Historie i veggane

Oppreidde senger og varm mat freistar mange fjellfolk til å stoppe på Hauane Bed & Breakfast.

Frå
Mitt Ryfylke 2018 2
Mitt Ryfylke 2018 2

Midt mellom dei dramatiske fjella i Lysebotn ligg eit kvitt, gamalt og flott våningshus omkransa av raudmåla løe og eldhus. Kjell Jostein Lyse er femte generasjon på garden, og saman med kona Aud Eli Lyse opnar han dørene i heimen sin for fjellglade turistar gjennom heile sommarsesongen.

– 95 prosent av gjestene våre skal jo gå til Kjerag. Den typiske turisten som kjem her er glad i å gå i naturen, og ynskjer å vandre i fjella her, seier Kjell Jostein. Fleire kjenner han kanskje igjen som mannen som tok imot Lars Monsen då han i eit tv-program skulle finne vegen i ukjent terreng. På ein av dei turane kom han nettopp ned til Kjell Jostein i Lysebotn.

Hauane Bed & Breakfast har oppreidde senger i fem utleigerom, god og smaksrik frukost blir servert, her kan ein pakke næringsrik matpakke til fjellturen og no kan ein også bestille seg middag. Aud Eli er kokka på kjøkkenet og diskar opp med freistande trerettarsmenyar.

Huset på garden er bygd i 1855, så det er mykje kulturhistorie som blir formidla til dei gjestene som er interesserte. Kjell Jostein overtok garden etter ein grandonkel i 1999.

– Eg tenkte ei stund på det, frykta at det skulle bli mykje jobb, bygningane var ikkje i god stand, her var det berre å brette opp ermane og starta opp, fortel Kjell Jostein som då hadde trygg og god jobb i eit helikopterfirma. Han starta med oppussing på garden, slekt og venner stilte og opp på dugnad kvar vår for å hjelpe til.

—  Det er det viktigaste for oss, at gjestene trivst.
[Kjell Jostein Lyse]

– Så byrja Aud Eli og studere, og fekk plutseleg lange sommarferiar som ho gjerne ville gjere noko utav. Ho pussa opp eit rom som ho byrja å leige ut på sommaren i dei åra ho var student. Så måtte me ta eit val, skulle me gjere meir ut av dette?

Helikopterfirmaet som Kjell Jostein jobba i valde å flytte avdelinga si over til Aberdeen, det var sjansen han fekk til å byrje med noko nytt.

– Då hoppa eg av, og sa at eg heller ville utvikle garden her inne i fjorden, seier Kjell Jostein som ikkje angrar på det.

Gjestene hjå Hauane Bed & Breakfast finn roen i vakre omgjevnadar i Lysebotn.

Drivkrafta vår er alle dei nøgde gjestene me har hatt her. Dei fleste gjestene er utanlandske, og dei bestiller tidleg. Allereie er det komne inn mange bestillingar for neste sommar. Nordmennene som kunne tenkt seg ein tur til Lysebotn sidan sola skin finn ofte ut at det ikkje er ledig rom på Hauane.

– Sosiale medium som TripAdvisor er viktig for oss, her får folk fortalt korleis dei har det her og så vil andre lese og la seg freiste til å ta turen.

– Det er fantastisk å bu her, skriv ein av gjestene som forklarer at han fekk ferdig frukost servert før han tok ut på fjellturen klokka 6 på morgonen.

– Det er det viktigaste for oss, at gjestene trivst. Eg trur eg hadde slutta viss eg hadde møtt ein sur og grinete gjest, det har faktisk ikkje hendt på alle desse åra, slår Kjell Jostein fast. ■

Tilbake til toppen