Unik skulekvardag

På Strand VGS får elevane på naturbrukslinja undervisning i ein ny akvahall, og på idrettslinja kan dei nyte fantastiske naturopplevingar. Målet er at ein skal få fram det beste i kvar enkelte elev.

Frå
Mitt Ryfylke 2018 2
Mitt Ryfylke 2018 2

Strand VGS har 560 elevar fordelt på heile 34 ulike klassar. Her kan ein velje mellom anna helsefag, elektrofag eller studiespesialisering. I tillegg har dei idrettsfag, naturbruk, tilrettelagt undervisning, teknikk og industriell produksjon, service og samferdsle og vaksenopplæring.

– Me har eit sterkt motto, at me skal få ut det beste i kvar enkelt elev. Alle er nemleg gode til noko, slår Camilla Skappel Vidnes fast. Ho er avdelingsleiar for Naturbruk og har nett starta på den spanande studiestarten der nye elevar skal bli kjende med både skulen og lærarane.

I 2017 sto den nye Aquahallen på Strand VGS ferdig, og grunnlaget var lagt for ei attraktiv utdanning innan fiskeri– og oppdrettsnæringa. I tillegg har skulen nytt kaianlegg på plass og har eigen fiskebåt. På VG1 Naturbruk får ein opplæring i fiske, arbeid på fiskeoppdrettsanlegg og grunnleggande ferdigheiter innan friluftsliv. I tillegg får du ta båtførarprøven og tryggleikskurs. Hallen resirkulerer fersk– og saltvatn, dei har moderne miljøovervåking, i tillegg til algereaktor av mikroalger.

– Det er eit aukande fokus på at fisk skal og må vere med på å mette verda, og det blir viktig å legge grunnlaget for ei berekraftig næring utan meir forureining enn nødvendig. Dette er ei næring det er framtid i, meiner Vidnes og viser til at elevane etter VG1 kan velje mellom Fiske og Fangst og Akvakultur på andreåret. Medan Fiske og Fangst gjer deg klar til å gå ut i lære som fiskar, får du i Akvakultur innføring i moderne fiskeoppdrett, både gjennom teori og praktisk erfaring.

Emanuel Eie Larsen og Lars Olav Nårstad Joa nyt kajakkturar som ein del av Idrettslinja.

– Me ser at det er flest søkjarar på Akvakultur, det er og jamt med søkjarar til Fiske og Fangst, men fiskemiljøet er ikkje så stort i Rogaland, difor har denne linja færre elevar. Men me håpar å få fleire inn der og, og ikkje minst auke tilgangen på læreplassar.

– Denne linja passar godt for dei som likar praktisk arbeid, og som likar seg ute, fortel Vidnes som sjølv ikkje har maritim bakgrunn, men derimot har vore lærar på ungdomsskulen.

– Eg kan tenkje på pedagogiske utfordringar, medan biologane, navigatørane og røktarane kan tenkje fag. Ho legg også vekt på at ein prøver å styrke samarbeidet på tvers av linjene, og ikkje minst med næringslivet.

– Me har hatt eit godt samarbeid med bedriftene i mange år, ikkje minst med tanke på å få til nok læreplassar, men her kan me bygge endå meir samarbeid, trur avdelingsleiaren.

– Eg har alltid likt å vere på sjøen, og eg tenkte at det høyres interessant ut å jobbe på sjøen med fisk, seier Andrine Bø Stangeland, som er elev ved naturbruklinja. Ho trur at akvakultur og oppdrett er framtida.

—  Me har eit sterkt motto, at me skal få ut det beste i kvar enkelt elev.
[Camilla Skappel Vidnes]

– Skulen er bra, og eg likar meg godt, slår ho fast. Og ho er ikkje åleine om å like skulen ho går på. Emanuel Eie Larsen er ein av elevane som har valt ein aktiv skulekvardag på idrettslinja.

– Eg valde å gå på Strand VGS fordi eg fekk høyre det var ein kjekk skule, og fordi dei fleste vennene mine går her. Eg ville gå på idrettsfag sidan eg er ein aktiv person som likar å halde på med idrett, fortel han.

Avdelingsleiar på Idrettsfag, Asle Furumo brenn for at ungdommane på skulane skal få gode idretts- og naturopplevingar. Ikkje alle er interessert i fotball, slår han fast. Dermed er det godt at ein også kan tilby aktivitetar som klatring og kajakkpadling.

– Fotballen står jo sterkt her som alle andre stadar. Men me har mykje anna å by på, ikkje minst den fantastiske naturen rundt her lokalt som me har kort veg til. Me ligg rett ved sjøsida her og kan gå rett ut av klasserommet for å padle kajakk, eller prøve klatreveggen utandørs.

– Me ynskjer å skape opplevingar for ungdommane, men ikkje alle i 16-17- årsalderen er like opptekne av naturen. Me må gjere dette på ungdommane sine premiss, det må skje noko spanande undervegs, meiner han.

Sjølv om det og kjem tilreisande ungdommar til Strand VGS er skulen i stor grad ein skule for ryfylkeungdommar.

Både Vidnes og Furumo er opptekne av at elevane først og fremst skal trivast, det er då dei lærer best og mest. Asle Furumo peikar på ei kartlegging  av helse og trivsel som Ung Data har gjennomført blant VGS-elevar i Stavangerskulane i fjor, her skåra Strand VGS godt, noko som Furumo meiner viser at ungdommane har eit godt miljø, både sosialt og for læring.

STRAND VGS

På Strand VGS er 560 elevar fordelt på heile 34 ulike klassar. Her kan ein velje mellom helsefag, elektrofag eller studiespesialisering. I tillegg har dei Idrettsfag, naturbruk, tilrettelagt undervisning, teknikk og industriell produksjon, service og samferdsle og vaksenopplæring.

– Eg opplever at me har ein skulekultur som fungerer, me behandlar ungdommane som likeverdige vaksne. Det trur eg og gir oss gode faglege resultat, meiner Asle Furumo.

– Idrettslinja passar godt for alle som er glade i aktivitet og som likar å vere i rørsle, slår han fast, og viser til at dette gir elevane studieførebuande kompetanse i tillegg til gode opplevingar. På idrettslinja går både dei som verkeleg vil satse på idretten, og dei som berre vil ha meir aktivitet i skulekvardagen, og som likar å bruke kroppen sin.

– Me må vere fleksible, slik at me legg til rette for begge desse gruppene, meiner avdelingsleiaren.

Andrea Tænnessen, Andrine Bø Stangeland, Vegard Øvrebø, Joakim Narrevik, Rolf Refsland og Henki Moland har travle dagar i den nye Akvahallen på skulen.

1.september tok Idrettslinja over eit lokalt treningssenter. Dette blir ei form for kombinert undervisning, meiner Furumo. Her kan elevane få med seg kunnskap både som trenarar, men og frå drift av senteret, med både økonomi, kommunikasjon og leiing.

– Dette blir ei elevbedrift som me vil prøve å flette inn i flest mogleg fag på skulen, dermed får elevane ei unik læringsarena. ■

Tilbake til toppen