Kraft på menyen

På Kraft Kafe kan du nyte kaffelatten medan du let deg inspirere av gamal og ny industrikultur. Nye Folkets Hus opnar i september, men allereie i mai startar kaféserveringa. 

Frå
Mitt Ryfylke 2018 1
Mitt Ryfylke 2018 1

Framleis er det nye kulturhuset i Sauda ein byggeplass. Dei store vindauga som slepp inn lyset i kafeen er allereie på plass, men mykje arbeid står igjen før ein kan opne opp i mai. Ute på trappa er det gjort klart til støyping og inne klyv arbeidarane mellom isolasjon og stillagshøgder. Alle gjer sitt for at kulturstova skal skine på opningsdagen. Til hausten kan nemleg saudabuen gle seg over at Nye Folkets Hus opnar dørene. Huset skal restaurerast tilbake til dei fargane og den utsjånaden det hadde då det sto ferdig i 1931. Når arbeidet er gjort kjem huset til å bli verna for framtida, samstundes blir det opna eit påbygg i moderne stil. Dermed møtes historisk og moderne arkitektur. Nicholas Guindani og Janne Hindrumsen gler seg til å opne kafe midt i inngangspartiet på den nye kulturstova. I tillegg til Janne sin arbeidsplass som dagleg leiar blir det også to nye stillingar på kafeen. Nicholas, som og driv Ryfylke Mat,  arbeider sjølv offshore, men har fått permisjon fram til jul for å vere med å byggje opp kafeen.

– No satsar me på dette, me håpar jo at dette kan bli ein god samlingsplass for folk i sentrum, seier dei.

Sjølv om huset framleis er ein byggeplass kan ein likevel sjå konturane av ein kafé som får mykje industrikultur i veggene, bokstaveleg talt. Ytterveggen til det gamle Folkets Hus blir faktisk ein del av utsmykkinga i kafeen, her møtes gamal og ny tid. Det nye og moderne betongbygget møter den verneverdige og historiske trebygningen. Folkets Hus er teikna av den kjende stavangerarkitekten Gustav Helland og stod ferdig i 1931. Bygningen inngår i ein arkitektonisk og kulturhistorisk heilskap med resten av den spesielle industristad–arkitekturen i Sauda. Namnet til den nye kafeen er heller ikkje tilfeldig, det ber og med seg ein dimensjon av skiftarbeid og ein kraftkrevjande industri.

– Kraft kan spele på så mykje, det kan handle om vasskrafta vår eller om industrien i bygda, meiner Nicholas.

– Det var eit namn som passa godt.

Arbeidsfolk i lokale
‍I det nye kafelokalet møtes gamal industrikultur og moderne tid.

Sjølve maten har ikkje fått nokre kraft–krevjande namn heilt endå, men her vil ein kunne få kjøpe enkel kafemat, lunsj og smårettar. Kanskje blir det og servering av produkt som blir laga av Ryfylke Mat. Janne og Nicholas har og inngått avtale med Sauda kommune om å drifte turistinformasjonen i kommunen, dermed kjem også turistar og besøkjande innom kafeen og kulturhuset.  

Kafeen blir det første du møter i det nye kulturhuset, og sjølve hjarta i Folkets Hus. Her skal ein kunne setje seg og nyte eit betre måltid, medan ein les aviser, jobbar eller berre kikkar på pulsen rundt seg. Det skal vere ein plass der det er lov å bruke litt tid, og til å nyte ein ekstra kaffikopp. Nye Folkets Hus får i tillegg salar for framsyningar og konferansar, rom for utstillingar og ungdomslokale, kontorlokale til kulturskulen og musikkrom for å nemne noko.  I følgje sauda kommune sine eigne nettsider blir huset ein unik kombinasjon av levande kulturbygg og nasjonalt kulturminne.  I tillegg til å drive kafe, vil også ekteparet tilby catering og større arrangement i dei nye, flotte serveringslokala som ligg vegg i vegg med kafeen. Her kan ein samle mykje folk til store arrangement. Dei har allereie bryllaupsbestillingar til langt ute i 2019, i tillegg blir det matservering til arrangement på huset.

Dugnad har alltid vore viktig i drifta av Folkets Hus, også no når den nye kulturstova snart er på plass. Her går frivillige dugnadsfolk time etter time,  side om side med profesjonelle arbeidsfolk. Jane Haukeland er ansvarleg for dugnadsgjengen som tel om lag 30 personar, ho går med lette steg i gangane. Her er det mange detaljer som skal på plass, og mange frivillige hender som skal setjast i arbeid.  

– Me har ein fantastisk dugnadsgjeng av frivillige og fleire som er med via arbeidstrening i NAV, eller via introtenesta, det er ein imponerande jobb som blir lagt ned, seier

Illustrasjon av nytt lokale
‍Slik blir Nye Folkets Hus sjåande ut til opninga til hausten.

Innbyggjarane i Sauda gler seg til dei kan opne dørene til det nye Folkets Hus, som har vore kulturhus og storstove i industribygda sidan det vart bygd av arbeidarrørsla. No skal fargepaletten tilbake til den originale og huset skal få nytt liv. Dei store måleria av kunstnarane Ragnvald Eikeland og Håkon Landa er tildekka, og er i ferd med å bli restaurert, måleria viser både bondekulturen og industrikulturen som saudabuen møtte då smelteverket i bygda vart etablert i 1915. På Sauda Kino sine nettsider blir det skildra  korleis Sauda opplevde det norske industrieventyret for om lag 100 år sidan. Sauda, og dei andre einsidige industristadene som vaks fram i same periode, blei spydspissar inn i det moderne Noreg, blir det skrive på nettsidene.

– Det moderne kom til uttrykk på mange vis; i industrien, arkitekturen, det rike foreiningslivet, mangfaldet av butikkar og kafear, og – ikkje minst – mentalt. Saudabuen fekk ein moderne og urban livsstil og saug til seg moderne tankar, idear og haldningar, står det på nettsidene til Sauda Kino.

No er det på tide med nye takter i kulturhuset, og truleg har ikkje saudabuen dansa siste dans på Folkets Hus. ■

Tilbake til toppen