Ryfylkevegen - ei perle i ein musling!

Dette er ein forkorta versjon av eposet som Tora Liv Thorsen framførte då Ryfylke IKS tidlegare i sommar markerte at Ryfylkevegen er blitt 50 år.

Frå
Mitt Ryfylke 2015 3
Mitt Ryfylke 2015 3

Kor kom det første sandkornet frå i den stride straumen av alle vegar som ville fram? For framtida, den kom rullande på fire hjul i ein farleg fart. Så krettur blei avskremde og sprang til skogs.

Medan båten gjekk til byn i si faste rute. Og kva i alle dagar hadde ein i grannebygda å gjera? Var innom kaiane som snarast. Kaiane med dei små krambuene, og ein sparebank oppi bakken. Side om side: Handelsslaget og den private kjøpmannen. I evig konkurranse om dei få kronene det var råd å tyna ut av Ryfylke-folk på 30-talet.

Det var akkurat då sandkornet smatt innunder muslingskalet. I det lykkelige øyeblikket, då folk greidde å dra i lag og dra igang dette uhyret av ein veg på 18,7 mil heilt frå Sandnes til Sand. Med ein totalkalkyle på 5,5 millionar.

På Forsand sat ein framsynt mann. Ein mann med makt og ansvar i sine hender, og ordførar nettopp då: Torgeir Espedal. Han hadde vore i Amerika, Torgeir. Sett den verda som er bortanfor fjella sett ein flik av den nye tida før dei andre! Og så hadde han denne evna berre få er gitt:

Evna til å få folk til å dra i lag. Folk som i grunnen er programforplikta til å vera usamde, klarer å sjå noko dei kan vera samde om. Og dei ser det på ein gong.

Sandkornet kjem inn i muslingen! I 1933 startar 25 mann frå Stavanger på vegen i Bjørheimsbygda og på papiret står det: for første gong: Ryfylkevegen.

Og smerter skal det så visst bli nok av til å skapa denne perla! Vegen skal gå frå A til Å, men mellom dei punkta er det eit langt alfabet. Alle veglause gardar og grender visste at det var nå eller aldri.

Og så klaskar bymakta neven i bordet: «Det er all mulig grunn for Stavanger til her å gripe aktivt inn, for å gjøre sjøforbindelsen nordover så effektiv som mulig og til å sikre seg at Ryfylkeveien med sine fangarmer, fører trafikken til Stavanger og ikke bort fra eller forbi byen.»

Dette blei sagt for 80 år sidan, men somme ting går aldri ut på dato, som akkurat dette: Byviljen og bymakta vil alltid vera sterk! Dette var ein bukk det ikkje nytta å hoppa over! Dette var ein bukk ein fint måtte hoppa i lag med. Akkurat nå, når Stavanger kjem med på laget, aukar løyvingane til vegen og dermed framdrifta.

Og den som er stor, kan stilla store krav. Og det gjorde Stavanger den gongen: «Nødsmidlene»v frå staten skal arbeidsledige frå Stavanger ha førsteretten til!

To fjordar var det uråd å smøya seg framom: Høgsfjorden og Jøsenfjorden. Her måtte det ferjer til. Men det var lang veg fram til ferja kunna lenda i ei stø. Skulle dei velja kortaste veg over fjorden Eller den kortaste vegen til ferjestøa, og frå ferjestøa vidare? Det badla seg til som den gordiske knuten mang ein gong. Og berre ei fast og godt ankra avgjerd kunne løysa problemet. Var avgjerda vaklande, blussa striden opp att.

Klart det var smerter! Når eit val blei tatt, og eit JA blei lagt på vektskåla, skulle det vega opp imot alle dei NEI, som måtte tolast, og berast og levast med andre stader. Mang ein ordførar måtte reisa heim med sitt livs tyngste bør: Dei valde ikkje vår veg! At du kunne finna deg i det, sa folk. Me trudde du var sterkare enn som så. Ja vel. Den fekk trening i å bera byrder som ei perla ville skapa.

Høyr, dei skyt på vegen, sa folk. Denne salutten for framtida, lydde i 20 år før målet var i sikte. Så begynte ryktet å spreia seg: Dei har visst bestilt ferjer.

Veit de kor mange bilar dei skal ta? 12 på Høgsfjordferja, og 20 på Jøsenfjorden. Dei må vera galne!! Kor tenkjer dei desse bilane skal koma ifrå?

Aldri har prognosar slått så feil som her. Og ordet «ferjekø» glei inn i vokabularet i Ryfylke på ei helg. Klokka halv to om natta kom dei siste bilane over Høgsfjorden ein søndag i juni 1962. Ei uforgløymeleg natt for alle involverte. fleire skulle det bli.

Og spør du koss den nye tida kom til Ryfylke så er svaret: Ho kom med ferja! Så har femti år gått sidan opninga av Ryfylkevegen  2. sept. 1965.

Mon det blei eit tidsskifte? Eg vil sitera ein av dei gamle hovdingane, kloke Karl Helgeland frå Erfjord, og første ordførar i nye Suldal kommune i 1965. Han fekk spørsmålet ein del år etter, om Ryfylkevegen hadde svart til forventningane. Det er ikkje lett å svara på, sa han, for me veit ikkje koss det hadde gått utan vegen.

Kjelde: «Ryfylkevegen» av Njål Tjeltveit.  ■

Tilbake til toppen