Ta eit eple og drikk det

Elisabeth og mannen Arvid Grønvik har i haust pressa pressar tonnevis av eple på flasker og i plastbagar. 35000 liter eplemost har forlate fruktgarden i Grønvik på Fister.

Frå
Mitt Ryfylke 2014 3
Mitt Ryfylke 2014 3

Eplepressa går seint og tidleg frå september og ut oktober. Mitt Ryfylke vitjar garden ein solblank septemberdag, men folket på garden har ikkje tid til å slikka sol.

Ein kasse med 250 kilo eple blir forsiktig ført opp i eit vasskar. Arvid fjernar eple med flekkar, deretter blir resten av epla vaska forsiktig i reint vatn, som deretter fører frukta opp til ei rasp som mosar fruktkjøtet, som like etter blir pressa for saft. Veska sildrar rikeleg ned i eit kar under pressemaskina.

Heile 70 prosent væske må kvart eple gi frå seg før Elisabeth og Arvid er ferdige med det.

Arvid Grønvik får epla ned i pressa og sorterer ut frukt som ikkje kan brukast. 2000 liter til dagen blir pressa her. Til det går det med 500 kilo eple i timen.

Det tørre som blir att går ned i ein eigen kasse. Til denne tid har dei ikkje nytta eplerestane, men reknar med at dei vil kunna nyttast både som fôr og gjødsel.

Det angar friskt og syrleg i pressehuset. Elisabeth løfter ein slange opp frå golvet og fyller to koppar med ferskpressa most, det smakar perlande friskt mot tunga. Ein kilo eple går det for å fylla ei 0,7 liters flaske med most.

Den nypressa mosten kan lagrast på to store tankar som kvar rommar godt over 500 liter. I tre dagar kan mosten lagrast før pasteurisering. Står han lenger, vil gjæringsprosessen starta og drikken få usmak. Elisabeth og Arvid likar å ta heile prosessen i ein runde, dermed går den nypressa mosten rett til pasteuriseringsanlegget som varmar eplesafta opp til 80 grader. Dette tek berre nokre få minutt, deretter er drikka klar til å tappast, anten i flasker eller bagar som blir lagt inn i pappkartongar.

Elisabeth styrer tappinga av eplemosten.

— Det er ein puttel med flaskene, seier Elisabeth, som gjeter tappemaskina. Seks flasker i slengen kan fyllast på likt, deretter blir korkane drilla på. Heile 20 000 flasker handterer dei per sesong. Ho reknar med at dei må investera i noko meir lettvint flaskeutstyr på sikt, tre liters baggane er mykje enklare å jobba med, fortel ho. Men så er det det med flasker då, dei gjer seg jo veldig godt på festdekka bord.

I fjor blei eplemosten frå Grønvik Gard kåra til Norges beste. Det finst rundt 75 konkurrentar rundt om i landet,  dei fleste held til i Telemark og Hordaland. I Rogaland er Grønvik Gard blant dei største produsentane. I år var produktet deira nominert til Årets Måltid i januar 2015, men nådde ikkje heilt opp.

Arvid trør til med drillen når korkane skal på.

Det går sikkert fleire tog, konstaterer Elisabeth. Delar av eplemosten er økologisk, den kjem frå epla på eigen gard. Resten kjøper dei frå andre gardar, som ikkje driv økologisk. I dag leverer fruktgarden deira rundt 25 tonn eple og plommer. Målet er å dobla avlinga innan få år, ei storstilt nyplanting er på gong. På sikt vil garden ha 7-8000 tre.

Etter hausting og pressing, er det tid for sal og promotering av produktet. Elisabeth og Arvid har mellom anna avtale med Coop.

— Men det er jo slik at sjølv om Coop har sagt ja til å selja eplemosten vår, er det me som må få kundane til å velja nett vårt produkt. Difor går det mykje tid før jul å sitja i butikkar og dela ut smaksprøvar, fortel Elisabeth.

I februar er det tid for kvile. Då set Elisabeth seg med beina høgt og berre slappar av.

Det er Elisabeth som har hovudansvar for fruktdyrking og eplemost, for Arvid jobbar i Nordsjøen. I sesongen har paret også god hjelp i fire polakkar som har vore tilknytte garden i ei årrekkje.

Elisabeth og Arvid blandar aldri ulike eplesortar i mosten, alt blir laga av ein sort eple. Dei brukar sju eplesortar til mosten, både farge og smak vil difor variera ein del. Elisabeth trekkjer fram mosten frå Karin Schneider-epla, den får ein flott raudfarge, og er difor lageleg å selja oppunder jul, fortel ho.

Arvid styrer eplepressa.

Ho tykkjer ikkje det er noko ulempe om det dukkar opp fleire på eplemostmarknaden.

— Får folk fleire produsentar å velje mellom, vil dei også drikka meir eplemost. Me kan ikkje konkurrera på pris med brus, juice og iste, men eg vonar at fleire får auga opp for kor sunt eplemost er. I Noreg i dag har ein råd til å eta og drikka sunt. Og det kostar å laga eit kvalitetsprodukt. Hugs at me har hand om eplet frå den spede start. Når det er passeleg moge, haustar me det.

Det skjer som om me plukka egg frå trea, deretter syter me for førsteklasses drikke av eplet, forklarer Elisabeth.

Ennå er eplemost mest brukt til fest, men Elisabeth skulle ønska at folk tok med seg ei flaske eplemost, heller enn ein firpakning Cola, som dei truleg drikk opp like fort.

— Du burde kanskje alliert deg med avhaldsrørsla. Dei bør vel omfamna eplemost på fine flasker?

— Ja, det var kanskje ikkje så dumt.

Elisabeth Grønvik er sin eigen herre og unner seg alltid ein times lunsjpause.

Og ho har heller ingen planar om å tilføra eplesafta alkohol.

Tanken på å laga til dømes cider eller Calvados har streifa henne, men kostnadane er så høge, at ho har slått det frå seg.

Sjølv drikk ho nesten aldri brus lenger, men må leande vedgå at ho ikkje kan leggja ned totalforbod i familien.

Grønvik Gard er ennå i startfasen, fortel Elisabeth og Arvid. Dei rosar Innovasjon Norge for god støtte i byrjinga.

Nye investeringar i utstyr må til for å gjera produksjonen endå meir effektiv, alt nå tenar dei såpass med pengar, at lysta til å satsa vidare er stor. ■

Tilbake til toppen