i Stavanger Aftenblad i den perioden, det hadde truleg vore for tøft.

– Eg visste dette var Ryfylke sin store moglegheit, eg måtte fylgje det opp, seier ho som ifølgje rykta har ein enorm arbeidskapasitet.

Ein kapasitet ho fekk godt nytte av i 2012, då departementet leverte proposisjon til Stortinget allereie i mai same året, med andre ord på langt knappare

tid enn vanleg. Proposisjonen gjekk gjennom i Storinget den våren, dermed var første delmål gjennomført. Ho er framleis imponert over korleis fagfolk i departementet stilte opp med ekstrajobb på kveldstid. I juni same året gjekk Magnhild av som samferdsleminister, og same hausten tok ho første spadestikk i Ryfast.

Eg kjenner eg står med rak rygg i dette. Rogaland skulle betale dette sjølv, det er nokså unikt. Vegdirektøren meinte og at eit så stort prosjekt burde fått del i statlege midlar, men ikkje før 213. For meg vart det viktig å halde framdrift i arbeidet. Eg har brukt mange kveldar og møte på å forankre Ryfast, både hjå regionale og sentrale politikarar, seier ho og ler mildt.

– Men så var det og viktig for meg at eg var samferdsleminister for heile landet. Same veka som Ryfast gjekk gjennom i Stortinget, vart også tre andre store vegprosjekt godkjende. Eg har litt kontakt framleis ute i fylka, så eg veit at all desse no er fullførte. Det er kjekt.

9. november 2012 tok ho første spadestikket i Ryfast-prosjektet, og sa dei kjende orda: «Der det er vilje, der er det veg».

Magnhild er ikkje den som skrik høgast på grunn av bompengeprisane som er spådd. Mange fryktar derimot at prisen for å køyre gjennom Ryfast raskt kan bli baksida av medaljen.

– Det bør ikkje vere grunn for den uroa, ein veit framleis ikkje kva taksten blir. Det er ein del faktorar som speler inn, eg stiller meg uforståande til at ein no opererer med eit langt lågare trafikkgrunnlag enn først tenkt- I tillegg har renteutviklinga vore betre enn venta, seier Magnhild. Ho peikar på at staten har endra rabattsystemet og opna for kommersiell ferjedrift over Høgsfjorden. Desse to faktorane er staten sitt ansvar og bør ikkje påverke prisen.

– Det kan ikkje vere tvil om at Ryfast opnar nye moglegheiter for Ryfylke. Men full effekt får ein ikkje før resten av RV13 er utbetra og ein har fått gjennom rassikring i Rødsliane, den saka fylgjer eg tett med på, seier ho.

– Skal du opne Ryfast?

– Nei, det blir nok ikkje meg. Men eg reknar med at eg blir invitert, det blir ein sjeldan stor dag det.

Ryfast

Verdas lengste og djupaste vegtunnel. Totalt er det bygd nesten 53000 meter med tunnel og omfattande daganlegg. Prosjektet har kosta om lag 8,1 milliardar kroner. 30. desember blir Ryfylketunnelen formelt opna, medan opninga av Hundvågtunnelen og Eiganes tunnelen er utsett til februar. (Kjelde: Ryfast Norges største vegprosjekt)

Magnhild Meltveit Kleppa er kalla Ryfast si jordmor. Her er ho mellom anna saman med tidlegare fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal, prosjektleiar Gunnar Eiterjord, tidligare vegdirektør Terje Moe Gustavsen og avgått regionvegsjef Helge Eidsnes.

– Det er klart dette opnar mange moglegheiter for Ryfylke, både med tanke på bu og arbeidsmarknad. Etter Ryfast blir det grei pendlaravstand mellom  Hjelmeland og Stavanger.  Så er det jo opp til Ryfylke korleis dei vil nytte seg av denne sjansen, meiner prosjektleiar i Statens vegvesen Gunnar Eiterjord som fortel at prosjektet har gitt han og resten av prosjektgruppa sju spanande arbeidsår. Utfordringane har stått i kø dagleg, men han rosar teamet som har nådd målet om opning i løpet av 2019. Tidlegare i haust kunne han også gle seg over å delta i Ryfastløpet som samla 7000 spreke deltakarar. Eiterjord sjølv er glad i løp, og vann den interne konkurransen i Statens vegvesen om beste tid. Endeleg er prosjektet han har jobba med i så mange år realisert.

– Men prislappen har auka gjennom åra?

– Det har den absolutt ikkje gjort. Prisen har ikkje auka meir enn vanleg pris - og lønnsauke i resten av samfunnet. I løpet av så mange år vil økonomibiletet endre seg noko. Men me held framleis budsjettet, og det skal me klare, slår Eiterjord bestemt fast. Tunnelprosjektet har kosta om lag 8,1 milliardar kroner, i 2019-kroner.

– Kva skjer no, når du stenger kontordøra i Ryfast?

Då skal eg ha ein liten pause, før eg skal starte opp jobben som prosjektleiar for Rogfast, fortel Eiterjord.

Prosjektleiar i Statens vegvesen, Gunnar Eiterjord er glad for at ein no kan opne Ryfast. Snart er han klar for byrje arbeidet med Rogfast.
– Det er klart dette opnar mange moglegheiter for Ryfylke, både med tanke på bu og arbeidsmarknad
[Gunnar Eiterjord]

Pris og kostnadsbilete har også vore eit av dei mest sentrale punkta når det har blitt inngått avtalar med entreprenørar. Mange lokale bedrifter har også hatt store kontraktar i Ryfast. Ein av dei er Norsk Spennbetong i Forsand, bedrifta skifta i vår namn frå Bjørn Hansen AS for å bli endå tydelegare i marknaden på kva dei kunne tilby. Dagleg leiar Idar Heskestad meiner Ryfast-prosjektet har vore veldig viktig for bedrifta.

Norsk Spennbetong AS i Forsand, bedrifta skifta i vår namn frå Bjørn Hansen AS for å bli endå tydelegare i marknaden på kva dei kunne tilby. Dagleg leiar Idar Heskestad meiner Ryfast-prosjektet har vore veldig viktig for bedrifta.  

– Norsk Spennbetong har levert både spennbjelkar til kulvert over motorveien forutan nødstasjonar og midlertidig kulvert på Solbakk. Totalverdi på leveransane er om lag 20 millionar, fortel Idar.  

Bedrifta har hatt ein sterk vekst sidan Heskestad tok over leiarjobben i 2008, då hadde dei om lag 30 tilsette, på det meste i Ryfastperioden var dei oppe i 120 tilsette. Sjølv om Ryfast har gitt bedrifta eit godt og solid fotfeste i marknaden er også Heskestad spent på kva tunnelen vil få og seie for Forsand. For dei er det og positivt at det etter nyttår blir kommersiell ferjedrift over Høgsfjorden.  

– Leveransane har hatt stor positiv betydning for bedrifta både i forhold til omsetnad og som referanse for framtidige oppdrag. Brei omtale i så vel tv, aviser og sosiale medium har sjølvsagt styrka omdømmebygginga vår. Me er godt fornøyd med kontakten me har hatt med hovudentreprenørane, så vel som Statens vegvesen.

Randøy Stein har på si side levert naturstein til Ryfast.

– Me har levert stein til murar og heller til rundkjøringar og midtrabatter, på Solbakk og på Hundvåg. Ryfast-jobben har vore viktig for oss, den har gitt oss forutsigbart arbeid og ein sjanse til å kunne investere i utstyr og tilsette, seier dagleg leiar Øystein Fosse som meiner Ryfast er viktig for regionen.

– Det er viktig for oss å kunne reise til Stavanger når me ynskjer det sjølv. Forhåpentlegvis vil dette sambandet generere tilflytting og fleire arbeidsplassar i Ryfylke, meiner han. ■

Tilbake til toppen