Terapi tett på

Helsefarm var draumen til Birte Lauvsnes Hetland. Eit klinikkbygg der den gamle løa til grandtante og grandonkel stod på Lauvsnes, er slett ikkje gale det heller.

Frå
Mitt Ryfylke 2015 1
Mitt Ryfylke 2015 1

Birte kjem i mot oss i kveldssola, lettfota og fjåg. Nokre få raske skritt frå heimen, så er ho på jobb.

Nesten nybakt mor og nesten nybakt velværedronning i Finnøy.

Heidi Frestad får ansiktmaske.

Førebels utan babyen i hendene, viser ho oss rundt i det flunke nye bygget med tre behandlingsrom og eiga spa-avdeling. To av behandlingsromma er i bruk. Bak lukte dører føregår det kroppsmassasje og voksing.

Velværesenteret som lovar godkjensle i både kropp og sjel opna i februar og sysselset  rundt tre årsverk, fordelt på sju personar.

Fleire terapeutar leiger seg nemleg plass hjå Birte, dei fleste er innom ein dag per veke.

Verksemda tilbyr aromaterapi, massasje med kopping, fotterapi, soneterapi, refleksologi, naprapat, hudpleie, negledesign, spa, samt samtaleterapi med Birte, som er gestaltterapi-student.

Her får småbarnsmora Birte sjølv litt avslappande ansiktsbehandling frå hudterapeut Anna Landa.
Birte Lauvsnes Hetland likar å stella med folk. På klinikken hennar skal folk få kjenna velvære i kvar celle.

Venterommet er smakfullt dekorert med venninnas fargerike maleri. På bordet står ei skål kjeks ved ei avis, dersom ein heller ikkje vil kvila auga på bøane utanfor.

Ein skygge utanfor glasdøra. Der kjem ektemann og sjølvoppnemnt vaktmeister med nesten nyfødde Birgitte som gryntar og sukkar søtt inne i heklapleddet.

Ho er visst ikkje mett seier faren.

Birte set seg i sofaen og serverer det som trengst. Det er dette ho har drøymt om, å ha sin eigen arbeidsplass i heimen, nær barna.

Kunna veksla mellom amming og jobb på null komma niks. Kunna gå frå husarbeid inn  i bygget som angar nytt og friskt, for å arbeida for si eiga verksemd. Her kan ho møta  kundar i innbydande lokale, kna skuldrer, massera føter, gje aromaterapi, tilføra velvære til trøytte og slitne kroppar.

Sjølv er ho utdanna aroma ,- sone og fotterapeut. Ho har også fullført halve sjukepleiarutdanninga fordi ho som terapeut må ha kunnskap om sjukdomslære, anatomi og fysiologi.

Morsrolla er viktig for Birte som har fire barn. Med arbeidsplass rett over tunet, er ho aldri langt unna vesle Birgitte og dei andre

Etter ti vekers permisjon tok ho fatt på nytt. Planen er å vera i arbeid fire dagar i veka. Elles skal ho også gjera ferdig studiet i gestaltterapi. Dette er samtaleterapi tufta på psykoterapi. Denne terapiforma ser på heilskapen mellom kropp, kjensler og tankar.

Birte har lang erfaring i yrket. Hennar kyndige hender har dessutan også tidlegare massert finnøybuen. Sidan 2000 har ho pendla frå Sola to dagar i veka for å virka som terapeut på Finnøy. Men då småbruket på Lauvsnes kom for sal, fann Birte og mannen Lars Martin, som kjem frå Sjernarøy, ut at det var på tide å venda heim.

Ho fortel at folk frå heile Finnøy oppsøker klinikken  hennar. Birte er svært glad for mottakinga tilbodet har fått.

Dei folkevalde var også til stor hjelp då løa skulle rivast og klinikkbygget reisast. Fylkesmannen var skeptisk til slik næring på ein landbrukseigedom. Men forvaltningsstyret i kommunen la breisida til og fekk temja statens arm inne i Stavanger, slik at Birte fekk byggja klinikken ho har drøymt om så lenge. Finnøy Næringshage har også vore ein nyttig støttespelar, fortel ho.

Her det helst aktivitet kveldar og helger. Både brudepar og bedrifter står på kundelista. I ettermiddag kjem Ryfylke Livsgnist på besøk. Baljar med mjuke, kvite badekåper står alt klare til gjestene som skal nyta både kropps- og ansiktsskrubb, leirinnpakning, massasjebad, varme og kalde bad, badstue og utandørs boblebad. Vatnet i boblebadet held 40 grader.

Like etter opninga fekk Birte høyra om ein rumenar som var komen til Finnøy som avløysar. Mannen var eigentlig utdanna massør, med erfaring frå spa-anlegg i Hellas. Om han kunne få jobb? Det kunne han! Det same har skjedd med mange av dei andre dyktige terapeutane som er tilknytte Rom For Terapi. Og Birte er svært tilfreds med mannskapet sitt.

Inspirasjonen til spa-avdelinga har ho mellom anna henta frå Frafjord Spa.

Gleda over å vera herre i eige hus er stor. Ein kunde kjem inn døra.

— Så stor ho er blitt, kundens ansiktet lyser mot vesle Birgitte som søv med heile seg ved moras varme bryst.

Her kjenner kundane behandlaren. Like etterpå svintar ein mann innom med noko oppskoren frukt til kveldens spa-kundar. Klasar med struttande Juanita - tomatar blir henta fram. Dette er kortreist knask frå nabogarden, og frå bakrommet blir kjølaren med sjampanjeflaska trylla fram. Birte presiserer at ho serverer alkoholfritt sidan ho ikkje har skjenkeløyve. Vil du vita meir om klinikken, kan du gå inn på nettsida. ■