Teknologisk framtid

Westcontrol satsar på morgondagens elektronikk. Dei produserer både smarte vassmålarar, kommunikasjonsrobotar og elbilladarar.

Frå
Mitt Ryfylke 2019 1
Mitt Ryfylke 2019 1

– Det er veldig stas å kunne produsere grøn teknologi, som denne kortreiste ladaren, seier dagleg leiar i Westcontrol, Leif Petter Skaar og siktar til  elbilladaren frå Zaptec som er tilpassa store burettslag der ein sikrar at ein kan etablere mange ladepunkt utan å auke straumkapasiteten. Nyleg var Skaar avbilda i Dagens Næringsliv, der han åt marsipankake saman med styreleiar i Zaptec, Pål Selboe Valseth. Grunnen for feiringa var at dei hadde produsert 10.000 ladarar. Skaar hadde også litt ekstra grunn til å smile sidan Zaptec som kunde var med på å sikre at Westcontrol i fjor dobla omsetnaden sin med 50 prosent, til 210 millionar kroner.

Westcontrol

Westcontrol er eit systemhus som ut frå ein ide designar, utviklar og produserer nye teknologiske produkt. Produkta finn du i eiga stove, i eit helikopter, på ei skipsbru eller nede i ein oljebrønn. Westcontrol har hovudkontor på Tau, i tillegg eig dei dotterselskapet Westcontrol Robertson i Egersund og er hovudaksjonær i Berget på Notodden.

Leif Petter Skaar viser stolt fram kompetansearbeidsplassen på Tau. Her på hovudkontoret til Westcontrol jobbar 120 personar, hjå dotterbedrifta Westcontrol Robertson i Egersund jobbar det ytterlegare 40.

– Folk ser på oss som ei hightech-bedrift, me treng tilsette som interesserer seg for teknologi og som ynskjer å vere med på å utvikle produkta våre, meiner Skaar. Sjølv om robotane stadig tar over meir produksjon, er det framleis mange oppgåver hjå Westcontrol som blir utførte manuelt. Her jobbar ein med bittesmå komponentar som til slutt blir sett saman til teknologiske og framtidsretta produkt.  

Sjølv kom han inn i bedrifta i 1996, då hadde selskapet ei omsetnad på 6.5 million kroner og ein var i startgropa med produktutvikling. Leif Petter Skaar hadde med seg bakgrunn frå leiing og administrasjon frå selskap som Landteknikk og Aker NorRock AS med seg inn i den nye leiarjobben i teknologibedrifta på Tau.

– Ein av mine styrkar var nok å bygge struktur og utvikle bedrifta slik at den er rusta for vekst, me har framleis som mål å bli større, men alt må vekse i takt. Me må klare å halde følgje slik at me ikkje får veksesmerter.

Margareth Ravnås loddar eit elektronikk-kort med stødig hand for bruk i eit sbsea styresystem.

Hjå bedrifta blir det i tillegg til elbillladarar  produsert blant anna digitale klassekameratar og smarte vassavlesarar. Historia til den teknologiske bedrifta er lang, men selskapet slik me kjenner det i dag starta opp i 1994. I utgangspunktet var målet til bedrifta å lage produkt til maritime og landbruksrelaterte område, i dag femnar den tekniske utviklinga av produkt breitt. I tillegg til dotterselskapet Westcontrol Robertson i Egersund er også Westcontrol hovudaksjonær i Berget på Notodden, som driv med kabel, elektronikkproduksjon, maskinering og samansetjing.

– Bedrifta er i høgste grad ei logistikkbedrift, manglar det ein liten komponent så stoppar heile produksjonen, seier Skaar.

– Det er mykje å halde styr på, men me har gode system, og har bygd dette opp undervegs.

Rundt han sit mange konsentrert over små detaljar, blant dei tilsette er automasjon og dataelektronikk–kompetanse representert, og kjønnsfordelinga er ganske jamt fordelt, fortel Skaar.

– I denne produksjonen har me like mange kvinner som menn, elektronikk er tydelegvis eit fag som fenger begge kjønn, slår han fast.

I rekrutteringsprosessar ser dei at det kan vere utfordrande å få tak i den rette kompetansen, ofte kjem det gode søkjarar frå utlandet, i tillegg til at dei tar inn lærlingar som dei sjølv kan lære opp, og som blir viktige for framtida i selskapet.

– Det er krevjande å rekruttere i Ryfylke, me må nok berre innsjå at Tau ikkje er den mest kjende staden på jorda, me konkurrerer om dyktige folk i ein pressa marknad. Me må freiste med naturen og opplevingane Ryfylke kan by på.

I denne produksjonen har me like mange kvinner som menn, elektronikk er tydelegvis eit fag som fenger begge kjønn
[Leif Petter Skaar]
Produksjonsleiar Torfinn Fiskå (t.v.) og dagleg leiar Leif Petter Skaar diskuterer produksjonen i bedrifta.

Som regel utviklar Westcontrol produkt på vegner av ein kunde, der kunden kan få konsentrere seg om det dei er gode på, som sal og marknadsføring. Eit av produkta Skaar er stolt over at selskapet produserer er kommunikasjonsroboten AV1. Det er selskapet No Isolation som har utvikla roboten som gjer det mogleg for barn og unge å delta på skule eller i sosiale samanhengar sjølv om dei er langtidssjuke. Etterkvart har også selskapet byrja med produksjon av eit spesielt nettbrett som gjer det enklare for analoge eldre å halde kontakten digitalt med barn og barnebarn.

– Det er kjekt å kunne bidra i slike, gode prosjekt som betyr så mykje for mange.

Det er også Westcontrol som no produserer dei kjende høgtalarane som Electrocompaniet på Jørpeland produserte fram til dei gjekk konkurs i fjor haust. Etter nokre turbulente år for bedrifta er det Westcontrol som sikrar at det framleis er lyd i høgtalarane.

Fleire AV-1 roboter under arbeid, desse robotane er snart klare for å finn ein venn dei kan hjelpe i kvardagen.

No har også teknologibedrifta på Tau utvikla sitt eige produkt, for første gong står dei på eigne bein utan ein ekstern kunde. Produktet er ein smart vassmålar, allereie er ein pilot med 8 målarar installert i Hjelmeland. Her er pilotmålarane blitt testa i eit år allereie.

– Poenget med målaren er at den gir god kontroll på vassforbruket i sanntid, slik at ein kan fakturere etter brukt mengde. Dette gir forenkla rutinar, og betre oversikt, meiner Leif Petter Skaar.

– Vatn er også ein knappheits–ressurs når ein tenkjer miljø. Og det er ikkje alltid bruken av vatnet speglar seg i arealet på huset. Olga på 90 kan sitje med det største huset, men brukar kanskje lite vatn, fortel Skaar og meiner teknologien kan gi ein betre kvardag for mange grupper. ■

Tilbake til toppen