Gjer stein om til gull

Sand frå Årdal finn ein blant anna igjen i plattformar i Nordsjøen og bruer i Danmark. NorStone meiner det vil vere sandressursar i Årdal i minst 10 år til.

Frå
Mitt Ryfylke 2018 3
Mitt Ryfylke 2018 3

NorStone i Årdal produserer 550 000 tonn sand i året. Sjølv om ressursane er avgrensa meiner bedrifta ein skal kunne ta ut sand i Årdal i minst 10 år til. Driftsleiar Svein Mæland har jobba i bransjen i heile 35 år, og veit det meste ein treng å vite om sandproduksjon.

— Det har vore ei rivande utvikling på desse åra, både i maskinparken, med automatisering og auka fokus på HMS. Det er viktig for oss at dette er ein trygg arbeidsplass, seier Svein og viser veg inn i møterommet. Her er det utsikt mot produksjonsarealet og på veggen heng eit bilete av Årdal slik det såg ut før steinbedrifta gjorde inngrep. I etterkant har store deler av arealet blitt senka om lag 20 meter ned.

— Det er klart at tidene har endra seg, det er strengare krav med tanke på miljø og arkeologi før ein kan ta ut sand. Bedrifta har hatt fleire utbyggingar gjennom åra, og har investert mykje for å få ei enklare produksjonslinje. Likevel er framleis mykje av utstyret frå 1970-talet.

­— Dette er eit stort og tungt verk, det er mykje som må skiftast ut for å få det meir effektivt. Samstundes som me i dag har hatt ei rivande teknisk utvikling, meiner Svein.

Han har tatt oss med inn i det aller heilagste, nemleg kontrollrommet der operatør Leif Arne Bjørkeland har full kontroll. På skjermane ser ein heile produksjonslinja, der stein og grus effektivt blir skilt ned til sand og stein i ulik typar, som til dømes 0/8 sand og ulike singelfraksjonar. Dersom noko stoppar opp, at steinen til dømes blir for stor til at knusaren klarer å løyse det på eiga hand vil det lyse raudt på skjermen og produksjonslinja stoppar opp. Sjølv om alt er digitalt og automatisk er det viktig med fagfolk som kan ha kontroll og overblikk her oppe.

— Eg er jo her oppe altfor sjeldan, det blir ikkje tid til det. Men her gjer dei ein viktig jobb, slår Svein fast medan Leif Arne set på kaffitraktaren. Desse to har jobba saman i mange år, og kjenner kvarandre godt. Produksjonsformann Kjetil Vasstveit er også innom i kontrollrommet for å slå av ein prat denne dagen.

Sanden i Årdal blir grundig kvalitetssjekka, her sit Gro Sæbø og sjekkar om sanden held mål.

Industri vil alltid vere ein risikoarbeidsplass, og hjå NorStone har ein opplevd det ein ikkje skal oppleve. I 2015 fall ein mann ned frå ein 18 meter høg silo og mista livet, og i vår vart bedrifta dømt til å betale bot. Ulukka har sett djupe spor.

— Det er eit forferdeleg minne som me naturlegvis alltid vil ha med oss. Det set ting i perspektiv, fortel Svein.

Sjølv om arbeidsdagen aldri blir heilt den same, har arbeidsstokken stått saman.

­— Det er ein god gjeng som jobbar her, og me har lite utskifting. Folk går stort sett av med pensjon.

I tillegg til den faste gjengen har også bedrifta tradisjon for å ta inn lærlingar. Her kan ein få læreplass i fleire fag, som operatør, maskinkøyrar, elektro og mekanisk.

­— Det er viktig med lærlingar, ikkje minst for å sikre ei langsiktig rekruttering, slår Svein fast.

Sandindustrien i Årdal har lang historie, NorStone er eit resultat av at Norsk Sand og Singel & Grus slo seg saman på byrjinga av 90-talet. Avdelinga på Mælsøyrane industriområde i Årdal har hatt store betongleveransar til både oljeindustrien, bruprosjekt i Danmark og til aluminiumsverk på Island, noko som er grunnen til at ein har spesialisert seg på betongtilslag. Nesten alt som blir produsert går til betongformål, og det aller meste blir levert ut med båt. Norstone har eige kaianlegg og har til no i år hatt 273 anløp med båt. Norstone har også ein eigen lab, som sjekkar kvaliteten på all sanden som går ut. Gro Sæbø er logistikk- og kontoransvarleg og viser fram laben der sanden blir sikta gjennom ulike filter for å sjekke om kvaliteten held mål. Tradisjonelt har sanden frå Årdal veldig god kvalitet, så god at den blir brukt som referansesand hjå til dømes SINTEF, ved betongtesting for andre sanduttak i landet.

Driftsleiar Svein Mæland har jobba i bransjen i 35 år, han veit alt ein treng å vite om sandindustri.

Sand er ikkje eit utømeleg råstoff, og uttak krev at ein har gode relasjonar til både kommune og grunneigarar, noko som somme gonger kan vere utfordrande for alle partar. No står fleire nye prosjekt for døra, dersom dei får plass i kommuneplanen til Hjelmeland kommune og ein kjem i mål med grunneigaravtalar. Norstone ynskjer nemleg å ta ut eit nytt område på 784 dekar til i Årdal, noko som Stavanger Aftenblad har rekna ut til å bli det same som 110 fotballbanar, i tillegg ynskjer dei å ta ut 205 dekar i  Jøsenfjorden. Ein av lastebilane til Gausland Transport svingar inn på området, transportbedrifta har fire bilar som går konstant i transport her.

­— Me har sett i verk nokre tiltak dei siste åra for å avgrense uttaket slik at Årdal ikkje blir tømt for ressursar. Blant anna avvikla me ordninga med to skift i 2014, no går alle på dagskift. Eg tippar no at me held på med sanduttak i meir enn 10 år her, meiner Svein. ■

Tilbake til toppen