Lakseprinsessa

Reiselysta førte Valborg Starheim Rognskog (24) heim igjen til Sand. Kanskje ikkje overraskande for å ta over sjefsjobben i ei internasjonal reiselivsbedrift. 

Frå
Mitt Ryfylke 2018 1
Mitt Ryfylke 2018 1

Me skal tilbake til sommaren i fjor. Til ein av desse junidagane der regndråpane er så store og blaute at dei til slutt fell som eit teppe over sandsbygda. Ein dag som er skapt for dei som lagar kraft i kommunen, ikkje for dei som driv med turisme. Valborg Starheim Rognskog har nett flytta attende til Sand saman med kjærasten og laksefiskaren Edvin Bakka. Ho har knapt hatt ein einaste feriedag etter jobben på Stavangeren var slutt, no står ho midt oppe i eit av dei mange internasjonale besøka på Mo Laksegard. Ho kjenner på spenninga. Ho veit godt at laksegarden er kjent langt utover landegrensene, men denne regnfulle sommardagen får ho merke det på kroppen. Sju kinesiske kjendisar er på Mo Laksegard for å prøve laksesafari. Med på slep er den største TV-kanalen i Kina, som har imponerande 1,5 milliardar sjåarar. Kjendisane flyt i elva, smiler til kameraet og tek selfiar i fleng. Valborg står fjellstøtt midt i det heile og berre tar til seg alle inntrykka.

— Det var heilt spesielt. Me visste jo verken kven dei var eller kva dei var kjent for. Men eg ser jo at andre kinesiske gjester som kjem ser på biletet av kjendisane med stor ærefrykt, dette er store namn for dei, seier Valborg og smiler. Biletet av kjendisane og laksekongen og gründeren sjølv, Bjørn Moe er blitt fast inventar på laksegarden. Ved årsskiftet no var prøveperioden som tilsett ved laksegarden over, og Valborg tok over sjefsjobben.

– Eg ser jo at me har internasjonal interesse, det er mange utanlandske tv-team innom her, eg trur det no tel over 32 ulike tv-kanalar, fortel ho.

Interessa for å reise og oppleve ligg godt tufta i Valborg, og laksegarden i Sandsbygda har alltid trona som ein lokal attraksjon. Valborg har til og med skrive om Mo Laksegard i bacheloroppgåva si, men at ho ein dag skulle bli dagleg leiar her oppe med utsyn over Suldalslågen, det hadde ho neppe trudd for nokre år sidan. Valborg er fødd og oppvaksen på Sand, nokre tidlege barneår i Australia vekka lysten og interessa for å reise, for å oppdage andre kontinent og for å oppleve andre kvardagar. Reiselysten og det internasjonale blikket gav henne til slutt master i internasjonal hotell- og reiselivsleiing. Sjølvsagt med eit studieopphald i Australia, eit land som for alltid vil vere spesielt for Valborg.

— Mor er norsk, men oppvaksen i Australia, og foreldra våre hadde lyst til at me og skulle få oppleve kulturen og livet der. Eg er glad for det, og det er noko med folk og kultur der nede som fascinerer meg veldig, og som fekk meg til å reise ned igjen for å studere.

Bjørn Moe på Mo Laksegard har bygd opp eit internasjonalt reiselivsprodukt rundt laksen og Suldalslågen. Heilt sidan 1981 har det vore turistaktivitet på garden, i dag tilbyr bedrifta overnatting, matservering, fiskekort og sal av aktivitetar som elverafting og laksesafari. Dei har 40 sengeplassar, fordelt på hytter og leilegheiter. No er han glad for at Valborg er klar til å ta over stafettpinnen.

‍Gründer og laksekongen sjølv, Bjørn Mo er godt nøgd med at han har funne arvtakaren i Valborg som både er lokal og internasjonal på same tida.

— Eg har jo leita nokre år etter nokon som ville ta over her, og så kom Valborg, det var kjekt at ho har lyst til å satse her, slår han fast og meiner bestemt han aldri skal bli ein sjuande far i huset.

— Det er godt å ha ein mentor i nærleiken, meiner derimot Valborg og viser veg ned i bryggeriet der kortreist øl blir brygga av Bjørn og Valborg sin kjærast; Edvin Bakka. Det er jo eigentleg Edvin som har lært henne det ho kan om laksefiske, han var med henne på reiselivsmessa Grüne Woche, og han brenn like mykje som henne for å utvikle laksegarden i Sandsbygda.

— Eg kan jo lite om laksefiske, men eg vil gjerne lære meir. Tenk at det er så få jenter som er med for å fiske. Er dei med på tur sit dei ofte i hyttene medan karane er i Suldalslågen. Kanskje me skulle byrje med eigne opplegg for å få jentene på banen, seier Valborg og kikkar rundt seg. Ho ser ofte kor djupt fiskinga sit i desse som dag etter dag står fjellstøtt i elva og prøver lukka. Ho ser korleis dei stadig drøymer om å få ein endå større fisk på kroken enn dei gjorde i fjor, og korleis dei kjem tilbake til laksegarden år etter år. Det er mykje tradisjon i dette for mange av fiskarane, slår ho fast.

Valborg har respekt for arven ho har fått med seg, og for jobben som Bjørn Moe lagt ned over mange år. Samstundes er ho ikkje redd for å skape noko nytt, og valde eigen veg. Ho må berre setje seg litt betre i leiarstolen, og ta tida til hjelp for å kunne ta nye val.

I bryggeriet står små glas med malt og humle og i lokalet ligg ein søt eim av øl. Bjørn og Edvin silar brygget, kokar det opp i eige kar og ausar opp smaksprøvar av ølet både med og utan alkohol, den første varianten kallar Bjørn mesk.

— Du veit det er her uttrykket å meske seg kjem frå, av denne søte drikken, slår han fast før han skjenkar i rause glas.

— Me held oss til den gamle oppskrifta på godt øl, ein skal ikkje ha meir enn fire ingrediensar i ølet: godt vatn, malt, humle og gjær. Då blir resultatet godt, meiner Bjørn og fortel at det er ein stad på garden som ber namnet Humlehaugen, truleg har dei prøvd seg på å plante humle her i tidlegare tider, noko som vitnar om at ølbrygginga på Mo har lange tradisjonar.

— Eg har leika med tanken på om eg skulle prøve å plante litt der eg og, om så berre for å vise dei besøkjande her korleis Humle ser ut som plante.

‍I bryggeriet står små glas med malt og humle. Slikt blir det godt øl av.

I mikrobryggeriet lagar dei fleire variantar øl, nokre mørke, andre lysare. Det er type malt og humle som gir ulik aroma og smak, og sjølvsagt har ølsortane fått namn frå lakseriket. Her kan ein meske seg med både Mørk Suldøl og Glad Laks. Ølet blir servert i baren hjå dei sjølve, noko sel dei til lokale bedrifter som Energihotellet eller dei har det med seg på messer som Gladmaten.

— I fjor hadde me med oss 850 liter øl til Gladmaten, og me gjekk tom før messa var slutt. Det er kjekt, slår Bjørn fast.

Han og Edvin luktar og smakar seg fram, ein blir aldri utlærd i dette faget. Og no skal også Valborg lære å brygge øl, det høyrer med til leiarjobben sjølv om Bjørn sjølv fortset i bedrifta, med nettopp ansvar for marknadsarbeid og ølbryggeriet.

Å gå inn dørene på Mo Laksegard er nett som å entre inn i eit britisk lakseslott. Klassiske møbler, bilete av ein glad fiskar med ein rekordlaks i fanget prydar veggane saman med bilete av Kong Olav då han var på vitjing i Suldal. Ute i baren sit du under glastak og ser rett ut på det populære bassenget, som fungerer både som opplæringsbasseng for dei gjestene som skal prøve Laksesafari, men og som badebasseng når temperaturen stig litt.

— Me varmar det ikkje opp på vinteren, det er meir som å setje fyr på hundrelappane utan nytte, meiner Valborg.

Å vere dagleg leiar på Mo Laksegard er ein variert jobb, ho er med på kjøkkenet, gjer administrativt arbeid, vaskar bassenget eller slår plenen. Her må ein stille opp der det trengs.

— Eg vil aller helst gi gjestene våre ei unik oppleving. Det er det viktigaste for meg. Eg vil at dei skal få kjenne kor spesielt det er å flyte nedover elva med dykkarmaske og sjå på laksen som flyt under deg. Eller at dei skal få sitje rundt bålet oppe i villmarksleiren vår og nyte god og lokal mat, då er det verdt alle timane på jobb, meiner ho.

Kortreist mat er og blir eit kvalitetsstempel på laksegarden, dei får til dømes skogsgris levert frå naboen i bygda. Korte avstandar til gode råvarer gir også gode resultat på kjøkkenet, der Aidi Kongo-Bratland styrer skuta med stø hand. Det er fire årsverk på laksegarden, i høgsesongen må dei gjerne vere eit par til for å nå over alt.

Valborg balanserer på steinane langs Suldalslågen, vel vitande om at den er grunnlaget for reiselivsbedrifta ho har tatt over.

— Eg likar meg her, det er godt å kome heim, sjølv om eg somme gonger saknar pulsen og tempoet det var då ein jobba i Stavanger.

— Men nærleiken til naturen slår det meste, tenk å få lov til å bu så nærme fjelltoppane som me gjer, sukkar ho og kikkar opp på snøkledde nutar. ■

Tilbake til toppen