Skattekista

Til og med tøffe motorsyklistar kjem langvegsfrå for å kjøpe gongkaker. Så populær er baksten i Kaihuset på Judaberg blitt.

Frå
Mitt Ryfylke 2015 4
Mitt Ryfylke 2015 4

Det bugnar i butikken og kaféen i Kaihuset på Judaberg. Her er gåver til bestefar, gamle tanter eller veslesøster. Alt ein kan tenkje seg av tova ull-tøflar, treleiker, lys, smykker eller små detaljar til å pynte opp hus og heim med. Og så garn då. I alle fargar og av alle typar. Det er truleg garnet, strikketøyet og gongkakene ho brenn aller mest for Tove Marie Dalaker Rosland (54), dama som styrer Kaihuset og som dagleg serverer svoltne kafégjestar.

– Det heile byrja som eit dugnadshus i 1996, der folk kunne få kome å selje varene dei laga. Då handla det om trearbeid og garn. Det er det som er den store interessa, slår Tove Marie fast. Og framleis er det strikkekafe i Kaihuset fast annakvar veke.  Då samlar det seg både eldre og yngre strikkedamer i loftet på Kaihuset. Her blir det rom for både prating og handarbeid. Tove Marie har merka seg at strikkedilla, spesielt blant dei yngre berre veks og trenden er tydeleg. Langt fleire vil strikke eigne klede.

– Mange småbarnsmødre er her, dei er flinke til å strikke barneklede. Det er heilt klart in med strikking for tida. Det er jo kome mange strikkebøker og, som inspirerer, meiner Tove Marie.  

– Og gjerne skal det vere gamle mønster og gamle kofter. Det er ganske så kjekt å sjå.

I andre etasje på Kaihuset er det og andre arrangement, Tove Marie leiger blant anna ut lokalet til eit fast månadleg arrangement om kvinner og tru. Ho likar at bygget blir brukt til å samle folk. Ho har drive butikken sidan 2008.

– Men, kva er det som driv deg?

– Det er så kjekt å treffe kundar, og kunne tilby både fastbuande og tilreisande ein liten gåvebutikk her. Det er det som driv meg, meiner ho og legg vekt på at det er viktig å kunne byggje opp eit sentrum med puls i, det hadde ikkje blitt det same på Judaberg dersom butikkane vart færre. Ho har ikkje nettbutikk, ho likar det best når både gamle og nye kundar stikk hovudet inn i Kaihuset, det er noko anna å kunne handle i ein fysisk butikk der ein kan ta på varene og verkeleg sjå korleis dei ser ut.

– Tanken er at me må kunne tilby det meste her i butikken, sjølv om det er garnet som er basisen, meiner ho.  

– Me har til og med sykkelutleige her, men der må me nok ta eit val. Enten må me oppdatere syklane eller slutte med det, meiner Tove Marie.

— Kvifor dei er blitt så populære? Nei, eg veit ikkje. Det er vel fordi det er godt og folk vil ha noko skikkeleg som kaffimat.
[Tove Marie Dalaker Rosland]

Tidlegare i år pussa ho opp og utvida kaféen slik at det vart fleire sitjeplassar med utsikt over sjøen og båtlivet på Judaberg. I tillegg til å drive kafé med bakverk, kaffi og lokale varer frå småprodusentar, driv ho altså gåvebutikk, og driv turistinformasjonen på Finnøy heile året. Dei nysteikte gongkakene er blitt reine varemerket på kaien og folk reiser langvegs for å kjøpe kaker med seg heim.

– Kvifor dei er blitt så populære? Nei, eg veit ikkje. Det er vel fordi det er godt og folk vil ha noko skikkeleg som kaffimat, seier Tove Marie medan ho snur gongkakene av gamal vane. Tett i tett ligg dei på takka og spreiar rundt seg med ei freistande lukt. Inne i kafeen blir dei servert med rømme og sjølvsagt tomatsyltetøy frå Finnøy.

Oppe i andre etasje kan kundane nyte gongkakene i djupe gamle sofaer og med gamalt servise. Her heng den gamle tida igjen, både i vegger, møblar og tepper. Her er det mogleg å leve seg inn i gamle skikkar og tradisjonar, medan ein kikkar ut på eit Judaberg anno 2015.

– Det var no godt med kaffi no, seier Tove Marie og smiler. Vel vitande om at kaffien i dei gamle, ærverdige kaffikoppane er komne på bordet fordi fotografen gjerne ville at det skulle sjå ekte ut. Det er ikkje så ofte ho kan synke ned i sofaen her oppe midt i ein arbeidsdag. Det handlar om vere der kundane er. ■

Gongkaker

1 liter kulturmjølk
1 ss natron
2,5 dl sukker
Rør saman og rør inn mjøl til passe tjukk røre, om lag 1 liter,  røra skal vere som ein graut.
Strø mjøl på takka før du auser på kaker og strør mjøl oppå dei.
Steik på middels sterk varme.

Tilbake til toppen