Presten på prærien

Ingen gardiner hindrar sola i å stanga seg inn som ein våryr stut hjå vandrarprest Ingebjørg Vik Laugaland i Hjelmeland.

Frå
Mitt Ryfylke 2015 2
Mitt Ryfylke 2015 2

I eit vindauge gløder eit knippe raude tulipanar, flammen på stearinlyset midt på kjøkkenbordet er knapt synleg i alt vårlyset som fossar inn, og klattar seg honninggult over møblar og bord. Gjennom stoveglaset gløder moseputene på steingarden som den gildaste fløyel.

På framsida, i vindauget over oppvaskkummen der Ingebjørg ofte står med hendene i lunka vatn og tenkjer på det heilage i det alminnelige, strøymer våren over grasstubbar som ennå har fargen av haust i seg, om dei då ikkje ligg flate under sorpebandet som krusedullar seg rundt på den laugalandske prærien. Hjulspora er signaturen etter sonen Timothy som mora sende av garde på jobb nokre timar tidlegare, med magen full av pannekaker og sirup.

Det er mykje glede og fred i huset mitt, seier Ingebjørg. Katten «Felix den lukkelege» ser ut til å vera samd.

Ingebjørg bur i eit malingslite hus med cowboyhatt på veggen og amerikansk terrasse på framsida. Terrassen har nokre få værbitte hagemøblar. Innkjøp av ein kite trumfa nye hagemøblar i år, fortel Ingebjørg muntert. I tankane er nok ho og kiten alt i fint driv over Blåsjø. 46- åringen nynnar og syng medan ho let seg fotografera på terrassen, på låvebrua og ute på ein stein i elva. Like etter besøket av Mitt Ryfylke ventar ein tur på høgheia med munnspelet i sekken.

For Ingebjørg Vik Laugaland går trua og det kvardagslege hand i hand. Difor heng eit kunstverk som symboliserer nattverden ved oppvaskkummen. Difor har ho kvar sommar besøk av barn som opnar Ryfylkesommaren og det heilage i dei små tinga for henne, på ny og på ny. Barna som set enkle ord på det store, og såleis gir henne verdifulle impulsar til si vaksne og meir akademiske tilnærming til verda.

Vandrarpresten sitt motto er å gå rikare vidare, og det gjeld i aller høgaste grad meg etter desse sommarvekene, påpeiker ho.

Ingebjørg har drive konseptet Vandrarpresten i sju år. Arbeidet kjem i tillegg til stillinga som barne - og ungdomsprest. Som åleinemor treng ho stabile inntekter. For at det ikkje skal bli for mykje arbeid på ein gong, er ho blitt ein meister til å planleggja langt fram i tid.

Ingeborg Vik Laugland

Sivil status: Fri og frank
Drøymer om: Skrivarstove i smia på garden
Les: Morgenbladet og Vita brevis av Jostein Gaarder
Høyrer på: Katie Melua
Førebilete: Anne Berit Skeie; lærar frå ungdomsskulen

Vandrarpresten sel trivsel, merksemd og ettertanke. Ho omtalar kundane sine som gjester. Målet hennar er å formidle verdiar av både kulturell, sosial, åndeleg og fysisk art.

Dei som vil kan bestilla henne med på tur. Både privatpersonar, organisasjonar og bedrifter er blant kundane hennar. Ho guidar også folk rundt i Ritlandskrateret. Elles tilbyr ho å via folk. Først innandørs, deretter utandørs.

— Forkynner du på turane eller til barna på sommarveker?

— Trua for meg er som å pusta. Når eg trenar hardt merkar eg pusten min veldig godt. Når eg søv merkar eg han ikkje i det heile tatt. Eg fortel og formidlar ting som er viktige for meg, så blir det opp til øyrene som høyrer kva dei tek til seg. Eg trur alle veit kor eg står. Og barna har ein fantastisk bullshitdetektor. For meg er det ikkje viktigast å seie dei rette tinga, men dei viktige tinga, fortel ho.

Det er dessutan viktig å lytta til gjestane sine ønske for turen. Er ønsket ein liturgisk tur, legg ho gjerne inn tidebøner.

— Folk som er med deg på tur oppfører seg kanskje litt annleis enn dei ville gjort om dei ikkje hadde følgje med ein prest?

— Ja, eg trur gjestane mine er meir opptekne av rolla mi enn eg sjølv. Eg har hatt følgje med barka mannfolk som eg veit bannar til vanleg, men som let det vera på tur i lag med meg. Det rører meg. Det er deira måte å syna respekt for mi tru, og skal ikkje gjerast til noko lite.

— Hender det at presten bannar?

— Berre over 800 meter, kjem det kjapt.

Synga og spela kan ho også, vandrarpresten. Katten kroar seg av lukke, med sol i pelsen.

Lettare flau fortel ho om den gongen ho hadde med ein konfirmant på rypejakt og bomma på fuglen. Då glapp eit svært lite geistleg ord ut or henne, og ho måtte berre orsaka seg.

Som andre har Ingebjørg også fått kjenna vrangsida av livet, og ho kan kjefta på Gud somme gonger, men trur aldri at han sviktar henne. Møta med Gud er mange gjennom dagen, skjønar me. Når ho sit ved pianoet og syng, mediterer på kjøkkenet kvar morgon, når ho kikkar ut vindauget eller sit og syng på ein stein oppe i heia. Gud ventar på henne i fjellet, fortel ho.

Vandrarpresten meiner kyrkja har mykje å læra av sekulære, frivillige organisasjonar, som til dømes Turistforeininga, når det gjeld å nå ut til folk.

I dag har det åndelege blitt noko svært privat. Det er det ikkje i andre kulturar, og eg meiner det er ein styrke for eit samfunn å anerkjenne religion og åndelege sider ved livet. Barna gir meg mange aha-opplevingar fordi dei er så tillitsfulle og direkte i si tilnærming til det åndelege. Under ei samling var det ein som kom til å skada foten. Då må me be, var dei andre si umiddelbare oppfatning, og presten kunne ikkje seie noko på det. Så me bad. Etter ei stund då det hadde vore stille litt lenge, avslutta eg med eit amen. Men då fekk eg raskt beskjed: Nei, me må be litt til. Så barna hadde eit enklare og meir naturleg forhold til bøn enn presten.

Ingebjørg med boka kor ho noterer seg tankar og idear.

Ho ønsker å minna folk om at det åndelege høyrer i hop med det kvardagslege, og at det heilage ikkje treng vera vanskelig. Men somme gonger misunner ho muslimane som kan gjera bestemte handlingar for å visa si respekt. Det heilage er noko ho heile tida strekker seg etter, og ho skulle gjerne tatt av seg på føtene for å visa ærefrykt.

For henne er det heilage det motsette av det vanlege.

Ifølgje Laugaland er kontakten med barn og unge viktig for hennar åndelege kondisjon.

— Me treng heile tida å øva på å sjå at noko er større enn oss sjølve. Det blir som med den fysiske kondisjonen. Han må heile tida haldast ved like, påpeiker ho.

Ingebjørg Vik Laugaland vaks opp i Erfjord i Suldal i ei tid då det ofte lukta svovel av preikene.

Men alt som lita jente gjennomskoda Ingebjørg det mørke snakket. Ho visste inni seg at det var ikkje så mørkt som predikantane snakka om, og tanken om å bli prest tok form.

— Korleis er det å vera kvinnelig prest i Ryfylke?

— Eg har aldri prøvd noko anna, seier ho like blidt.

Men eitt er ho klar på, Ho er ingen vanleg prest. Ingebjørg er heller ikkje noko flokkdame som drikk sjeldan vin med venninner.

Men eg har mange ein - til - ein venninner. Klubb går eg ikkje i. Eg vil heller gå til heia med ein kompis.

Ein vandrarprest er ikkje redd for strie stryk. Trua er vadesteinane ho let livet sitt renna rundt.

Ho finn mykje trøyst i visdomsordet vennen Arne Brimi skreiv til henne: «Somme, svært få, går først. Me andre følgjer etter.»

Når ho talar til folk, anten dei er unge eller gamle, er ho oppteken av å formidla viktige ting på ein skikkelig måte.

Flosklane får kvila, og tilhøyrarane får gjennomarbeidde preiker. Det er i alle fall målsetjinga.

— Så lenge eg meiner eg har noko viktig å fortelje, må eg fortelje det på ein måte som gjer at tilhøyrarane forstår kor viktig det er for meg. Dermed held det ikkje med fraser som: «Tenk, nå er det snart jul, folkens. Det blir koseleg.»

Ingebjørg er ein prest som ikkje skuggar unna alvoret og dei store tema når ho snakkar med folk. For henne er helvete ein stad der Gud ikkje er, som det greske ordet også tyder. Men ho vil aldri seie eit ord om kven som måtte ende i eit gudlaust tilvære. Det er Gud som frelser. Det er Gud som bestemmer, seier ho.

Sjølv har ho stor tru på livskunst i kvardagen; å eta, drikka og vera glad under sola, slik Forkynnaren i Bibelen oppmodar til. Å skapa trivsel for seg og sine. Ho ønsker å vera ein god vaksen i dei unge si lukke og sorg, midt i deira glede og uro. Og difor har ho halde kurs i både hjarteknusing og sjekkekunst.

For ho har tru på å vera ein prest midt i livet til folk, å vera ein medsitjar på ein stein i heia. ■