Balanserer liv & lære

Då Anne Siv Aasen (42) prøvde yoga for fyrste gong i 2003, visste ho lite om at det seinare kom til å bli både livsstil, arbeidsplass og vegen ut av tøffe tider.

Yoga betyr å sameine kropp og sinn. Å auke balanse mellom kropp og hovud. Nokre kjem til yogamatta på grunn av skadar og plager, andre med psykiske og emosjonelle utfordringar som dei ynskjer å gjere noko med. Andre kjem med ønske om å få auka balanse, styrke og fleksibilitet, eller stressmeistring. Yoga er òg eit fantastisk verktøy å ta med seg ut av yogamatta og inn i kvardagen for å møte verda på ein litt annleis, meir fleksibel måte, seier Anne Siv.

Ho er adoptert frå Sør-Korea og kom til Noreg då ho var 8 månadar gamal. Der vaks ho opp som odelsjente på gard på Jørpeland, og i 2014 starta ho yogastudioet Solvik YOGA ved barndomsheimen. I dag tilbyr ho ulike typar kurs, gruppetimar, helgesamlingar, og yogafestivalar for både unge og vaksne i idylliske naturomgjevnadar på Jørpeland. Ho blir òg leigd inn til å halde yogakurs og foredrag på andre yogastudio og hjå andre aktørar. Anne Siv har òg undervist utanlands, blant anna i Laos og på Bali.

PATANAJALI-YOGA

Patanjali-yoga er lenka til ein yoga-retning som heiter Iyengar Yoga, som fokuserer på teknikk og linjering i kroppen. Ein har fokus på å auke balanse, styrke og fleksibilitet mellom høgre og venstre side av kroppen ved å «kople» på musklar og ledd via øvingar og pust. Ein tar i bruk yogautstyr for å tilpasse øvingar til kvar deltakar med sitt utgangspunkt.

Men reisa til å bli yoga-lærar og opne sitt eige studio har ikkje vore enkel. Anne Siv fortel at ho for nokre år tilbake hadde fått beskjed om at ho kom til å vere fysisk funksjonshemma og måtte leve med å gå på sterke smertestillande resten av livet. Meldinga kom etter ein operasjon der det til slutt stod om livet, grunna komplikasjonar som følge av ein prolaps i ryggen og isjias.

— Dette var ein tung periode i livet, og eg var berre ein skugge av meg sjølv. Eg hadde då levd i ein pressa situasjon over tid og blitt sjuk av angst og redsle, fortel ho. Dette er noko som mest sannsynleg hadde stor påverknad på at eg enda med prolaps i korsryggen.

Det var medan ho låg på sofaen ho bestemte seg for at ho skulle brette opp ermane og gjere eit forsøk på å skape ein betre kvardag. Ho starta med å gjere yoga-øvingane ho tidlegare hadde blitt introdusert for på det lokale treningssenteret, og det gav raskt resultat.

— Eg fekk gode resultat på kort tid, og kunne bevege meg meir og meir. Naboane mine må ha lurt på kva eg heldt på med, for eg byrja etter kvart å ta øvingar der eg sto på hovudet med beina i veret, ler ho.

Med den helsemessige framgongen kom og inspirasjonen til å prøve noko nytt, ho starta dermed på yogalærar-utdanning innan Patanjali-yoga ved Satya Yoga i Sandnes i samarbeid med Patanjali Yoga Switzerland Institute for Yogic Science.

— Eg vakna ein dag og kjende på heile meg at eg skulle opne eit yogastudio. Og det skulle vere på Jørpeland! Seier ho entusiastisk og det var slik ho byrja med den 2-årige yogalærer utdanninga.

Gjennom studiet var Anne Siv fleire gonger i Bern for å praktisere yoga saman med hovudlærarane i yogalærarutdanninga. Anne Siv var i det fyrste kullet som blei sertifiserte yogalærarar i Patanjali Yoga frå denne skulen. Ho har reist til både New York og Bali for å utvikle sin eigen yogapraksis med utvalde yogalærarar, og i tillegg hatt fleire besøk til hovudskulen i Sveits i etterkant av utdanninga.

— Me må sjå moglegheiter, ikkje avgrensingar og me må tørre å gå vår eigen veg. 
[Anne Siv Aasen]

Frå ho bestemte seg for å opne studioet gjekk det meste på skinner. Etter tre månadar hadde ho eit klart «ja» frå kommunen og alle søknadar var på plass. Våren 2014 hadde ho prøvetimar i studioet, og i august opna ho Solvik YOGA.

— Eg hadde tenkt å gjennomføre ei marknadsundersøking før eg gjekk i gong med alt. Eg hadde starta på spørsmåla til og med, men så kjende eg at når eg følte så sterkt på å gjere dette, måtte eg berre setje i gong, ler Anne Siv.

Og det var heller ingen grunn til å bekymre seg for korleis marknaden tok i mot opninga av eit yogastudio på Jørpeland.

— Eg fekk ein pangstart og hadde fulle ventelister og gruppetimar frå opninga. Eg har fått ein enorm respons frå lokalmiljøet og er veldig takknemlig for det.

‍Anne Siv Aasen synast yoga er eit godt verktøy for å takle kvardagen betre. Ho brenn for å få yoga inn i både barnehagar, skular og som behandlingstilbod for valdsutsette barn og vaksne.

Sjølv om ho var bevisst på kva ho ville og kvar ho ville gjere det, var det ikkje ein fastsett plan for korleis ho skulle utvikle studioet vidare etter at det først vart opna.

— Eg får stadig nye idear og dei må tas etterkvart. Det viktigaste for meg er at eg får kvalitetssikra arbeidet mitt, fortel Anne Siv. Og nemner det nyleg oppretta tilbodet om Pulpit Rock Yoga Retreat for å invitere utlandet heim til Solvik og Jørpeland. I 2018 skal ho tilby yogareiser utanlands, blant anna på  Bali i samarbeid med reisebyrået Jomfrureiser.

Solvik yoga har og fått i oppdrag i å halde yogakurs i Forsand kommune, der yoga har blitt sett på planen som ein del av folkehelsesatsinga. Her har Anne Siv og kollegane hennar yoga for barnehagen, skulen, personalet på kommunehuset og gruppetimar som er opne for alle. Dette går føre seg i kommunestyresalen på Forsand.

Anne Siv fortel at ho gjerne skulle hatt yoga inn i barnehagen og skulen, og som ein del av eit behandlingstilbod for valdsutsette barn og vaksne.

— Yoga gjer godt for alle og er eit fantastisk verktøy. Det er heilt fantastisk å sjå effekten hjå elevar eg underviser som kjem til yogamatta av ulike årsakar. Det tar tid før ein forstår korleis ein jobbar på yogamatta –  å la kropp og hovud ta det til seg, men når ein først gjer det kjennest det magisk – det er akkurat som elevane blømer på matta. Det gjer meg så glad, det gir meg enno meir driv til å halde fram.

Anne Siv held ofte foredrag om reisa hennar gjennom dei tøffe tidene som inspirasjonshistorie. Ho bruker også Instagram-kontoen, annesivaasen, som ei form for «yogadagbok» for seg sjølv om kva yoga gjer for henne. Mange finn inspirasjon i tekstar og bilete, og tek kontakt då dei ønsker å starte med yoga sjølv. Ho har også ein Instagram-konto for studioet, solvikyoga, som viser kva dei har å tilby og dei ulike prosjekta dei jobbar med. Ho fortel at ho har fått fleire jobbtilbod inn via Instagram frå fleire spennande stader i verda. Sjølv med freistande jobbtilbod andre stader er det på Solvik YOGA ho vil fortsette yogareisa si.

— Målet mitt er ikkje å bli stor eller kjend - det som driv meg er først og fremst å skape et godt tilbod lokalt, og eit liv som kan fungere med logistikkplanen og dei utfordringane og gledene eg og barna har i kvardagen. Samtidig vil eg halde fram med mi eiga  yogareise eller «journaling» som eg kallar det og dele yogagleda med andre.

Solvik YOGA har tett samarbeid med fleire lokale aktørar som blant anna Bjørk Studio som sel miljøvennlege klede, Monica Jørgensen, kiropraktor i Stavanger, som har utvikla yogautstyr i korkmateriale, og Ivy Garsjø som lagar og sel sunne bananchips og bruker ein del av vinsten til å støtte kokebananplantasjar drive av kvinner i Gana. I tillegg har ho saman med Hanna Vik Voster som leiar vegleiingsbedrifta, Take Care, laga ei nettverksgruppe med ulike arrangement kor dei vil skape eit møtepunkt for gründerar og aktørar i Strand kommune.

— Det tar tid før ein forstår korleis ein jobbar på yogamatta –  å la kropp og hovud ta det til seg, men når ein først gjer det kjennest det magisk – det er akkurat som elevane blømer på matta. 
[Anne Siv Aasen]

— Eg har vakse opp med janteloven slik som andre her i Noreg, men har alltid kjent meg annleis. Når eg fekk denne kjensla av å starte yogastudio måtte eg berre prøve. Me treng ikkje vere redde for konkurranse, og må heller finne dei områda der me kan samarbeide og skape noko i lag. Me må sjå moglegheiter, ikkje avgrensingar og me må tørre å gå vår eigen veg.

‍Solvik YOGA tilbyr både gruppetimar, kurs, helgesamlingar, og yogafestivalar i yogastudioet på Jørpeland.

Anne Siv Aasen (42)

Grunder og dagleg leiar for Solvik YOGA

Mor til tvillinggutar, 7 år
Odelsjente og oppvaksen på Solvik gard på Jørpeland. 
Adoptert frå Sør-Korea og kom til Noreg då ho var 8 månadar gammal
Utdanning: bachelor i førskulelærar, spesialpedagogikk og PAPS ved Universitetet i Stavanger og Telemark.
Har jobba som lærar, pedagog og leiar i SFO.
Jobba som modell i Noreg og utlandet sidan ho var 17 år, jobba ved sida av studiar.
Interesser: fjellturar, natur, foto, reise , mat, eteriske oljer, blogging annesivaasen.com.
Yoga som livsstil